Film

Ikkje heilt høvding

John Carew prøver seg på ein «Vinnie Jones» og går frå fotballen til filmen. Høvdinger har ein del gode idear, men taper på dårleg dialog og stereotype skildringar.

I utgangspunktet har eg ein god porsjon sympati for lågbudsjettfilmar. Det er ikkje spesielt lett å lage spelefilm i Noreg, og nesten alle prosjekt kostar skjorta. Den norsk-kurdiske regissøren Irasj Asanti er ein av dei som prøver seg, og i første omgang har han og distributøren Europafilm lukkast med å få filmen sett opp på 40 av dei største kinoane i Noreg. Det er ikkje verst.

Interessa har nok blant anna å gjere med John Carews rolle i filmen. Den kjente fotballspelaren spelar rolla som ein russisk narkobaron. Igor er både triggerhappy og glad i å plystre, eit trekk vi kjenner frå klassiske filmar som Scarface (originalen frå 1932) og nyare filmar som Quentin Tarantinos Kill Bill.

LES INTERVJU MED REGISSØREN: Debuterer med Carew som narkobaron

Stolt tradisjon

John Carew­ skriv seg altså inn i ein stolt filmtradisjon. Samtidig skriv han seg inn i ein annan og nokså spesiell tradisjon av fotballspelarar som har gått til filmen. Wimbledon-legenda­ Vinnie Jones er den definitive stjerna i denne kategorien. Gjennom heile 1990-talet spelte Jones­ med hjartet utanpå skjorta, ga alt i sklitaklingar og blødde for laget sitt. Så brakdebuterte han på kinolerretet med Lock, Stock and Two Smoking Barrels i 1998.

Dessverre blir det ingen brakdebut for John Carew. Rolla hans er dessverre råka av det same symptomet som resten av filmen – dårleg dialog og stereotype figurar.

Tidvis høyrest dialogen i Høvdinger ut som ein gangstervariant av Wam og Vennerøds klassikarar. Og persongalleriet blir eit galleri av sjablongar. Der filmen evnar å overraske oss, gjer han det på ein nærmast komisk måte.

Elles følgjer Asanti velkjent mafiaoppskrift. Han lagar eit univers av Oslos underverd der albansk og russisk mafia­ står mot kvarandre. Dette var tematikken­ også i Asantis kortfilm Uventet, som kom for nokre­ år sidan. Også der blir ein mann kontakta av mafiaen med krav om å betale gjelda etter­ ein bror.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Sympatisk

Anderz Eide spelar hovudrolla som Morten, den på mange måtar sympatiske mannen som kjem ut av fengsel og hamnar i umiddelbart klammeri med den russiske og albanske mafiaen. Irasj Asanti spelar sjølv bestekameraten hans, Ali, ein fyr som kan minne om karakteren Loke frå norrøn mytologi.

Eg har ikkje lyst til å sable ned filmen, for det ligg mykje engasjement og hjarte­ bak dette prosjektet. Sjølv om Høvdinger ikkje står fjellstøtt, legg eg merke til at Asanti­ har fått til mykje med svært avgrensa midlar. Det lovar godt for den vidare karrieren.

Så får vi sjå kva slags filmroller­ John Carew får etter dette. Førebels blir han takla hardt av Vinnie Jones.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film