Anmeldelser

Brevroman om det fjerde krosstoget kjem ikkje heilt i mål

Thorvald Steens roman om det fjerde krosstoget og livet i maktas indre gemakk vinn på å bli lesen som samtidsroman.

Thorvald Steen er mest kjend som forfattar av viktige samtidsromanar. Men han har også jamleg skrive om historier knytt til den historiske byen Konstantinopel, og dei ulike såkalla krosstoga, slik som i romanane Konstantinopel, Løvehjerte og Kamelskyer, og også i skodespel.

Dette er ein del av eit større prosjekt for forfattaren, nemleg å skrive «neosagaer» som «avdekker Europas glemte historie», som det heiter i omslagsteksten på årets roman, Påklederen.

Påklederen tek utgangspunkt i det som i ettertid har blitt kalla det fjerde krosstoget: Om det som skjedde i 1204 då ei stor og velutrusta krigsflåte seglar ut frå Venezia, tilsynelatande etter oppmoding frå paven og med kurs mot Jerusalem, for å kjempe mot dei vantru.

Men under leiing av den omsynslause venetianske dogen Enrico Dandalo, viser det seg at det verkelege målet var den kristne byen Konstantinopel.

Samtid og fortid

Steen lar den språkkyndige Massimo Gasparino føre ordet. Gasparino var dogens mektige privatsekretær, og har kartlagt alle Konstantinopels rikdomar og festningsverk. Han skriv no i hemmelegheit brev til si kone Anna og fortel at han er nedgradert til påkledar for den gamle og blinde dogen.

Gasparino fortel inngåande om forhistoria til dette «krosstoget», og skildrar noko av omfanget av øydeleggingane.

---

steen

Roman

Thorvald Steen

Påklederen

189 sider, Oktober 2023

---

Men mest handlar det om intrigane i den vesle kretsen rundt den mektige dogen. Ingen er trygge, og informasjon eller etterretning om dei andre er viktige våpen for sjølv å kunne leve trygt. I dag er det ikkje vanskeleg å assosiere slike skildringar av maktas indre liv med det vi stadig høyrer på nyheitene om dei indre spenningane i ein nærliggande krigførande stat.

Det er i seg sjølv ei påminning om at alle historiske romanar er samtidslitteratur når dei blir utgitt.

Vest og aust

Den brutale plyndringa og massakrane av kristne i den ein gong så mektige storbyen Konstantinopel, sette spor som vi stadig kan registrere. Det sette ein absolutt bom for alle seinare tilnærmingsforsøk mellom den latinske vest-kyrkja og dei ortodokse aust-kyrkjene.

Hendinga har også hatt konsekvensar for den måten vi reknar med at ord som «Vesten» og «vestlege verdiar», er eintydige og forståelege, også no når krig herjar i det gamle Konstantinopels nærområde.

Boka innleiar med all mogleg rett med ein pave frå vår tid, nemleg Johannes Paul IIs tydelege utsegn: «Av alle synder vi paver har vært medansvarlige for, er skjendingen av de hellige stedene i Konstantinopel i 1204 blant de verste.»

Roman med notar

Romanen er utstyrt med åtte sider med notar og ei tresiders litteraturliste som dokumenterer forfattarens gode kjennskap til det historiske stoffet. Notane er av ulike art. Nokre zoomar ned og gir detaljerte opplysingar om pengeverdiar og historiske mål, det siste ned på millimeteren. Her får vi vite at ein «venetiansk bracchio er 0,683 meter lang».

I den litterære teksten er slike litt nærsynte opplysingar som lesaren godt kunne greidd seg utan, virkelegheitseffekter. Nokre av notane gir også det heilt store overblikket, heilt eksplisitt ut ifrå den samtidige forfattarens og «vår» målestokk:

«I framtiden vil noen påstå at dette skjedde i en annen tid, da barbariet var rådende. Det er en påstand som er blitt brukt til alle tider. Hvorfor er vi så engstelige for smerten som avdekker grusomme hemmeligheter i vår egen historie? Er det på grunn av frykten for å måtte akseptere hvilke bestialiteter vi mennesker er i stand til å begå, selv om de står oss nær og minner oss om at vi, tross alt, er en av dem?»

Dristig val av sjanger

Steen har skrive ein ambisiøs roman med utgangspunkt i lite kjente historiske hendingar med enorme konsekvensar for ettertida. Lesaren blir invitert til å fundere over kva som kunne ha skjedd, om ikkje grådigheit og grusomheit nok ein gong hadde fått siste ordet i 1204.

Men eg synst ikkje han kjem heilt i mål. Kanskje har det med det dristige valet av sjanger å gjere?

I praksis blir boka ein eg-roman. Det er eit problematisk sjangerval for å skildre ei nokså fjern fortid

—  Rolv Nøtvik Jakobsen

Påklederen er ein brevroman med éin avsendar, i praksis blir boka altså ein eg-roman. Det er eit problematisk sjangerval for å skildre ei nokså fjern fortid. Ein ting er at det Sigrid Undset i si tid kalla «menneskenes hjerter» har endra seg i den tida som har gått. Men det er heller ikkje vanskeleg å registrere at brevsjangeren også har vore i stadig endring i dette tidsrommet.

Avkler maktas vesen

I det nokså lukka rommet som omgir han, er det litt merkeleg at den fiktive eg-personen, som skriv til kona med håp om at paven skal få vite sanninga, har så detaljert oversikt: Han veit til dømes nokså nøyaktig talet på menneske som levde i Konstantinopel før og etter erobringa, då ein halv million innbyggjarar blir redusert til «knapt hundre tusen».

Den detaljerte registreringa av livet i maktas indre gemakk, gjer at det store historiske overblikket, kanskje nødvendigvis, glir ut av synsfeltet. Eg vil tru at det er ein av årsakene til at Steen i noteapparatet får behov for å tone tydeleg flagg om det samtidslesarar kan lære av det som skjedde.

For min del er skildringa av kammerspelet i maktas indre sirklar det mest spennande. Den degraderte påkledaren har ordet i si makt. Den nærgåande skildringa hans av den maktfulle dogen og kretsen rundt, blir samtidig ei avkleding eller avdekking av den omsynslause politiske maktas vesen.

På det viset kan det gi stort utbytte å lese denne historiske romanen som samtidsroman. Gasparino skriv inngåande om sine samvitskvalar og om nokre møte med Gud på ein måte som lesaren kan kjenne igjen frå nyare litteratur.

Eg trur ikkje eg er den einaste som etter denne brevromanen får lyst til å lese meir om sjølve dei historiske hendingane og konsekvensane av det som skjedde. Det er jo ikkje lite, berre det.

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser