Vi vert slengde inn i eit kvernande mylder av bilete som kan ta pusten frå lesaren alt ved første dikt i Gunnar Wærness si nye diktsamling, Kosmos´ beibi. Poeten er utstyrt med ei slags åndeleg saks som klipper svimlande fort bilete og brokkar av tekst og draumar, limer, riv det heile sund, ristar, og set saman att slik at fortid, notid og framtid, kropp og sjelsliv, tankespinn og røyndom i dei beste dikta eller tekstbrokkane kan få oss til å sjå nye samanhengar.
Denne hektiske biletskapinga er både styrken og veikskapen i samlinga. For det er mykje laust og pratsamt her. Men den som heng med i dei mest ordrike passasjane, finn gullformuleringar som brått glimtar fram.
Gunvor Hofmo
Ikkje minst gjeld det i dikta som tek utgangspunkt i den tragiske lagnaden åt poeten Gunvor Hofmo og hennar jødiske veninne, Ruth Maier, som i 1942 vart sendt med skip frå Oslo til døden i Hitlers utryddingsleir Auschwitz. Særleg sterkt er «Gunvor Hofmo-vi», som inneheld det Wærness kallar «ekko» av Hofmos dikt og som poeten tek vidare inn i den tragedien og den psykiske sjukdomen som vi først lenge etter å ha lese dei første diktsamlingane hennar forstod den svimlande djupna i, einsemda etter at den nazistiske bestialiteten reiv veninna frå henne, isen, mørkeret og røystene. Wærness´ dikt byrjar slik:
min kjæreste venn jeg skriver et brev
jeg sier deg jeg har våket
på en seng av lyng og filler
mellom stjernene vidvåken
i en skur av syn et kjølig lyn
og ansiktet har spraket
overbefolket
.......
Hofmo er vår store modernistiske etterkrigspoet, aller sterkast i første tiåret etter krigen, då sjukdomen var i ein tidlegfase og før dei lange, tause åra på psykiatrisk institusjon. Det vi veit både om hennar tapte kjærleik og den tunge sjukdomen, gjev dikta hennar ein ekstra dimensjon og aktualitet.
---
Poesi
Gunnar Wærness
Kosmos´ beibi
80 sider, Oktober 2023
---
Opprørstradisjon
Gunnar Wærness har fleire dikt med utgangspunkt i eldre forfattarar og biletkunstnarar som kvar på sitt vis står i ein opprørstradisjon mot etablerte posisjonar og uttrykksformer: Ellen Einan, den nordnorske lyrikaren som «fekk» sine dikt ved hjelp av «ånder», gjennom ei slags form for automatskrift kalla fram frå undermedvitet, er motiv og inspirasjon til eit seks siders langdikt.
[ «Undring og maktkritikk står side om side i ‘Ta på Jesus’» ]
Andre som er med i motivkrinsen, er den britisk-amerikanske surrealisten Leonora Carrington, kreasjonismens far, chilenske Vincente Huidobro, og den futuristiske avantgardisten frå Russland, Velimir Khebnikov.
Religion og sivilisasjonskritikk
Han røyver seg ganske fritt gjennom tider og ismar, men held fast ved den hektiske biletskapinga og klipp/lim-gjerninga diktsamlinga igjennom. Slik Gunvor Hofmo kan seiast å vera ein religiøs poet som ikkje kan tilgje Gud det som har skjedd (og skjer) av vondskap og urett, er òg Gunnar Wærness iallfall påverka av religiøse tekstar – og eg innbiller meg at hans særeigne pausering ved lange mellomrom mellom orda kan koma av røynsle frå tidebøn. Det siste veit eg ikkje, og meir enn religiøs tilnærming er det ei sivilisasjonskritisk tilnærming som pregar dikta.
Poeten er utstyrt med ei slags åndeleg saks som klipper svimlande fort bilete og brokkar av tekst og draumar
— Knut Ødegård
Det er her tittelordet beibi blir så sentralt, og vi støyter på denne uttaleforma av baby i fleire dikt der vi vert konfronterte med kor skøyr vår jord og skøyre våre menneskeliv er, «beibi» både i form av det sårbare og det puerile, ja i ei verd og samtid med krig og rasering av grunnlaget av liv på kloten. Om krigen og framtida heiter det i «Velimir Khiebnikov-tid» at du kan velja
.....
å lære krigen å sette ord på verden her kan du velge
å lese akkurat dette diktet akkurat denne framtiden
som en bønn det vil si en tekst
som ikke kan gjøre annet enn å lage
den framtiden den trenger så sårt
av ord alene en bønn
.....
[ – Hofmo strør de bibelske fortellingene ut som lego ]
Viktig samtale
Det må seiast at i fleire dikt er det som om han har problem med sin eigen ordstraum, med fortetting og problem med å avslutta diktet. Fleire stader nærmar han seg prat som i stand up- eller talk-showets ordgyteri. Til dømes kunne «(magisk nasjon)» ha vore skore ned med eit par sider, det same gjeld for diktet «(Poetzilla)», ekstra slemt for det siste, av di det byrjar så sterkt med dei fem-seks første strofene. Framtungt i så måte er òg opningsdiktet «(Ellen Einan-vi)».
Som biletskapar, som visuell diktar, er Gunnar Wærness ei imponerande kraft
— Knut Ødegård
Når det er sagt, skal det òg seiast at dette er ei uvanleg utfordrande diktsamling, med ein viktig samtale mellom det historiske, samtidige og mogeleg framtidige. Som biletskapar, som visuell diktar, er Gunnar Wærness ei imponerande kraft. Og trass i alle mine innvendingar: Han er utan tvil ein av sin generasjons fremste norske poetar.