Margreth Olin er ein av Noregs fremste filmskaparar. Ho har vunne fem Amanda-prisar og to gongar vore Noregs kandidat til Oscar for beste internasjonale langfilm, for Engelen (2009) og Fedrelandet (2023). Engelen var ein spelefilm, men det er dokumentarfilmen som har vore Olins fremste merkevare, med titlar som Kroppen min, Ungdommens råskap, De andre og Mannen fra Snåsa.
---
Roman
Margreth Olin
Song til mor
173 sider, Oktober 2024
---
Når ho no debuterer som romanforfattar, gjer ho det med det dokumentariske i botnen. Den sjølvbiografiske romanen, i sine ulike sjatteringar frå Karl Ove Knausgårds Min kamp til Edvard Hoems ferske Ung mann vil ut, har stått særleg sterkt i norsk samtidslitteratur i seinare tid. Olins Song til mor er også gitt ut som roman, samtidig som boka tar opp i seg både lyrikken og dokumentaren. Dette skaper eit ope rom for forfattaren. Teksten er uansett tett på Olins eige liv og tett på forholdet hennar til foreldra sine. Ikkje minst: Boka er tett på mor.
Uvanleg nært
Det finst mange skildringar av mor-dotter-forhold i den norske litteraturen. Likevel kjennest det uvanleg å lese om ein så nær og varm relasjon som Margreth Olin – eg-personen i romanen – har til mor si, Magnhild. Setningane formeleg lyser av kjærleik. Minnet etter mora får med denne boka ei kunstnarisk handsaming av aller ømmaste format.
«Lisja mi», seier mora, sjølv når Margreth er ei vaksen dame. «Mora mi», seier Margreth attende. Det er verkeleg ein song til mor forfattaren har skrive fram her, med lidenskap og med trådar av sorg.
Margareth Olins mor døydde nemleg rett etter førpremieren på filmen Fedrelandet. Ho deltok på seg festkvelden med utandørsframsyning i Oldedalen. Same natt fall ho om med ei kraftig hjernebløding og blei henta av luftambulanse. Margreth ble med henne i helikopteret, over den same isbreen som stod sentralt i filmen hennar. Kort tid seinare gjekk mora inn i lyset.
Setningane formeleg lyser av kjærleik
— Alf Kjetil Walgermo, om «Song til mor»
Fortel med lys
Lys er ein både enkel og kraftfull metafor i romanteksten. Som filmskapar har Margreth Olin hatt som kunstform å fortelje gjennom lys. Dette tek ho med seg vidare som forfattar. Lyset strålar gjennom teksten både emosjonelt og tematisk, frå Margreths første korte setning som barn, «Lamma lyser», til observasjonen av døden som lyser i mors seng.
Teksten blir såleis også ein medvandrar i transformasjonen av mora som ei lysande kraft i Margreths verd og inn i det ævelege, der alt er lys: «Det er ikkje meir farge att. Det er berre lys no. Det er eit skimrande, gult, sterkt lys som renn gjennom deg, som omsluttar deg. Du er ein stad der det berre er lys. / For meg er du umisteleg, seier eg til deg. Men eg forstår at tida di er komen. / Takk, mamma, seier eg.»
Alvorleg bakteppe
Margreth Olin maktar å skrive både høgstemt og jordnært om familie og dei nære ting. Ho balanserer innimellom på grensa til det sentimentale, men held seg på rett stad. Det alvorlege bakteppet for at ho dreg heim for å lage film om røtene sine kunne også ha gjort teksten mykje mindre neddempa og finslepen enn han verkar no. Mannen hennar får hjerneslag og blir pasient på heiltid, den eldste dottera får hevelse i hjernen, men den yngste dottera får angstanfall. For Olin er det som om tilliten til livet raknar. Dei alvorlege hendingane i livet hennar får henne til å lage seg eit nytt nullpunkt, for å makte å manøvrere vidare på best mogleg måte.
Margreth Olin maktar å skrive både høgstemt og jordnært om familie og dei nære ting.
— Alf Kjetil Walgermo
Heidrar far og mor
«Eg veit ikkje korleis eg skal leve livet lenger, mamma», seier den vaksne dottera som har fått kjenne livsens harde realitetar på kroppen. «Kom heim», seier mora. «Snakk med far din.» Dette er starten for filmen Fedrelandet, som får ein god del plass som rammeforteljing også i romanen. Gjennom filmarbeidet får Olin utforska røtene sine og forholdet til foreldra sine. Eg må innrømme at eg synest det er både rørande og vakkert når eit menneske så utilslørt tilkjennegir sin kjærleik til foreldra sine. Du skal heidre far din og mor di, heiter det i Bibelen. Margreth Olin kunne vel knapt heidra foreldra sine på ein betre måte.
Fruktbart grunnlag
Den store kjærleiken som Margreth Olin sjølv viser foreldra sine, har truleg også henta næring frå kjærleiken mellom mora og faren. Denne syntest i auga på dei, var skussmålet frå Olins farfar. Også omsorga overfor dei andre i slekta, som broren til mora, onkel Reidar med Downs, er av sterk karakter. Det får meg til å tenke at Olins oppvekstmiljø har vore eit fruktbar grunnlag for å synge slike songar som ho har gjort gjennom filmane sine og gjennom debutromanen no. Kjærleiken går fleire vegar.
Song til mor kom ut over to månader sidan, men det er ingen grunn til å la boka bli liggande att i 2024. Kjærleik treng vi alltid å lese om. Det finst mange typar kjærleik her i verda, men blant dei største av dei er kjærleiken til mor.