Heller ikkje Pollestad er fri for ideologisk lesing

Pollestad si omsetjing av Første Mosebok konstruerer eit skilje mellom «mannen» og «kvinna» som går utover det som finst i den hebraiske teksten, skriv Ingunn Aadland.

STARTEN: Skapingsforteljingane er eit godt eksempel på korleis Pollestad må navigere i grunntekst, tradisjon og eige skjøn, skriv Ingunn Aadland.
Publisert Sist oppdatert

Er det behov for enno ei omsetjing, spør Kjell Arild Pollestad i forordet til si nye omsetjing av Bibelen. Det impliserte svaret er ja. Og omsetjinga har to grunnleggjande målsetjingar. Det første er å bringe lesaren nærare det hebraiske bibelspråket ved å omsetje så ordrett som mogeleg. Det andre er å få fram den bibelske poesien, som fyller så stor del av Det gamle testamentet.

Eg har lese 1 Mosebok, med vekt på Urhistoria (1 Mos 1-11), og omsetjinga er stort sett god å lesa. Den er repeterande når den hebraiske teksten er det, og lukkast også innimellom å få fram små nyansar som tar lesaren nærare den hebraiske teksten. Slik som i skapingsforteljinga, der omsetjinga brukar fleirtalsforma «himlene» (1,9).

Slike detaljar kan minna lesaren om avstanden til teksten si verd. Men andre gonger blir teksten vel kronglete, og ein må lese fleire gonger for å få tak i meiningsinnhaldet. Slik som i skapinga av «frukttrær som bærer frukt etter sitt slag, hvert etter det frø det har i seg på jorden» (1,11).

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP