Anmeldelser

Mykje lidenskap, lite presisjon

Ei andakt treng ikkje strekke seg ut i tid og rom og postmodernisme. Men det betyr ikkje at andakta skal vere lettvint.

Ei openberr sanning heimsøker alle andakter: Det er kort veg til det sjølvsagde.

Slik er det med mykje, så det er ikkje noko å skamme seg over. Sjølv Olav H. Hauges poesi ligg og dirrar akkurat på rett side av grensa mellom meisterleg litteratur og poesi for kjøleskapsmagnetar.

Men av og til lurer eg på om alt ei god andakt treng å gjere, er å skjule kor enkelt det heile er. Slik liknar andakta litt på ein popsong: Alle kjenner strukturen og veit kva som skal komme, og likevel blir vi bergtekne og overraska når artisten meistrar rammene for verket sitt.

Lite mannete

I samlinga Fra mann til mann prøver Jan Torland å løfte fram andakta på ein annleis måte. Akkurat kva som er annleis, blir det etter kvart vanskeleg å få auge på. Rett nok, tittelen legg opp til at boka er laga for menn. Men utanom ein vag peikepinn i forordet og «action»-tipset som følgjer kvar tekst, er det ikkje lett å skjønne kva som spesifikt retta mot menn i denne boka.

---

Andaktsbøker i Vårt Land

---

Skulle vi ein gong blitt prisgitt ei andaktsbok som verkeleg var skrive for menn, får vi heller håpe at eit av våre kristne forlag i det minste tør å dra skikkeleg til og hyre inn nokon som Jordan Peterson. Før dét skjer, kan ein prøve å unngå halvvegs forsøk av typen Fra mann til mann.

Men nok om det, for det merkelege forsøket på å halvere målgruppa, er ikkje den største svakleiken til Fra mann til mann.

Ikkje plass til postmodernisme

Kanskje vil nokon reagere på at fleire, ja, beint fram dei fleste, andaktene i boka, er litt vel enkle. Da må vi hugse på at andakter skal vere enkle og lette. Det følgjer av forma. Tida er kort og bodskapen må vere tydeleg. Ei andakt skal ikkje strekke seg ut i tid og rom og postmodernisme.

Men. Det betyr ikkje at andakta skal vere lettvint.

---

torland

Andaktsbok

Jan Torland

Fra mann til mann. En oppmuntringsbok

244 sider, Proklamedia 2017

---

Og det er her Jan Torland syndar i Fra mann til mann. For sjølv om ei sanning kan vere enkel, betyr ikkje det at formidlinga av sanninga skal vere enkel. Fleire gongar i Torlands andakter blir det slått fast at slik og slik er det, utan at eg heilt skjønner kvifor noko er slik. Eg trur heller ikkje alltid på det Torland hevdar i nokre av andaktene, sjølv om vi begge er kristne. Og når eg ikkje ein gong greier å tru, blir det vanskeleg.

Gjer som Jesus

Etter å ha lese over halve boka, slår det meg at det også er andre og meir prosaiske grunnar til at fleire av andaktene fell gjennom.

Eit eksempel kan vere alle gongane Torland fortel om igjen, med eigne ord, historia som andakta hentar bibelsitatet frå. Desse attforteljingane tek for stor plass i tekstane, dei tilfører lite (om vi ikkje hugsar historia, kan vi da slå opp i Bibelen), og fører til at Torland berre står igjen med nokre få linjer til sjølv å komme med noko vettugt.

Plukk opp tips frå dei verdslege forfattarane, Hemingways detaljar, Austens vidd

—  Lars Petter Sveen

Og om du først har lite plass og knapt med tid, lønner det seg å bruke det ein har på ein gjev måte. Tenk originale tankar, veg dine ord på gullvekt. Gjer det slik Jesus gjorde det, med ein utstrekt bruk av likningar og språklege bilde. Les om att din Søren Kierkegaard og tenk over det han skriv om den indirekte meddelelse. Plukk opp tips frå dei verdslege forfattarane, Hemingways detaljar, Austens vidd.

Moglegheitene er mange, freistingane store.

Anmeldelse av andaktsbøker.

Dårleg presisjon

Dessverre er det lite å finne av slikt i Fra mann til mann. Her blir noko presentert som sant fordi forfattaren skriv at det er sant. Og det blir presentert i eit språk som liknar noko ein seljar kan lire av seg: «Vi skal få søke Gud og finne ham. Det betyr ikke at alt blir enkelt, men det betyr at Gud går med oss gjennom problemene og hjelper å finne gode løsninger.»

Og vi får servert språklege finessar som dette: «Hvor vi sier ‘Unåde’ tar han u-en bort og sier nåde!»

Språk er ikkje alt, men i ein andakt er det temmeleg mykje. Og sjølv om andakter på sett og vis er ei folkeleggjering av det andelege, ventar eg eit visst nivå av presisjon frå den som held andakten. Tek du ordet, må du også tole å bli møtt med krav om å meistre ordet.

Andaktene mister rett og slett alvoret som ligg i kristendommen

—  Lars Petter Sveen

Det fungerer mykje betre når Torland bruker personlege historier frå eige liv i andaktene. Både historia om da vennane muntra han opp og historia om da han var nær ved å miste trua, ber i seg noko eg trur kan røre mange.

Her kunne Torland godt gått djupare inn og prøvd å skrive seg nærare på. Kanskje kunne det styrkt både bodskapen og gjennomslagskrafta som han ønsker andaktene skal ha.

For lettvint

For det er mykje lidenskap i denne boka – både Torland og andaktene vil mykje og dei vil oss vel. Men ved å gjere andaktene lettvinte, mistar Fra mann til mann noko essensielt. Dei mistar rett og slett alvoret som ligg i kristendommen. Alvoret bak det å kunne finne nåden og det å kunne bli fødd på ny.

Det trur eg ikkje var meininga. For det hjelp ikkje å påstå om og om igjen kor viktig og sant bodskapet frå Jesus er. Du må evne å vise det.

Anmeldelse av andaktsbøker.

Les mer om mer disse temaene:

Lars Petter Sveen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser