Musikk

Kolstø treff blink med overskot

Hanne Kolstø og produsent Øyvind Røsrud ­Gundersen har vorte røffare, og enkelte av ­songane, som tek for seg det nære og mellommenneskelege, er meint for eit stort publikum.

Hanne Kolstø frå Sykkylven er i flytsona og gir ut sitt sjuande ­album sidan debuten Riot Break i 2011. I 2016 skifta ho over til norsk, og årets ­album, Fare, er fyrst og fremst eit ­bevis på at ho klarer å omsette eigen rastløyse til eit musikalsk overskot. Saman med produsent ­Øyvind Røsrud Gundersen, som har vore med heile vegen, er Fare ei beatbasert reise som gir kvar melodi nok luft, slik at det sjeldan blir einsformig. Her er det mykje overskot.

Men for å klargjere litt først så vert ordet «Fare» tvitydig når ho syng på sunnmørsdialekt. Fare kan og tyde å reise/stikke, om du er frå nordvestlandet, og musikalsk sett har ho etablert seg slik at ho kan fare både hit og dit, frå plate til plate, frå by til bygd. Ho har fridomen, og tryggleik finn ho no ved å syngje på morsmålet. Og det skulle vel bare mangle, all den tid ho har ei Ivar Aasen byste heime i stova.

Sjangerblanding

Opninga «Veit ikkje, kanskje» startar med ein indie-aktig gitar og sjølv om tittelen sår tvil så er det ein tekst av den audmjuke sorten. Og det blir rett så sakralt når ho dubber seg sjølv med tekstlinja «Ej veit ej ikkje veit alt, men ej veit meir enn før». Så kjem ei openberring av ein song. Spor nummer to, «E vi åleine», opnar med tangentar som legg inn ei bøn om å bli den ultimate livefavoritten med stadion beats. Når refrenget blir krydra med britisk Johnny Marr-gitar så er det bare å gi seg ende over. Måten dei blandar sjanger og tiår på, over heile plata, er ofte treffsikkert og ikkje minst givande å høyre på. Etter å ha gitt ut songane «Is» og «E vi åleine» som singlar, er det «Greinene» som no kjem i samband med plate­slepp, og sjølv om tempoet er middels så er koringa suggerande, og i mangel på ei betre rettesnor, litt Enya-aktig. Teksten er ei draumeverd som beskriv korleis nøklane til einstøingen Kolstø sitt eigentlege liv opnar opp dør etter dør, om vi berre stoppar opp og høyrer etter.

MIN TRO MED HANNE KOLSTØ: En gyllen mulighet

Rastlaus

Tittelsporet «Fare» er nok den mest anonyme innsatsen på plata der produksjonen blir for flat og monoton, og skiljet­ mellom vers og refreng hadde trengt dynamikk. Brua som kjem gjer alt anna enn å løfte opp det vesle som er av melodi. Den står att som ein song Bel Canto ikkje ville ha i 1989. Men la oss ikkje dvele ved slikt og heller fare ­vidare til ei akustisk perle. «For nær» er for så vidt også monoton, men melodien og teksten kler kvarandre skikkelig bra og den sper på med ein saksofonsolo som løftar det heile inn i noko uventa.

«Ikkje kom for nær» syng ho til slutt og endar opp i songen «Ikkje rør» som byrjar med tekstlinjene «Kan vi prøve litt avstand, men at du e her og ser på mej. Det er den måten du e på, som kler mej ­naken, ej lika det». Om ein prøver­ å få noko meining utav Kolstø sitt kjærleiksliv gjennom Fare så er det vanskeleg å finne ein raud tråd. Ho gjer inntrykk av å vere like rastlaus der som i musikken, og ho seier sjølv at ho ofte får ei kjensle av å stikke av frå alt, men samstundes er ho realistisk og veit at ­«dagar blir til år» slik ho syng i «Is». Det var den fyrste singelen, og starten kan minne om Eva Weel Skram, men ­sykkjylvsdialekta tek ­songen heim i refrenget.

LES OGSÅ: Gode grunner til å fortsette å klappe frem unge norske artister

Stødig beat

Det er interessant at Kolstø og produsent Gundersen held fram med å pushe kvar­andre og at dei er så produktive med kvalitetsplater kvart år er inspirerande. I studioet deira heng ein plakat med setninga «Alt blir riktig» og på siste songen «Gøyme og leite» så er dei modige nok til å fullføre denne­ tanken slik at dei finn sitt eige. Slutten er pompøs og nedpå­ samstundes og saksofonen­ tek av, medan beaten held seg ­stødig heilt inn i neste plate. Det er berre­ å glede seg til 2019. Hanne­ Kolstø er av den interessante sorten.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk