Anmeldelser

Nytt blikk på Vigeland og Munch

Utstillinga Vigeland+Munch på Munchmuseet viser fram to av våre største kunstnarskap på ein ny og briljant måte. Parallellane mellom dei samtidig kunstnarane er både påfallande og interessante.

Munchmuseet opnar laurdag den tredje av seks «pluss-utstillingar», der Edvard Munchs kunst blir sett i samspel og samanheng med seks andre kunstnarskap.

Den første, med Bjarne Melgaard møtte skarp kritikk. Den andre, med Vincent van Gogh, sørgja for publikumsrekord.

LES ANMELDELSEN AV VAN GOGH+MUNCH: En flamme av en utstilling

Den rekorden kan faktisk bli trua allereie no. Utstillinga Vigeland+Munch er iallfall interessant nok til å kunne trekke store mengder kunstinteresserte til Munchmuseet.

For det er oppsiktvekkande å sjå Gustav Vigelands og Edvard Munchs kunst i samanheng. Dei to kunstnarane er blant våre aller fremste gjennom tidene, og dei levde og verka på same tid.

Seks år skilde dei frå fødselen; Munch var fødd i 1863 og Vigeland i 1869. Eitt år skilde dei då dei gjekk i grava (Vigeland i 1943 og Munch i 1944).

Givande

Vigeland+Munch er den første omfattande fellesutstillinga av dei to sterke kunstnarskapa, og ein kan undre seg over kvifor. Her kjem Munchmuseets pluss-konsept verkeleg til sin rett, slik utstillinga viser oss korleis Munch og Vigeland ­arbeidde med dei same motiva­ og tematikkane omtrent på same tid.

LES ANMELDELSEN AV MELGAARD+MUNCH: Ikke noe pustehull en søndags formiddag

Ta eit så kjent kunstverk som Monolitten, som står i Vigelands-parken og er Noregs turistmål nummer ein. Mindre kjent er Munchs gipsskulptur Menneske­berget, som han laga i perioden 1925-1929.

Allereie i 1897 hadde han teikna motivet med fargestift.

Slektskap

Vigeland utforma skissene til Monolitten i 1919, og laga modellen i leire i 1924/1925. Ein kan altså seie at Munch og Vigeland begge jobba med dette motivet på omtrent same tid.

Det er spennande. Så er det mindre viktig å peike på kven som eventuelt var først.

Det same gjeld for Noregs kanskje mest kjente verk internasjonalt, Munchs Skrik. Munch malte den første versjonen i 1893. Året før hadde Vigeland laga skulpturen Redsel, ein skrikande mannsfigur.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Munchmuseet stiller ikkje ut Skrik-maleriet sitt i denne utstillinga (det er på tur til Van Gogh+ Munch-utstillinga i Amsterdam), berre litografien frå 1895. Det gjer ikkje noko, for poenget er tydeleg nok: Vigeland og Munch stod kvarandre nær motivisk.

Eit anna spørsmål utstillinga­ tematiserer er om dei stod kvarandre nær også i livet. Med ­undertittelen «Bak mytene» forstår vi at Vigeland+Munch pretenderer å gi oss nye innsikter i forholdet mellom dei to kunstnarane.

Mytane i dette tilfellet er vel 1) at Vigeland og Munch ikkje hadde noko forhold til kvarandre, og 2) at dei var bitre fiendar.

Ikkje uvenskap

Ingenting av dette ser ut til å stemme.

Kurator Trine Otte Bak Nielsen har dei beste føresetnader for å lage denne utstillinga, med solid bakgrunn frå Vigelandsmuseet og tidlegare arbeid med Munch. Ho har funne fram dokumentasjon som tilseier at Munch og Vigeland kjente kvarandre ganske godt, og slett ikkje stod i nokon feide med kvarandre. Blant anna budde dei tre månader vegg i vegg i Berlin.

Historiene om uvenskap som følgje av damekrangel er neppe sanne, ettersom verken Munch eller Vigeland skriv eit ord om dette i dagbøkene sine. Derimot føreslo Munch på eit tidspunkt at han og Vigeland skulle lage eit nasjonalmonument saman, til 100-årsjubileet for Grunnlova i 1914.

LES OGSÅ: – Melgaard slår Munch i hjel

Ein annan ting er at Munch blei misunneleg på Vigeland for dei eksklusive avtalen sistnemnte fekk med Oslo kommune, noko som på si side knytte Vigeland tungt til parken i Oslo dei siste 20 åra av kunstarlivet hans.

Munch, derimot, blei ein internasjonalt feira malar.

Briljant

Utstillinga viser elles fram Munchs skulpturkunst, som er lite kjent. Viktigast er likevel lyset dei to kunstnarane kastar over kvarandre gjennom denne utstillinga. Ho er briljant utført, og gir oss ny innsikt i to av våre mest vesentlege kunstnarskap.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser