Krig er dumt og fred er bra
I Linn Stalsbergs bok om fred fører ho væpna kamp mot sivile stråmenn.
EINSYNT BOK: Linn Stalsbergs bok ville hatt høgare truverd om den også tok eit sjølvkritisk blikk på fredsrørsla, skriv vår meldar.
Eivind Rutle
Med boka Krig er forakt for liv viserLinn Stalsberg nok ein gong kva for skarp penn ho har. Det manglar ikkje på levande skildringar av krigens skrekk. Sakprosa som klarar å vise – meir enn å fortelje – kva som står på spel, er framifrå sakprosa.
Forfattarens prosjekt er å vise fredens veg, i ei tid der krig trugar. Ho gjer eit realt forsøk på å snakke ærleg om krigens realitetar og lære lesaren opp om pasifismens klokaste hovud og tenkarar gjennom historia. Boka er eit forsøk på folkeopplysing om krig, pasifisme og eit alternativ til dagens sterke militarisering.
På sitt beste klarar Stalsberg å levere eit slikt prosjekt.
Bestill abonnement her
KJØP