Anmeldelser

Det norske hus finst ikkje meir

ANMELDELSE: Jan Kjærstad har skrive haustens beste bok om Arbeidarpartiet og vår tid.

Kva skjedde med oss? Frå tid til annan stiller vi sjølv det spørsmålet då vi ser inn i spegelen og stirer i vårt eige ansikt.

Å forsøke på svare på dette store spørsmålet, er ein gjennomgangstone i Jan Kjærstads forfattarskap. Derfor er også hans siste bok, Valgdager, eit nytt slikt spegelbilete. Det er førestillinga om det norske sosialdemokratiet som ser seg i spegelen.

---

Valgdager

Roman

Jan Kjærstad

Valgdager

522 sider, Aschehoug forlag 2024

---

Dersom Jonas Gahr Støre treng lesestoff ein sein kveld etter budsjettforhandlingar i Stortinget, kan han bla opp i Kjærstads bok. Det er ikkje sikkert det vil løfte stemninga, men det vil løfte perspektivet.

Arbeidarpartiet i romanform

Ein liten gut på Youngstorget som i 1959 får ein femøring og ei plomme av landsfaderen Einar Gerhardsen. Der og då får guten openberinga om at han ein dag skal vekse seg stor og rik. Det er historia om denne guten og rikdomen hans som er hovudforteljinga i Valgdager. Men i Kjærstads roman blir dette like mykje ei forteljing om velferdsstaten og sosialdemokratiet, som ei forteljing om ein steinrik einstøing.

Og det må eg skrive, for i ein haust der det meste av ordskiftet har handla om ei sakprosabok med Arbeidarpartiet som hovudtema, var det faktisk frigjerande å kunne lese ei lengre og tyngre analyse av nettopp dette partiet i romanform.

Tviheld på sosialdemokratiet

Historia til hovudpersonen, Einar Z. Olsen, er eigentleg ganske kjedeleg, trass i at den er så ekstraordinær. Olsen er eit menneske som har plassert seg heilt på sida av det norske samfunnet, som ein slags eremitt. Han har avvikande syn på mykje, men held fast på ein medfødd kjærleik til sosialdemokratiet – også lenge etter at han burde ha vald noko anna for si eiga vinning.

Eremitten Olsen er derfor eit godt spegelbilete på Norges posisjon i verda. Annleislandet, så rikt at det ikkje heilt veit kva det skal finne på, men som likevel tviheld på ei sjølvforståing av seg sjølv som eit sosialdemokrati. Sjølv lenge etter at solidaritetstanken er i ferd med å forvitre og marknadstanken et oss opp innvendig, trur vi at vi er ein sosialdemokratisk idyll.

Eit usynleg menneske

Problemet med eremitten Olsen er at det er vanskeleg å identifisere seg med han. Ikkje berre fordi han er så mykje rikare enn dei fleste av oss, men også fordi han ter seg seg så merkeleg. Han er keitete i kvinnerelasjonane sine, brukar formiddagane på å styre ein gigantisk aksjeportefølje, medan han brukar mesteparten av dagane sine på noko han for å mystifisere seg sjølv har vald å kalle «Hovedsysselen», som eigentleg berre går ut på at han går rundt og tenker veldig mykje.

Når rakna det for sosialdemokratiet? Svaret finst ein stad i Kjærstads roman

Olsen er også litt lite menneskeleg. Eit eksempel er at han etter ei skilsmisse forelsker seg i ei eskortepike i luksusklassen. På eit vis blir det den store kjærleiken i Olsens liv, i strid med kva han fortel seg sjølv. Det er noko gnistrande vakkert i denne eigentleg triste og oppstylta relasjonen. Renate, som ho heiter, verkar til å bry seg om Einar Z. Olsen på eit vis ingen andre gjer. Han derimot, verkar til å tru at han og Renate har ein tettare relasjon enn dei eigentleg har. Det er som om han ikkje er tuna inn på dei menneskelege kanalane vi andre er.

Kanskje er det eit interessant litterært grep, slik Kjærstad påstår når han skriv at Einar Z. Olsen er eit eksemplar av «arten Homo ascondicus, en enslig ny gren av Homo sapiens: et menneske som knapt var synlig». Ja, nokre menneske er kanskje meir usynlege, men verknaden på meg er at karakteren manglar truverd som menneske.

Eit sosialdemokratisk brorskap

Likevel er det driv i fortellinga om Einar Z. Olsen. Mest fordi Kjærstads analyse av utviklinga i det norske samfunnet er tatt så på kornet. Spesielt fangar han dette opp i skildringane av venegjengen som samlast til valvake i SMSB – Soria Moria Sosialdemokratiske Brorskap – ei gruppe dei starta på gymnaset.

Her møter vi karakterar som Sixten, som utdannar seg til å bli teolog og ein progressiv prest i den norske kyrkja, og som har ord av ambolt i munnen. Boris, den friare kunstnarsjela som kjem ut av skapet, flakkar om og møter ei trist skjebne. Torvald, rikmannssonen frå Grefsen som blir forretningsadvokat og som også vel sosialdemokratiet trass i status og eigenvinning.

Heile vegen venta eg på vendepunktet der i det minste Toralv skulle falle i freisting og byrje å stemme Høgre.

Når dette vendepunktet ikkje kjem, verker det ein smule innbitt og to hakk for idealistisk når alle desse held fast på Arbeidarpartiet heilt fram til det sørgelege sluttpunktet i 2017-valet. I verkelegheita var Erna Solbergs store suksess at ho klarte å omvende mange av desse rotfesta sosialdemokratane til å bli høgrefolk, ganske enkelt fordi ho appellerte til lommeboka deira. Eg skulle ønskt at Kjærstad også tok med seg dette aspektet inn i romanen, for det er vanskeleg å skjønne utviklinga i sosialdemokratiet utan å forstå at Arbeiderpartiet har skalla av til høgresida.

Boka Støre bør skaffe seg

Fleire gonger når vi kikkar inn i Kjærstads spegel om kven vi nordmenn har blitt, er det eit syn som framkallar kjensler som melankoli, vemod og sorg. Som presten og venen spør i ei av dei siste scenene i boka, sørpefull for å døyve smertene over at partiet hans tapte valet i 2017: Når rakna det for sosialdemokratiet?

Svaret finst ein stad i Kjærstads roman.

Derfor blir Valgdager både ei skarp analyse, men kanskje også litt vel prega av ønsketenking om nokon som ikkje sviktar sosialdemokratiet. Det gir ikkje mindre grunn til at den verkelege Jonas Gahr Støre bør skaffe seg boka. Kanskje kan han la seg inspirere av Einar Z. Olsen, Toralv, Sixten og Boris.

Norsk historie

Valgdager spinn seg inn i nokre av dei mest ikoniske augneblinkane i norsk historie, akkurat slik Kjærstad har gjort fleire gonger før. Her kan årets roman frå Kjærstad minne ein del om storverket hans frå 2015, Slekters gang, sjølv om dei to bøkene tar for seg historiefortellinga på så ulikt vis at det bør vere god plass til begge i bokhylla. Det er fordi Jan Kjærstad har skrive haustens beste bok om Arbeidarpartiet og vår tid.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

Mer fra: Anmeldelser