Teater

Hyperaktuelt og morosamt

God vilje og sprutande energi ber framsyninga Påfuglen på Det Norske Teatret.

Vi har alle sett kvinna som sit med koppen sin framfor Kiwi. No er ho blitt påfugl og har ­hovudrolla i ein musikal mellom andre fuglar på teater. Midt inn i kvardagen vår går dette stykket. Tyra Tønnessen og Jovan Pavlovic har skrive ei humoristisk forteljing ut frå den dramatiske situasjonen vi har i verda: Ei gruppe menneske som har alt og meir enn dei treng, og andre som knapt har så dei bergar livet.

Sjølv flyktning

Det var Pavlovic som tok initiativ til å lage denne­ musikalen. Han er sjølv flyktning, og var jugoslaviameister­ i trekkspel då han kom til Trondheim, der han vart ­musikar i Trøndelag Teater. Stykket hadde urpremiere der i fjor. Det var sigøynarinspirert musikk og stor jubel.

Satire

I salen på Det Norske Teatret sit det minst like mange born som vaksne. Det er bra, for dette er ei framsyning som vender seg til folk i fleire aldrar. Her er satire over samfunnsordningar og kjende utfordringar i ­arbeidslivet som vaksne vil kunne­ ta til seg, og artig humor for dei yngre, inklusive prompe­humor. Men det meste er faktisk slik at det appellerer til både born og vaksne. Born har med sin innebygde motstand mot alt som er urettferdig, eit viktig korrektiv å koma med til ordningar vaksne har vant seg til.

Handlinga

Stutt fortald er det slik at Påfuglen reiser frå dei to borna sine i fuglelandet, for å freista å skaffe dei pengar til å kjøpe hus og mat. Ho dreg til hundelandet, der folk har så mykje mat at dei kastar halvparten, og dei har to hus: eit som dei brukar om sommaren, og eit til vinterbruk! Medan ho er borte, må borna klare seg som best dei kan åleine, og sjølv frys ho på seg ålvårleg sjukdom i hundelandet. Men med hjelp av Kvalp og faren Labrador ordnar det meste seg.

Framsyninga er ei fantastisk blanding av hard realisme og sprelsk humor. Ho speglar på fornøyeleg vis våre ulike haldningar til kvinna som sit med koppen.

LES OGSÅ: Slik er teaterversjonen av Knausgårds Min kamp

Fornøyeleg

Sume går rett forbi utan å anse henne, nokon er fulle av forakt, og andre­ kjem i kvaler­ i direkte møte med den reine nauda.­ Det strengt regulerte­ livet i hundelandet får også eit kritisk lys på seg, likeins maktforholda i fuglelandet og utfordringane med å hjelpe.

Samla sett er det imponerande kor mange aktuelle etiske utfordringar dei har fått med i denne framsyninga – utan at det verkar påtrengande peikefingeraktig. Humor og god musikk er løysinga. Ei viktig rolle spelar ­Renate Reinsve som Kvalp. Ho er grensesprengande hjartevarm og naiv.

Her og no

Fire musikarar frå fuglelandet er høgst levande­ til stades på scena og gjer sitt for at denne musikalen er så ­engasjerande.

Det går i sigøynartemperament – livet er her og no. Lat oss danse og vera glade! Eller eventuelt synge sorga ut! Skodespelarane gav alt, men lyden ut i salen var for hard, så det som skulle vore kraftfullt, blei skrikete.

Teksten var òg iblant vanskeleg å få med seg. Det kan ha samband med at det blei spela på ulike målføre. Noko var på firkanta nynorsk, anna på ulike dialektar og noko var korkje fugl eller hund. Då blir det krevande å stilla inn øyro, og når det blir sunge og tala i lag med mykje annan lyd, druknar ein del i grauten.

LES OGSÅ: Draum om høsten er vart, vakkert og vondt

Vellukka

Når dette er ein vellukka familiemusikal, er det fordi han er underhaldande,­ dei etiske problemstillingane som blir tekne opp er hyperaktuelle, og den intelligente måten det er gjort på her, gjer dei lette å snakke vidare om for både vaksne og born. Kan hende blir det mogleg å få til endringar som kan gjera verda litt mindre­ urettferdig.

Les mer om mer disse temaene:

Marianne Lystrup

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Teater