Ein Jesus-injisert filmklassikar

Nyversjonen av Ben-Hur er pumpa opp for den kristne marknaden. Mykje går godt, mykje går gale.

Kappløpet mellom Judah Ben-Hur (Jack Huston, biletet) og adoptivbroren Messala er ein klassikar frå filmhistoria. Nyinnspelinga av Ben-Hur får neppe klassikarstatus, men er betre enn sitt rykte, meiner vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Skal vi tru amerikanske filmkritikarar, er regissør Timur Bekmambetovs nyinnspeling av Ben-Hur noko av det største mølet som er blitt vist på eit kvitt lerret. Filmen er dømd nord og ned av eit så godt som samla kritikar­korps. Det same kjem sikkert til å skje her heime. Og er det ikkje eit heilagbrot å lage ein ny versjon av ein klassikar som framleis er så sjåverdig – den ellevedobbelte Oscar-vinnaren frå 1959?

Kanskje er det stabukken i meg som brekar, men det finst faktisk mykje godt å seie om nye Ben-Hur. Filmen bør neppe­ kritiserast for å vere ein «remake», ettersom det er laga ei rekke filmar og TV-seriar basert på Lew Wallaces roman frå 1880. Heller ikkje 1959-produksjonen var den første.

LES OGSÅ: Hit reiser syke for å dø

Powered by Labrador CMS