Anmeldelser

Den «kvite kristne staten» er eigentleg ein kriminell bande

ANMELDELSE: Trass friske påstandar, eindimensjonale skurkekarakterar og ei trong til forenkling, er Applebaums historie frå verkelegheita god lesing på fleire vis.

Born ser gjerne filmen De utrolige. Det er ein familie av superheltar som prøver å redde verda frå ein skummel bande av superskurkar. Den Pulitzar-vinnande kommentatoren og forfattaren Anne Applebaum meiner superskurkane finst på ekte, og gjer god greie for påstanden i boka Diktatorklubben – autokratene som ønsker å styre verden.

---

CD

Sakprosa

Anne Applebaum

Diktatorklubben – autokratene som ønsker å styre verden

Anne Applebaum

Oversatt av Rune R. Moen

219 sider, Cappelen Damm 2024

---

Sjølv tar Applebaum på seg den raude superheltdrakta, og prøver med pennen å avsløre dei intrikate samanhengane i det kriminelle nettverket ho kallar Diktaturet og co. Medlema er ingen ringare enn namn som Vladimir Putin, Xi Jinping og ayatollaene i Teheran. Dei skjular seg bak ideologiske kamuflasjar, medan dei i realiteten berre er oppteken av ein ting: å bli rikast mogleg på kostnad av sine eigne folk.

Eindimensjonale skurkekarakterar

Derfor er dei også livredd for demokratiet som styreform, fordi det vil eksponere brotsverk av ein storleik verda knapt har sett. Slik lyder Applebaums påstand.

Trass friske påstandar, eindimensjonale skurkekarakterar og ei trong til forenkling, er Applebaums historie frå verkelegheita god lesing på fleire vis.

For korleis skal vi eigentleg forstå karakteren Vladimir Putin? Denne myteomspunne spionen som klatra til topps i Kremls høgaste tårn. Han framstiller seg som redningsmannen for Russlands kaotiske 90-tal. Han har også klart å overtyde konservative og reaksjonære krefter over heile verda om at han leier ein «kvit kristen stat», som er siste skanse i møte med multikulturalisme, woke, kaos og kjønnsforvirring.

Myta om det kristne Russland

Det kunne knapt vore lenger unna verkelegheita, hevdar Applebaum.

Ho viser til at Russland har eit lågt tal kyrkjegjengarar, meir radikal abortlovgjeving enn mange europeiske land og ei multietnisk befolking med fleire millionar muslimske borgarar. Putins vasallstat i staten, Tsjetsjenia, blir til dømes styrt med innslag av sharialovgjeving. Mange stader i Russland blir evangeliske protestantar undertrykt, til fordel for den einerådande russisk-ortodokse kyrkja.

All denne kristen-nasjonalistiske staffasjen er like falsk som Putins løgner om Ukraina, meiner Applebaum. Men dersom Putin ikkje er ein redningsmann, ikkje ein kvit, kristen riddar i skinnande rustning – kva er han då?

Autokrati og kleptokrati går hand i hand

Jo, ifølge Anne Applebaum er han det vi alle no bør vite at han er: ein gjennomkorrupt, hardkokt og organisert kriminell. Saman med den kinesiske, iranske, venezuelanske og ei rekke andre kollegaer er han del av det viktigaste kriminelle nettverket i verda.

Forståinga av dei autoritære rørslene er ikkje ny. Den slår hol på dei såkalla realistane si forståing av verda, som ser Putins Russland frå eit perspektiv av nasjonale interesser. Verda er ikkje ein kamp mellom interessesfærer, men mellom dei som ønsker ei rettferdig verdsorden og dei som ikkje gjer det. Dei såkalte eigeninteressene blir i stor grad ignorert av Putin, hevdar Applebaum, som meiner han nesten utelukkande styrer Russland på ein måte som fyller hans og støttespelarane sine lommebøker. I si fryktlause fortelling, prøver Applebaum å eksponere samanhengane mellom desse kriminelle nettverka.

For kva skulle elles vore grunnen til at det iranske presteregimet skulle støtte Russland militært i Ukraina, om det ikkje fans ein eller annan allianse som bygde på heilt andre ting enn nasjonale interesser og ideologi? Presteregimet har lite til felles med Putins Russland, utover at begge er del av ei kriminell rørsle som bygger pengebingar rundt i verda.

I menneskeretts- og demokratiseringsmiljøa har det dei siste åra vore stadig større fokus på økonomiske forskjellar, kvitvasking og korrupsjon som drivar for diktatur og autoritær utvikling. Det har vi sett i bøkene til folk som Putin-biografien til Aage Borchgrevink og Putin-romanen til Guiliano Da Empoli. Vi har sett det i sakprosalitteraturen om den anti-demokratiske utviklinga i Sentral-Europa. Vi har sett det frå gravejournalistane i Ungarn, som har avdekka dei økonomiske og korrupte banda mellom Orbáns folk og Putins folk. Det er heilt i tråd med Applebaums grunnhypotese.

Det er her, når Applebaum skildrar våre kontinuerlege handtrykk med djevelen, at boka er på sitt beste

Likevel har det knapt fått gjennomslag i den breie offentlegheita. Vi diskuterer framleis kva som eigentleg driv slike som Putin, Xi og ayatollah Khamenei.

Saueflokken har vore naive

Ein klok mann samanlikna ein gong verdas demokrati med ein saueflokk. Alle veit kor enkelt det er for ein ulv å angripe ein saueflokk om han vil. Diktatura er som ulvar. Det er berre å slå til. Applebaum skildrar denne dynamikken på detaljert vis i boka si.

Ja, autokratiet og kleptokratiet går hand i hand. Det som er mindre kjend, er at rett ved sidan av går demokratiet og traskar langs vegen. Ofte ved sidan av. Ofte tett ved. Ta til dømes eigedomsmeklarane i Sussex eller Hampshire som formidlar dyre eigedomar til russiske forretningsfolk. Eller bankfolk som gladeleg tek imot store innskot frå mystiske klientar med diktator-CV. Desse menneska er ofte eigentleg lovlydige borgarar som sjølv bur i demokrati – men som dei bidrar til å undergrave med handlingane sine. Ofte er det ikkje eingong forbode.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) møtte mandag Kinas president, Xi Jinping, i Beijing. Støre er i Folkerepublikken Kina for å markere 70 år med diplomatiske forbindelser med Norge. Foto: Heiko Junge / NTB

Det er her, når Applebaum skildrar våre kontinuerlege handtrykk med djevelen, at boka er på sitt beste.

Boka Diktatorklubben – autokratene som ønsker å styre verden, er ei skremmande og fengslande innføring i kva krefter som prøver å endre vår måte å leve på. Den som les den, kan ikkje lenger vere naiv.


Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Anmeldelser