Anmeldelser

NRKs julekalender: «Flautt, vanedannande og fellesskapsstyrkande»

Å sjå NRKs julekalender for vaksne er som å vere tilbake på ungdomskveld på bedehuset. Det er flautt, vanedannande og fellesskapsstyrkande.

I desember har ein gjeng med norske kjendisar vore i sving på NRKs 24-stjerners julekalender. Under humoristisk vegleiing av Markus Neby og hans brokete arsenal av innhenta ekspertar er kjendisane blitt testa i ulike oppgåver som kan assosierast med jul. Dei har mellom anna krølla julegåveband, tent flest mogleg lys med éi fyrstikk, prøvd å snike seg stille heim frå julebord og løyst escape room med tematikk frå «Julekveldsvisa» av Alf Prøysen.

Kanskje er det litt flautt å innrømme, men eg er blitt avhengig av å følgje Neby og julestjernene hans gjennom adventa. Advent er jo først og fremst ei tid som peikar fram mot barnet i krubba på julenatta, men ei ørlita sideventing dreier seg også om kven av dei 24 stjernene som blir ståande att og lyse til slutt.

Kanskje er det litt flautt å innrømme, men eg er blitt avhengig av å følgje Neby og julestjernene hans gjennom adventa

---

TV-PROGRAM

  • 24-stjerners julekalender
  • NRK1
  • Programleiar: Markus Neby
  • Med: Ahmed Mamow, Agnete Husebye, Alexander Stöckl, Andreas «Tix» Haukeland, Arin Soltanpanah, Benjamin Baarli Silseth, Bjørn Johann Rief, Carina Dahl, Chand Torsvik, Ellen Horn, Emilie Skolmen, Fanny Odden, Hani Hussein, Henrik Farley, Helle Nordby, Håvard Lilleheie, Jenny Jenssen, Katarina Flatland, John Brungot, Lamin Frank Coker, Magnus Devold, Ole Rolfsrud, Sarah Natasha Melbye og Torjus Tveiten.

---

Den største stjerna

Spørsmålet er for så vidt avklart for lenge sidan, for den mest høgtlysande karakteren i selskapet er Markus Neby sjølv. Den guteaktige sjarmen hans kombinert med den kreativt boblande hjernen og null blygsel for pinlege replikkar og situasjonar, skaper humor på høgste julenivå.

Humor på høgste julenivå

Denne desembermånaden har det forbløffa meg korleis Neby klarer å bruke låge humoristiske innsteg til å løfte stemninga til topps på julebarometeret. Vitsane hans spelar ofte på forventing utan forventingsbrot, med innlagte pausar som leier fram mot det vi alle veit vil komme. Så er likevel den komiske timingen og den innstuderte, men naturlege mimikken hans så god at han kjem heilskinna ifrå det gong på gong.

Gjøgling og ritual

På sitt beste er Neby ei blanding av Trond Kirkvaag og Mr. Bean, med programleiarpondus av Dan Børge Akerø-format. Kalenderen hans er berre tull og gjøgling, alt saman, men har likevel små undertonar av julerituelle linjer og samfunnsrelevans. Vi spelar, syng og tenner lys i juletida. Mens julestress er høgst reelt for mange, nokon får angst av dei høge juleprisane, og nokon faktisk sit åleine i jula.

Dei ulike kalenderoppgåvene rører så vidt ved dei overordna tematikkane, men durar konsekvent av garde på det humoristiske sporet, slik dei færraste ser «Grevinnnen og hovmesteren» for å debattere uvettig omgang med alkohol i juleselskap.

Oppgåvene i 24-stjerners julekalender er så enkle at kven som helst av oss kunne «gjort det betre», og dette forsterkar samtidig den demokratiske pulsåra i programmet. Kvar dag må ei av stjernene ta julestrømpa si og gå, men opplevinga er ikkje eit fellesskap som raknar, snarare det motsette. Samhaldet internt i gjengen er like stort som det opplevde fellesskapet til oss som ser på.

Gags til kvelds

Kvifor fungerer det enkle og kleine så godt i adventstida? Markus Neby serverer oss julepute etter julepute, og vi tar dei villig opp i fanget til vi knapt klarer å sjå TV-skjermen. Men vi ser likevel vidare – i det minste gjer eg det.

Kanskje har det med å gjere at advent og jul er ei tid med så store kjensler at vi ikkje heilt veit korleis vi skal ta dei innover oss og prosessere dei på best mogleg vis? Somme slit med å finne julemoduset. Andre har overtenning. Mens høgtida nærmar seg med raske skritt, har vi moglegvis behov for å avreagere med nokre enkle gags til kvelds.

Å sjå NRKs julekalender for vaksne er som å vere tilbake på ungdomskveld på bedehuset. Det er flautt, vanedannande og fellesskapsstyrkande. Markus Neby spelar rolla som nasjonens og ungdomsflokkens veslebror – han slepp unna med dei mest spinnville opptrinn på scena.

For dette må vi berre elske han, med jula sin romslege kjærleik. Takk for julekalenderen, Markus Neby! Og god jul!

Meldinga er basert på dei tjue første episodane.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser