Det er i år 200 år sidan ein anonym engelsk forfattar gav ut ein roman som sjokkerte si samtid og som framleis kjem ut i nye opplag over heile verda: Frankenstein; or The Modern Prometheus. Mary Shelleys Frankenstein er ein klassikar, og ikkje minst har dei mange filmatiseringane gjort det skremmande monsteret til eit felles referansepunkt på line med den jødiske Golem-skapnaden. I litteraturhistoriske framstillingar blir romanen ofte nemnt som den fyrste science-fiction-romanen eller som den fremste grøssar-romanen. Eg les han som eit visjonært skrift.