Anmeldelser

Viktig og djupt rørande om muskelsjuk gamer

Dokumentarfilmen «Ibelin» tar eit kraftfullt oppgjer med minst to typar fordommar. Du går ikkje urørt frå denne.

---

FILM

Ibelin

Animasjons- og dokumentarfilm

Regi: Benjamin Ree

Norge 2024

1 time og 43 minutter

Tillatt for alle

---

Den rørande forteljinga om den muskelsjuke gameren Mats «Ibelin» Steen blir formidla på aller beste vis i Benjamin Rees nye dokumentarfilm, Ibelin. Filmen fortel historia om ein gut som var lenka til rullestolen med sjukdomen Duchennes, tilsynelatande utan vener og sosialt liv. Så viste det seg likevel at Steen, eller Ibelin som han kalla seg i den digitale verda, hadde eit rikt og mangfaldig liv på innsida av spelet World of Warcraft. Her hadde han vener, her hadde han ein gjeng, her flørta han med jenter og sprang fritt rundt i skogar og vakre bylandskap kvar einaste dag. Foreldra ante ikkje dimensjonane av nettverket hans. Først då sonen døydde i 2014, begynte mora og faren å forstå rekkevidda av livet den muskelsjuke guten hadde levd på nett.

Filmen som har norsk kinopremiere fredag 8. mars, har allereie fått prisar og mykje merksemd i utlandet, blant anna på Sundance Film Festival i USA. Det er ikkje utan grunn. Filmen har ein sjeldan emosjonell appell, og rører meg tårer utan at han kjennest sentimental.

Filmen har ein sjeldan emosjonell appell, og rører meg tårer utan at han kjennest sentimental

—  Alf Kjetil Walgermo

Imponerande gjenskaping

Teknisk sett kviler filmen på to pilarar. Den eine er videoopptaka som blei gjort av familien gjennom mange år. Den andre er ei imponerande gjenskaping av Ibelins replikkar, kjensler og handlingar i World of Warcraft, rekonstruert med utgangspunkt i eit omfattande spelarkiv. Ree lukkast med å dra oss inn i den muskelsjuke guten si verd på to måtar, både gjennom det autentiske videomaterialet frå oppveksten og det rekonstruerte, men like autentisk livet i spelverda.

Animerte dokumentarfilmar kjenner vi frå tidlegare, frå israelske Waltz with Bashir (2008) til norsk-danske Flukt (2020), men forteljargrepet i Ibelin er særleg effektfullt sett på bakgrunn av tematikken i filmen. Så fort vi blir med Ibelin inn i World of Warcraft, er det som om vi sjølv kjenner på kroppen dei nye moglegheitene han får i livet sitt. Han sit ikkje lenka til rullestolen lenger, han er fri som fuglen i Elwynn Forest. Alt er plutseleg mogleg.

Mats «Ibelin» Steen

Hadde styrke til å hjelpe andre

Ibelin er ein viktig film på fleire måtar. Ikkje berre fortel han ei sterk historie om eit enkeltmenneske som levde eit rikare liv enn familien rundt han var klar over. Han knusar også fleire typar fordommar. Filmen tek eit oppgjer med ein tendens i samfunnet til å undervurdere menneske med funksjonsnedsetting. Mats «Ibelin» Steen satt i rullestol og hadde ein alvorleg muskelsjukdom, men dei kognitive evnene hans var langt framskridne. Han var ein gluping, med vittige replikkar som sat laust i spelsamfunnet. Han hadde også godt utvikla omsorgsevne.

Som det blir sagt i filmen: Sjølv med store private utfordringar, hadde han styrke til å vere der for andre. Det var etter kvart mange som fekk hjelp til å meistre sin eigen kvardag gjennom Ibelins ord og handlingar i World of Warcraft.

Vennegjengen til Mats «Ibelin» Steen i Starlight (World of Warcraft).

Ein ressurs, ikkje eit problem

Mats «Ibelen» Steen var altså ein ressurs, ikkje eit problem, som ein del funksjonsnedsette menneske kan kjenne seg som i møte med storsamfunnet. Forfattaren Mikkel Øyen, som har cerebral parese og sit i rullestol, sa nyleg følgjande i eit intervju med Vårt Land: «Eg føler meg ofte som eit økonomisk problem, eit praktisk problem eller ein pasient.» Øyen meinte at verdigheita og menneskeverdet til funksjonshemma menneske i Noreg er trua.

Ibelin er ein film som løftar verdigheita og er ein siger for menneskeverdet. Benjamin Ree har gjort dette tidlegare, med Kunstneren og Tyven, som blant anna fekk den økumeniske Andreasprisen i 2020. I den filmen kom vi under huda på ein kriminell rusmisbrukar, som blei rusfri og fekk eit nytt og betre liv etter at han blei besteven med kunstnaren han stal to kunstverk frå. I Ibelin viser Ree fram korleis folk kunne snakke til den muskelsjuke guten i rullestol som om han var tilbakeståande eller mindre oppvakt, men han eigentleg var eit særs oppegåande menneske mentalt sett.

Knuser fordommar mot gaming

Ibelin tek altså eit kraftfullt oppgjer med fordommar mot menneske med funksjonsnedsetting. Ein annan fordom som blir knust i stor skala er fordommane mot dataspel. Relasjonane ein bygger gjennom nettbaserte spel som World of Warcraft kan for mange menneske vere like viktige som andre relasjonar ein har i livet.

Det kan sitte langt inne for enkelte å godta dette, særleg i eit samfunn der skjermen truar med å ta over for mykje av livet vårt. Her gjeld det likevel å tenke fleire tankar samtidig. Det går an å vere imot mobilbruk i skulen og sette grenser for skjermbruk i heimen samtidig som ein anerkjenner digitale fellesskap. Ikkje minst fordi mange, særleg ungdom, brukar omfattande tid på dei. Det er betre å ta fellesskapa på alvor enn berre å avfeie dei med at dei består av menneske ein aldri har møtt fysisk.

For Mats «Ibelin» Steen var det digitale fellesskapet ein essensiell fristad, og ein stad der han utvikla nære relasjonar. Så møtte då også fem medspelarane hans opp i gravferda, heilt fysisk.

Lisette «Rumour» Roovers

Eit viktig referansepunkt

Eg trur at dokumentarfilmen Ibelin vil bli ståande som eit viktig referansepunkt i måten vi snakkar om gaming på, og måten vi snakkar om funksjonsnedsette menneske på. Dette er heller ingen film for «spesielt interesserte». Han siktar breitt og kan sjåast av dei fleste. Ikkje minst bør alle som er opptekne av menneskeverd komme seg på kino og sjå filmen. Eg vågar påstanden at du ikkje går heim urørt.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser