Anmeldelser

Himmelsk møte på Kjerringøy

Carola er første artist ut i den nye sesongen av «Hver gang vi møtes» på TV 2. Det er berre å takke Gud og alle andre involverte.

---

TV-PROGRAM

Hver gang vi møtes

Premiere 1. januar kl. 20 på TV 2 Direkte. Tilgjengeleg på TV 2 Play frå morgonen av.

Carola er hovudgjest i det første programmet

---

«Hver gang vi møtes» er eit glitrande konsept. Der mange musikkprogram på fjernsyn handlar om at folk ryk ut etter kvart, står alle att som vinnarar etter nye møte på Kjerringøy. Dyktige artistar møtest for å lytte til kvarandre, snakke med kvarandre, tolke kvarandre og løfte kvarandre. Og vi som sjåarar får vere med på alt saman. Rett så ofte kjenner eg meg løfta sjølv.

Det første programmet i år er med Carola Häggkvist som hovudgjest, og maken til sesongstart har vel programkonseptet knappast hatt. «Endeleg! Som eg har sett fram til dette!» seier Carola. Vi òg. Carola er som skapt for slike møter, med si mangslungne livshistorie, si kristne livshaldning og sin varme måte å sjå andre menneske på.

Før eg seier meir om Carola, må eg seie litt om artistane ho møter i programmet. For det er nettopp dette som er gullet i «Hver gang vi møtes»: den sterke dynamikken som oppstår mellom menneske som kvar for seg er einarar på feltet sitt. Her smeltar eit kvart tilløp til sjølvopptattheit bort, til fordel for eit sterkt ønske om å sjå, inkludere og hylle kvarandre.

Her smeltar eit kvart tilløp til sjølvopptattheit bort, til fordel for eit sterkt ønske om å sjå, inkludere og hylle kvarandre.

—  Alf Kjetil Walgermo, om Hver gang vi møtes

Osar av kvalitet

For jammen er også resten av gjengen på Kjerringøy, der programmet blir spelt inn, folk eg har lyst til å komme meir under huda på. Frå det lågmælte popgeniet Thomas Dybdahl til det sprudlande låtskrivarfenomenet Ina Wroldsen osar «Hver gang vi møtes»-gjengen av kvalitet. Her møter vi såpass ulike artistar som Stein Torleif Bjella, Jonas Benyoub og Kjartan Lauritzen, utan at det kjennest pussig på ein flekk.

Særleg fint er det at gullstrupa og multitalentet Astrid Smeplass er med, som i jula har fjetra mange av oss med si strålande tolking av Askepott i filmen Tre nøtter til Askepott. Eg gler meg spesielt til ho skal vere hovudgjest. I tillegg til å vere ein superdyktig skodespelar og artist, har ho ein personlegdom det er lett å bli glad i. Noko ho har til felles med Carola, med andre ord.

Årets gjeng i Hver gang vi møtes

Kristne kan lære av Carola

For det er Carola som er midtpunktet i første program, ei rolle den svenske poplegenda kler på sitt varme og naturlege vis. Med i bagasjen, som består av ti store koffertar og nokre små, har ho også si kristne tru, som med all ære til TV 2 ikkje blir gøymt bort i eit program som når ut til eit stort publikum. Frå starten av er Carola tydeleg på kor viktig kyrkja og den kristne trua er for henne, og ho snakkar frimodig om korleis ho begynte å tru på Jesus som ungdom. For henne er trua navet i hjartet.

Kristne over heile verda kan lære av Carolas frimot. Ho set ikkje lyset sitt under ei skjeppe, for å seie det slik. Og samtidig blir ho heller ikkje påtrengande. Ho snakkar om den kristne trua på ein måte som gjer at også dei ikkje-truande og annleistruande opplever det som godt.

Tok gjengen med i kyrkja

Eit av fleire høgdepunkt er når Carola tek med heile artistgjengen i den lokale kyrkja på Kjerringøy og får dei til å synge «Amazing Grace». Brått var også artistar som Kjartan Lauritzen og muslimske Jonas Benyoub med i kyrkjekoret, men alt utført på ein møte som sikrar respekt i alle retningar. Alle artistane forstår kor mykje kyrkja betyr for Carola, og dei synest det er fint å følgje henne inn i også denne delen av livet hennar.

Eg må endå ein gong gi velfortent skryt til TV 2 for korleis dei med dette programmet tek kristen tru på alvor og lar Carola snakke ut om dei viktigaste tinga i livet sitt, samtidig som det på ingen måte finst ein undertone av å «jatte med» eller sjå på trua som noko sært og rart. Trua er ein del av livet, rett og slett, slik den unge Carola sa «Jag tackar Gud» då ho vann svenske Melodi Grand Prix med «Främling» i 1983. Og slik ho i «Hver gang vi møtes» snakkar rørande og nært både om trua og om andre sider ved livet sitt, som forholdet til foreldra, til barna sine – Amadeus og Zoe – og meir vanskelege sider som skilsmisse og forhold til menn.

Carola er hovudgjest i Hver gang vi møtes på TV 2

Sterke låttolkingar

Alt dette skjer mellom dei nydelege tolkingane av Carolas låtar, som slett ikkje skal gløymast, men som er blant berebjelkane for menneskemøtet på Kjerringøy. Kjartan Lauritzen, som eigentleg heiter Per Áki Sigurdsson Kvikne, er først ut med ein gåsehudframkallande variant av superhiten «Fångad av en stormvind». Ina Wroldsen framfører ein engelsk og litt mørkare variant av «Främling», med tittelen «Stranger», som vi godt kan komme til å få høyre som duett mellom Carola og Wroldsen om ikkje altfor lenge. Mens Thomas Dybdahl spelar ein rørande versjon av låten «Brand New Heart», som Carola i si tid spelte inn saman med det amerikanske bandet Bee Gees.

For min del likar eg det særs godt når Astrid S ein sjeldan gong syng på norsk, slik ho også gjorde det i låten «Når snøen smelter». Her syng ho ein nydeleg norsk variant av Carola-låten «Det regnar i Stockholm», omskriven til «Det regner i Oslo». Eg håper eg får oppleve eit heilt album med norske tekstar av Astrid S ein gong. Uansett syng ho til sjela her.

Kjensla av det evige

Sterk er også Stein Torleif Bjellas norske versjon «Alt kjem te gå bra, mamma», der Carolas dotter Zoe dukkar opp som duettpartnar og rører Carola til tårer. Når Jonas Benyoub får avslutte med «Evighet», er det nettopp med ei kjensle av det evige programmet tonar ut. Eg dristar meg derfor til å antyde at det kvilte noko himmelsk over programstarten for «Hver gang vi møtes» i år. Så får kvar enkelt tolke det som dei vil.

Carola lar seg ikkje putte ein boks, men synest alltid å ha levd med tanken om at Kristus har frigjort oss, ikkje lagt oss i lenker. Frelse er jo nettopp å bli fri frå banda som held oss fast, ikkje å få kasta på seg eit sett av innskrenkande levemåtar. Dette har Carola forstått. Ho har alltid vore fri og frimodig i seg sjølv, sjølv når ho har fått kritikk både frå kyrkjeleg og verdsleg hald for det. Samtidig er ho blitt elska, og det er liten grunn til å tru at nordmenn vil elske henne mindre etter «Hver gang vi møtes».

Når TV-program fungerer som dette, er formatet på sitt beste. Då blir vi alle litt klokare, og endå litt varmare i hjarterota.

Carola er hovudgjest i Hver gang vi møtes på TV 2
Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Anmeldelser