Film

I kvalfiskens buk

Kampen mot naturen har sjeldan vore meir nervepirrande enn i den sanne historia som danna bakgrunn for romanen Moby Dick.

To menn i ein liten båt. Eit monster i havdjupet under dei. Slik høyrest det ut på baksida av den norske boka som har blitt skrytt opp i skyene av norske kritikarar i haust, Morten Strøksnes' Havboka.

Det same kan seiast om dei to mennene som drog ut på kvalfangst ein gong på første halvdel av 1800-talet. Kaptein George Pollard (Benjamin Walker) og førstestyrmann Owen Chase (Chris Hemsworth) om bord i skuta Essex kom nemleg ut for ein av dei farlegaste kvalane verda har sett. Den monstrøse kvalen angreip skuta og senka henne, ei historie som seinare skulle inspirere forfattaren Herman Melville til å skrive klassikaren Moby Dick.

Randa av samanbrot

Regissør Ron Howard er tidlegare kjent for ei rekke store filmar, ikkje minst Et vakkert sinn (2001), som han vann to Oscar-statuettar for (både beste film og beste regi), Apollo 13 (1995), Da Vinci-koden (2006) og Frost/Nixon (2008). Som i den sistnemnte konsentrer han seg også denne gongen om to menn som står mot kvarandre: kaptein Pollard og førstestyrmann Chase kranglar som eit ektepar på randa av samanbrot.

Filmen er mektig i all si havsens velde, og får i endå større grad enn den norske spelefilmen Kon-Tiki (2012) fram desperasjonen som kan oppstå til havs. Det er ingen løyndom at mannskapet på Essex blir nøydde til å klare seg i småbåtar med minimal rasjon etter at fangstskuta deira går ned. Ikkje alle klarer det, heller. Og dei gjenlevande blir stilte overfor nokre nesten utenkelege moralske val.

LES OGSÅ: Vil utdanne norske imamer

Bibelsk

Gudstrua er nærverande i denne filmen, sjølv om ho ikkje ser ut til å hjelpe særleg mykje. I staden er det som om Gud viser si makt gjennom dyra i havdjupet, noko som minner meg om Jobs bok i Bibelen.

Ei anna bibelsk bok som det er nærliggande å tenke på, er profeten Jona – som ifølgje bibelteksten rømte frå Guds oppdrag og blei slukt av ein stor fisk. Sjølv om kvalen er eit pattedyr, ikkje ein fisk, har eg nok mange med meg når eg tenker på den store fisken som nettopp ein kval. I In the heart of the sea skal det også bli nødvendig å trenge inn i kvalfiskens indre, for å hente ut «gullet» som ligg gøymt der inne. Men det er andre redslar som er større enn dei klaustrofobiske.

LES OGSÅ: Star Wars med ny kvinnelig, helt

Mange lag

Owen Chase og George Pollard er nemnt, men filmen gir også god plass til to andre menn, nemleg forfattaren Herman Melville og mannen som var berre 14 år då han reiste ut med Essex, Thomas Nickerson. Det er Nickerson som under sterk tvil fortel historia si til Melville – han har aldri tidlegare fortalt om dei grufulle hendingane til ei levande sjel. Dette metaperspektivet, i tillegg til at vi er vitne til researchfasen for ein svært kjent roman, gjer at filmen har mange interessante lag. Først og fremst er han likevel ei spennande historie frå havet, med nokre store eksistensielle utfordringar.

In the heart of the sea er spekka med ord og uttrykk som vil glede segleentusiastar. Men sjølv for dei som aldri har vore ute i seglbåt, er dette ein film det er vel verdt å få med seg.

Kampen mot naturen har sjeldan vore meir nervepirrande enn dette.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film