Anmeldelser

Mellom makt og rikdom

Den menneskelege makta vert reflektert i dei velkledde, gråhåra ­pelskåpene som har satt seg i benkeradene.

Vårt Land har startet en ny serie med anmeldelser av gudstjenester annenhver mandag. Anmeldelsene skrives under pseudonymet St. Birgitta, pilegrimenes skytshelgen.

Spiret til Uranienborg kyrkje er godt synleg blant hustaka i Oslo sentrum. Det massive bygget ­viser makt og rikdom, nett det du forventar å finne på Frogner.

Når ein trer inn kyrkjeporten, får ein òg denne mektige ­kjensla. Det er bibelforteljingar i dei praktfulle vindaugsmaleria, ei himmelkvelving av dimensjonar og ei altertavle av gullfarga mos­aikk. Hadde det vore ein heim, snakkar me glamorøst harry slik stereotypane er om husa i ­Holmenkollen.

Den menneskelege makta vert reflektert i dei velkledde, gråhåra pelskåpene som har satt seg i benkeradene – som i god luthersk stil er av hardaste tre. Benkane er akkurat så ubehagelige at du må røre litt på beina under kvar salme. Heldigvis har gråtoppane puter. Anna tilrette­legging finst òg, til eksempel rulle­stolrampe opp kyrkje­trappa og eit godt utval salmebøker med stor skrift.

LES MELDINGA FRÅ MISJONSSALEN: «Som å gå attende i tid»

Stille

Slike kyrkjer gir ei god scene til livets store hendingar. Dessutan er det mange tilbod for dei som vil læra, med mog­legheiter for gode teologiske samtaler, ispedd konsertar og familiearrangement. Samtidig er det ingen fare for at kyrkja blir for pågåande med å engasjera, perfekt for den noko reserverte nordmannen.

Kyrkja er godt besøkt, sjølv om snittalderen er rundt 65. Likevel er det lite kommunikasjon mellom oss som kjem, anna enn ein «God søndag!» når salmeboka blir utdelt. Heller ikkje i benke­radene er det mykje samtale. Fleire eldre deler nokon helsings­ord, men elles er det stille.

Musikk i sentrum

På ­slaget 11 kjem dei første orgeltonane. Uranienborg er ei kyrkje med ­musikken i sentrum, som gir gjenklang i det noregskjente ­orgelet. Dei mange konsertreklamane er det første du finn når du søker kyrkjelyden opp på nettet. Elles kan dei skilte med to ulike kor for vaksne og fleire for born, og eit klokkespel som konkurrerer med Oslo rådhus kvar tredje time. All liturgi blir òg sungen, så om Vår Far i tonar er di greie, har Uranienborg tilbodet for deg.

Gudstenesta eg besøker ­følgjer liturgien for gudsteneste med dåp og nattverd, slik den er fastsett av Den norske ­kyrkja – kor Uranienborg er ein av over 1.200 kyrkjelydar. Ein av dei to ­prestane som deltek, Jan ­Oskar Utnem, gjer ein god jobb i å skildre korleis dåpen knyter den døypte til kyrkjas fellesskap. Resten av gudstenesta blir leia av prest Jo Hegle Sjøflot, som med vakker røyst syng seg gjennom alle bønneorda.

Symboltungt

Når preika kjem, er Utnem igjen i aksjon. Med dåp under gudstenesta, og ein tekst frå Markus 1.3-11 har han alle moglegheiter til å presentera ein inngåande forklåring av dåpens løfte og påverknad på liva våre. Presten ­måler eit nydeleg bilete av korleis ­dåpen for ­Jesus var ein måte å bli meir menneskeleg, medan det for menneske er ein måte å bli nærare Gud eller forgylt på.

Preika er djupt teologisk og symbolsk, noko som passar dei med høgare utdanning godt. For dei som ikkje er like godt kjent med abstrakte termar, kan det derimot virke litt lite handfast. Uranienborg kyrkje reflekterer på den måten bydel Frogner, kor ho høyrer til, som ein stad for den urbane øvre middelklassen.

Under nattverda deltek fleire hundre, og det er nesten konkurranse om å vera først til ­altarringen.

Glutenfritt

Så vert utgangsorda levert, og kyrkjekaffien står for tur. Eit svært langbord med over ti sortar kake finst lengst bak i kyrkja. Fordi kaffien vert servert på veg ut er det naturleg for mange å stoppe – så mange at det blir trongt om plassen. Det er satt opp småbord for dei som ønskjer å sitja, og det finst glutenfri bakst. I tillegg finst informasjonsbrosjyrar ved utgongen som du kan fylle den ikkje-kaffi­berande handa med.

Både kyrkjekaffien og dei mange tilboda til Uranienborg reflekterer kritikken mot Den norske kyrkja i dag. Som ny er det ikkje lett å bli møtt, korkje før gudstenesta eller etterpå. Dei einaste som tek kontakt, er dei som på liturgens oppmodning tek meg i handa og seier «Guds fred» i sjølve gudstenesta. For nokon er dette anonymt nok, medan det gjer at andre ikkje kjenner seg sett. Liturgien og preika er basert på at folk kjenner kyrkja og kyrkjespråket. Eit Midtausten-forum og eit dialogforum om alternativ-rørsla er spanande tilbod som utfordrar trua, men dei krev kunnskap som mange unge manglar.

Barne- og ungdomsarbeidet til Uranienborg er derimot for alle – spesielt den kulturinteresserte. Babysang, familiemiddagar, korgrupper og ungdomskveldar er berre eit knippe av moglegheitene. Gjennom barna kan òg dei vaksne lettare finna eit fellesskap i kyrkja.

For den filosofiske

Kva gir så Uranienborg kyrkje deg? Om du er oppteken av dei store spørsmåla og tør å ta initiativ, kan du finna din heim i Uranienborg. Det er ein kyrkjelyd med stor takhøgd. Den klassiske og borgarlege folkekyrkja er godt representert i kyrkjelyden, og trass i at dei fleste vitjande er av den såkalla eldre garde er det absolutt yngre akademikarar med tru du òg kan bli kjent med. Det ber Uranienborg preg av ved å kombinere både det passe tradisjonelle og det radikale på same tid.

religion@vl.no

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser