Få bøker har fått tydelegare fram konsekvensane av å vere ein fritt tenkande forfattar i eit autoritært regime, enn det Ahmet Altan klarar med boka Eg får aldri sjå verda igjen. Boka er sterk, både litterært og politisk.

Omstridt helt

Ahmet Altan er kjend for mange, som den berømte tyrkiske journalisten og forfattaren han er. Bøkene hans er omsett til ei rekke språk og lesen over heile verda. I Tyrkia er Altan kjend som ei sterk stemme i opposisjon til det styrande AKP-partiet til president Recep Tayyip Erdogan. Han har mellom anna engasjert seg sterkt i kampen til mange av landets minoritetar, som kurdarane og armenarane.

Men kor vidt Altan er ein helt, er omstridt. Bergens Tidende skreiv denne veka om at Altan bidrog til å styrke Erdogan gjennom å kome med falske kuppskuldingar mot grupperingar i militæret. Dette skjedde den tida Altan var redaktør for avisa Taraf. Dei militære vart sette i fengsel, men bevisa mot dei var falske.

Dette står det ingenting om i Eg får aldri sjå verda igjen. Men i boka brukar Altan mykje tid på å drøfte livsvalet sitt. Kvifor valde han å skrive fritt i eit land der det er forbunde med ein så stor risiko for at det ville påføre han og hans næraste store problem? Han skriv om far hans, Cetin Altan, som vart dømt hundrevis av gonger for det han skreiv. «Kamplysta ligg nok i røtene mine», reflekterer Altan.

Les alt frå Bøker her

Skjelt ut av Pamuk

Vel eit år etter kuppforsøket i Tyrkia, var eg på researchtur til Istanbul for å jobbe med eit prosjekt. Ein kveld hamna eg i ein samtale med utanlandske og tyrkiske litteraturinteresserte. Plutseleg ser eg at sjølvaste Orhan Pamuk står framfor meg. Eg tok mot til meg, og helste på han. Vi snakka om litteratur, Norge og Tyrkia. Men det tok ikkje mange minutt før samtala utvikla seg i ein lite konstruktiv retning.

Som politikar og menneskerettsaktivist var eg interessert i å høyre Pamuk sine refleksjonar om den politiske situasjonen i Tyrkia, så eg spurte han: «Korleis er det å vere forfattar i Tyrkia no, med alt det som skjer?»

Eg kunne sjå på ansiktet hans at spørsmålet falt han tungt for brystet. Den verbale reaksjonen hans var vel så tydeleg. Han skjelte meg ut etter noter. Ikkje berre var eg frekk og uforskamma nok til å stille «feil spørsmål», men eg hadde heller ikkje «gjort heimeleksa mi». Det siste Nobelprisvinnaren sa til meg før han snudde ryggen til, var at «du gjer meg opprørt».

Den indre kampen

Den gongen forstod eg ikkje kva som skjedde. Men medan eg les Altan forstår eg meir. Eg forstår at spørsmålet mitt på eit vis kanskje rørte ved nokre av dei djupaste vurderingane i Pamuks liv akkurat då. At han kjende frykta på kroppen. At spørsmålet mitt kanskje fekk han til å tenke på dei titals venene han har på innsida av fengselsmurane, forfattarar som ikkje har gjort anna enn å skrive ting styresmaktene ikkje likar.

Nettopp denne indre kampen som kan gå føre seg i ein forfattar i eit så autoritært regime som det tyrkiske, set Altan ord på: «I bryting med identiteten som liker å kjempe, er det ei anna side av meg som liker eit fredsamt liv. Eg nyt jordiske gleder medviten om at livet blir levd éin gong, og legg inga vekt på heltestatus og mot. Eigentleg tenker eg at det er feil av ein forfattar å vise mot.»

Ein av mange

Det er mange vakre og sterke passasjar i den relativt korte boka. Fleire får meg til å tenke tankar eg aldri før har tenkt. Altan skriv nært, detaljrikt og godt om fengselslivet. Om dei ulike skjebnane til dei som sit i den same cella som han. Om angsten, redsla og frykta han kjempar med innanfor murane. Om dei deprimerande tankane han har om at han kanskje aldri vil sleppe ut. Det er nesten umogleg å ikkje la seg røre ved av denne teksten.

Altan skildrar kor lett dei som styrer hans skjebne – dommarar, tilsette i fengselet og andre tenestepersonar – tar på situasjonen hans. Som om dei berre går på jobb og utfører ei heilt normal oppgåve. Korleis dommarane som dømmer han til livstid er mest opptatt av å få unnagjort rettssaka, fordi dei skal rekke 5-bussen heim. Så trivielt for nokon, midt i noko så eksistensielt for andre. Tanken slår deg at Altan berre er ein av mange slike fangar rundt i verda.

Vanskeleg vakkert

Trass den sterke kjensla av håpløyse, viser Altan oss kor grenselaus og fri ein forfattar er, sjølv i ei fengselscelle: «De kan setje meg i fengsel, men de kan ikkje halde meg innesperra. For som alle andre forfattarar kan også eg heksekunsten å vandre gjennom murar».

Kanskje er han ikkje den helten som boka teiknar opp. Og kanskje er det problematisk at Altan skriv så vakkert. Det får meg nesten til å gløyme den umenneskelege behandlinga han blir utsett for.