Kristen pasifisme frå russisk meister
ANMELDELSE: Tolstoj si framstilling av den kristne trua og understrekinga av at Kristi bod er fascinerande, men også utfordrande.
PASIFIST: – Eg skulle gjerne ha visst meir om korleis denne kristne pasifismen hos Lev Tolstoj blir lese i dag av russiske lesarar, i ein samanheng der landet fører ein brutal krig og mange dissentarar blir dømde og sett i fengsel, skriv Vårt Lands kritikar om den russiske diktarhøvdingen.
Wikimedia/ngolf forlag
Det vesle forlaget Ngolf har nettopp utgitt ei bok som ikkje har vore tilgjengeleg på norsk før: Hva er min tro? av Lev Tolstoj. Boka gir eit spennande innblikk i den store russiske forfattarens intensive arbeid med å lese bibeltekstar og å finne ut kva kristen tru er.
Men sjølv om denne sakprosaboka kastar lys over ulike sider av Tolstojs liv og skjønnlitterære forfattarskap, er det slett ikkje sikkert at det er ei bok nye Tolstoj-lesarar bør starte med.
Boikott av russisk litteratur
Bestill abonnement her
KJØP