Film

Frelse og fornekting

Martin Scorseses nye spelefilm Silence er eit meisterverk om religiøs tru. Bibelens Jesus Kristus står i sentrum for ei historie som er både tankevekkande, grufull og ulideleg spennande.

Han var forakta, forlaten av menneske, ein mann av smerte, kjend med sjukdom, ein dei løyner andletet for. Han var forakta, vi rekna han ikkje for noko. Sanneleg, våre sjukdomar tok han, vår smerte bar han. Vi tenkte: Han er ramma, slegen av Gud og plaga. Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte. (Jes 53,3-5)

Sjeldan har eg sett ein film som får meg til å tenke så mykje på Bibelen. Martin Scorseses filmatisering av den japanske forfattaren Shûsaku Endôs roman Taus himmel (Silence) går til djupet av dei store og vanskelege spørsmåla: Kan ein ivareta si kristne tru ved å fornekte denne? Er det rett å fornedre Jesus for å berge livet til eit anna menneske?

«Du vil gje livet for meg? Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Hanen kjem ikkje til å gala før du har fornekta meg tre gonger,» sa Jesus til læresveinen Simon Peter i Johannesevangeliet. Vi hugsar korleis det gjekk: Peter fornekta eit kvart kjennskap til mannen han hadde følgd i tjukt og tynt. Evangelisten Matteus fortel at han banna og sverja. Så gol hanen, og Peter gjekk ut og gret sårt.

LES NOTTO THELLES ESSAY: Shûsaku Endôs visjon av Kristus er en kjærlighet som elsker mennesket i dets dypeste fornedrelse.

Jakt på kristne

Silence opererer i spennet mellom Peters fornekting og den lidande Kristus-figuren vi kan lese ut av Jesaja-boka. Handlinga i filmen er lagt til Japan på 1600-talet, i ei tid då japanske styresmakter gjekk offensivt og aggressivt til verks for å knekke den blomstrande kristendommen i landet. Hit reiser to portugisiske jesuittprestar, Sebastião Rodrigues (Andrew Garfield) og Francisco Garupe (Adam Driver), for å finne ut kva som har skjedd med den gamle læremeisteren deira, fader Ferreira (Liam Neeson).

Det historiske bakteppet er både reelt og grufullt nok: Sidan grunnleggaren av den katolske jesuittordenen, Fransisco Xavier, først kom til landet i 1549, var dei kristne blitt fleire og fleire – ein gryande maktfaktor. Etter kvart byrja dei japanske styremaktene å slå ned på både misjonsverksemda og utøving av kristen tru. Eit opprør blei slått knallhardt tilbake, med titusenvis av drepne. Kristne blei heretter forfølgd og torturtert på alle verste vis. Målet for dei japanske styresmaktene var i lang tid framover å tvinge alle kristne til fråfall. Ved å trakka og spytte på grovskorne Jesus-bilete, såkalla fumiar, skulle dei avsverje den kristne trua.

Tortur

Dette trugselbiletet møter dei to jesuittprestane som blir smugla inn i Japan på ein båt frå Macau, med den upålitelege japanaren Kichijiro (Yôsuke Kubozuka) som guide. Dei kjem i land ved landsbyen Tomogi i nærleiken av Nagasaki, der det viser seg å bu kristne som løyner trua si for styresmaktene. Tida med glede over å finne levande japanske kristne – og for desse sin del å endeleg ha fått prestar til å dele ut sakramenta – blir avløyst av fryktelege torturscener når den japanske «inkvisitoren» Inoue (Issey Ogata) kjem til landsbyen. Blant anna må somme av dei kristne lide døden av utmatting, bundne til ein påle i vasskanten. Dei to prestane må sjølve flykte for å berge livet.

Idékamp

Det finst ein idékamp av dimensjonar i filmen vidare. Står martyriet som noko gloriøst i kristendommen, eller kan kristen tru også fullendast i svakheit? Den nemnte Kichijiro er blant dei verkeleg svake – han blir skildra som ein ynkeleg og prinsipplaus feiging, som utan å mukke trakkar på biletet av Jesus for å berge livet. Han står milevis unna idealet om det trufaste gudsvitnet, slik til dømes Daniel blir skildra i bibelboka med same namn: Daniel fornekta ikkje sin Gud for å sleppe unna løvehula.

Jesus seier i Matteusevangeliet at «den som fornektar meg for menneska, skal eg òg fornekta for Far min i himmelen». Men det gode og utfordrande spørsmålet som Silence stiller, er om det samtidig kan tenkast at fornektinga er det mest «kristelege» når liv kan reddast. Kan Gud i det heile svare på eit slikt spørsmål? Eller er det tyst?

LES OGSÅ: Regissør Martin Scorsese kommer med ny film, Silence, som handler om jesuitt-misjonærer i Japan på 1600-tallet.

Forfølgde kristne

Forfølging av kristne er ein tematikk som går heilt attende til Jesu tid, og som framleis går føre seg i ei rekke land i verda. Det er likevel sjeldan at tematikken blir løfta opp på det store lerretet av ein så anerkjent regissør som Martin Scorsese. Han er ein av dei heilt store i amerikansk filmindustri, med tallause triumfar sidan gjennombrotet på starten av 1970-talet: Taxi Driver (1976), Raging Bull (1980) og dei nyare Gangs of New York (2002), The Aviator (2004) og The Departed (2006) er berre nokre av desse. Scorsese har også tidlegare vore oppteken av eksistensielle spørsmål, blant anna med den kontroversielle Jesu siste fristelse (1988).

Silence står fram som ein av dei beste filmane hans, trass ein lang og kronglete skapingsprosess, og trass manglande Oscar-nominasjonar. Berre fotograferinga, som er glitrande, var Oscar-nominert denne gongen. Men det eksistensielle innhaldet har vel knapt vore løfta høgare hos Scorsese. Dette er ein film for alle som likar religiøs tyngde. Bibelens Jesus Kristus står i sentrum for ei historie som er både tankevekkande, grufull og ulideleg spennande.

Guds tenar

Andrew Garfield, som nyleg var å sjå som engasjert kristen sanitetssoldat i Mel Gibsons Hacksaw Ridge, gjer ei ny god rolle som Guds tenar. Adam Driver og Liam Neeson har mindre roller, dette er først og fremst Garfields film.

Kor langt er presten villig til å gå for å følgje kallet sitt? Og maktar han eigentleg å følgje det? Silence stiller spørsmål som er verdig eit meisterverk.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Film