Marilynne Robinson skriv fram den usannsynlege prestefrua
Med romanen «Lila» krinsar Marilynne Robinsons framleis rundt dei to prestefamiliane i Gilead. Der prestane er innsausa i tru og teologi, får vi denne gongen eit grundig utanfråblikk.
TRU: «Lila» er den tredje romanen i Marilynne Robinsons Gilead-suite. I alle bøkene gir ho oss, i tillegg til innsikta i menneskelivet, mykje refleksjon rundt kristen tru.
Andrew Harnik
Lila er den tredje romanen i den såkalla Gilead-suiten og følgjer opp Gilead og Hjem. For å rekapitulere litt for nye lesarar, krinsar alle desse romanane rundt dei to pastorane John Ames og Robert Boughton med familiar, med handling lagt til den amerikanske delstaten Iowa på 1950-talet. Ames er forteljar i den første boka, som er forma som eit langt brev til sonen han har fått på sine gamle dagar. I Lila ligg perspektivet hos den unge kona hans.
At ein gammal fyr giftar seg med ei mange år yngre kvinne, er ein handlingstråd som ikkje utelukkande kling positivt i våre dagar. Når det er sagt, er ikkje Lila i nærleiken av å vekke ein slikt type forarging. Det er nemleg så mykje anna som er oppsiktvekkande ved Lila, og ved giftarmålet hennar med den kvithåra presten.
Først og fremst representerer foreininga av dei to eit regelrett under. Her er det ikkje ein mannleg maktperson som tek seg til rette, men ein tilstivna snipp som får eit heilt nytt dreiemoment inn i livet sitt. Lila er alt det John Ames ikkje er. Og motsett. Dei er så ulike kvarandre som syre og base, som pluss og minus, eit par av den typen som fører til folkesnakk på bygda.
Bestill abonnement her
KJØP