Anmeldelser

Sterk medisin mot sjølvmedynk

Sjeldan har ei bok fått meg til å le så hjarteleg og rått, som Andrev Waldens hjarteskjerande forteljing om udugelege fedrar, barnemishandling, omsorgssvikt og vald.

Det mest oppsiktsvekkande med Andrev Waldens bok Jævla menn, er kva bok det ikkje er. Det er ikkje ei bok om eit sjølvmedlidande offer som synest synd på seg sjølv for alt det fæle han opplevde som liten. Det er ikkje ei bok om ein gut som fekk barndomen øydelagd av å ha sju pappaer på like mange år. Det er ingen «sjå på meg så fælt eg hadde det»-forteljing.

---

Menn

Roman

Andrev Walden

Jævla menn

Omsett til norsk av Håvard Syvertsen

375 sider, Kagge forlag 2024

---

Valdelege menn

Med elegant språk (som er minst like elegant omsett til norsk av Håvard Syvertsen) skildrar boka oppveksten i Hippie-Sverige i 1980-åra. I starten møter vi sju år gamle Andrev i ei scene der den første av dei sju stefedrane vi møter i boka, slår han. «Jeg burde ikke ha skreket. Flammene spiser skrik. Han husker ikke engang å åpne hånda ordentlig før han slår. (...). Blodet fosser fram fra ansiktet.»

Det kjendest nesten grotesk å le av elendigheita, men Waldens penn gjer det mogleg.

I neste scene vaknar Andrev til ein angrande stefar som seier unnskyld. «Han slo for hardt. Det ble feil. Han var urettferdig, og det ligner ham ikke. ‘Jeg pleier å være rettferdig’, sier han, og det er nok et spørsmål, så jeg nikker, for det er nok svaret.»

Verken oppgjer eller terapi

Seinare møter vi fleire av dei andre mennene som skulle bli mislukka farsfigurar. Fleire av dei er narsissistar med valdelege nevar og kontrollerande kjeft. Fleire av dei har null peiling på barneoppseding. Ein av dei har sex med Waldens mor i senga, medan borna kravlar rundt oppi. «Kjærligheten skal ikke skjules for barna», seier denne.

Slik går det gjennom boka, der guten og søskena må leve med konsekvensane av moras store appetitt på, og elendige val av, menn. Ingen stad fordømmer han desse mennene, eller mora, for det han måtte oppleve. Alt er skildra fordomsfritt, frå ein vaksen mann som heilt openbert eig forteljinga si.

Kanskje var det akkurat derfor Andrev Walden vart i stand til å skrive så stor litteratur.

Epidemien av offermentalitet

Den norske psykiateren Ingvard Wilhelmsen skriv i boka Sjef i eget liv om korleis sjøldmedlidenheit kan bli ei felle for menneske som har opplevd traume. «Å få selvmedlidenhet fra andre kan være godt, og i krisesituasjoner veldig godt. Selvmedlidenhet kan kanskje også i en akuttsituasjon medføre at du faktisk tar imot hjelp og støtte, men i lengden blir den lett klissete, påtrengde og lite konstruktiv».

Wilhelmsens bok vart for første gong utgitt i 2004. Sidan då har berre offermentaliteten spreidd seg som ein epidemi.

Derfor har vi blitt vane med at bøkene om turbulente oppvekstar er fulle av eg-karakterar i full offermodus. I sosiale medium renn det over av det som liknar mest konkurransar om kven som har verst traume og kven som var det største offeret.

Sjå meg, synst synd på meg, plis.

Brukar berre sitt eige namn

Andrev Waldens forteljing er verre enn dei fleste si, men likevel er boka han har skrive ei fantastisk underhaldande bok som løftar lesaren. Sjeldan har eg ledd så hjarteleg og rått – høglydt på kafear, tog og trikk – som då eg las denne sterke forteljinga om udugelege fedrar, omsorgssvikt og vald. Det kjendest nesten grotesk å le av elendet, men Waldens penn gjer det mogleg.

Alle dei udugelege og skadelege fedrane i oppveksten får ikkje eingong eigne namn i boka. Walden kallar dei ting som «Plantemagikeren», «Presten», «Tyven» og «Kunstneren». Faktisk er det ingen andre enn han sjølv som blir presentert med namn. Tydelegare kan ikkje ein mann eige si sterke forteljing.

Før boka startar står teksten «Til mamma. Obs. Ikke passivt-aggressivt». Der, i den setninga, samanfattar Andrev Walden sitt vakre prosjekt.

Les mer om mer disse temaene:

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser