Giuseppe Verdis opera La Traviata har alle ingrediensar som skal til for å trone øvst på lista over dei mest populære i verda. Det handlar om elskande som ikkje kan få kvarandre, på grunn av samfunnsstand, sjukdom og svik. Operaen inneheld både gambling og duell. Og hovudpersonen Violetta er ein klassisk kombinasjon av hore og madonna, slik vi også finn han i tolkingar av Maria Magdalena i Bibelen, i Sonja hos Dostojevskij (romanen Forbrytelse og straff) og i Julia Roberts' rollefigur i den romantiske komedien Pretty Woman frå 1990.