Anmeldelser

Sterk undergangsvisjon frå Etel Adnan

«Arabisk apokalypse» er ei uvanleg sterk og godt omsett diktsamling om menneskeleg liding, svik og krig.

Heldigvis, må eg seia, byrja eg denne gongen med å lesa etterordet før eg gav meg i kast med boka. For det dreier seg om eit komplisert stykke litteratur med referansar til ei uvanleg stor mengd av ulike tradisjonar, kulturuttrykk, vitskapar og historiske hendingar.

Eg skriv om Etel Adnans diktsamling Arabisk apokalypse, omdikta frå fransk av Ida M. Andenæs og Gunstein Bakke. Etterordet eg nemnde er skrive av Andenæs, og dét er eit glimrande skriftstykke, ein nøkkel som får storparten av teksten til å opna seg for meg.

Spennvidde

Etel Adnan (1925–2021) vert rekna blant dei fremste moderne poetane frå Midt-Austen. Familiebakgrunnen er blanda: Mora var gresk-ordodoks kristen frå Smyrna, faren muslimsk syrar frå Damaskus. Ho vaks opp i Libanon, som vaksen flytta ho til USA etter studieår i Frankrike. Poesien hennar er prega av både den geografiske spennvidda ho bar med seg, likeins av det livssynsmessige vidsynet som best kan illustrerast med bokhylla i barndomsheimen der moras bibel og farens Koranen stod saman, og i tillegg til det faktum at i heimen lærde ho gresk, tyrkisk og arabisk medan alt på den katolske skulen gjekk føre seg på fransk – og så vart engelsk hovudspråket i hennar amerikanske liv.

---

etel adnan

Poesi

Etel Adnan

Arabisk apokalypse

Gjendikting ved Ida M. Andenæs og Gunstein Bakke

Etterord ved Ida M. Andenæs

109 sider, H/O/F forlag 2022

---

Det finst eit mylder av kulturfragment frå ulike tider og stader i denne diktsamlinga, ho er på det viset tilbakeskodande, men på eliotsk vis er dei ulike røystene og tidene samtidige i det poetiske uttrykket som inneheld både surrealistiske og apokalyptiske bilete. Teksten er stadig broten opp av småe, symbolske teikningar som understrekar lesarens kjensle av å vera midt inne i ein slags profetisk (tunge)tale om verdas undergang.

Symbolske teikningar understrekar kjensla av å vera midt inne i ein slags profetisk (tunge)tale om verdas undergang.

—  Knut Ødegård

Von i natta?

Berre heilt mot slutten, i siste line, finst ei von etter at sola har svartna og «materie-ånd» blir til NATT: «i natten i natten finner vi lærdom og kjærlighet og fred». Tankane kan gå både til bibelsk og annan religiøs openberringslitteratur (som i vårt norrøne eddadikt Voluspå). Men før noko heilt nytt kan vera mogeleg, skal fjella av is «smelte i det sydende og salte havet/ menneskenes tungemål vil bli ildtungemål/ på Godhetens trone vil en døvstum sitte/ på Ondskapens trone blir en gammel mumie anbrakt/ strupene vil strypes av gull pengeskapene brukes som kiste/ Og rottene arve det Lovede Rike.»

etel adnan

Politisk brodd

Eit gjennomgåande bilete er sola, som kan stå fram som berar av ei lang rad eigenskapar og krefter, både som lys og livgjevande kraft og som brann og katastrofeutløysar. I teksten vert dette variert, ofte med den før nemnde surrealistiske effekten og den byrjar med «En gul sol En grønn sol en gul sol En rød sol en blå sol». Men ganske tidleg kvesser diktsamlinga seg til i bilete av krigen, eit altomfattande åtak på livet både her på jord og i heile universet. Konkret er det borgarkrigen i Libanon og lagnaden for palestinarane som står i sentrum for dei mange gruelege lidings- og dødsbileta i boka. Det er imponerande korleis ho maktar å sameina eit «kosmisk» blikk med ein ganske så tydeleg politisk brodd.

Palestinske leirar

Vi les om valutaen dollar, og i eit diktfragment heiter det «I amerikanernes dårlige ånde smuldrer et imperium opp// I elvenes kvalmende vann finnes det palestinere», og vi får namna på palestinske flyktningeleirar: «Å så kald jorda er i høysommeren når den er vannet med blod !/ Jisr al-Basha gjorde seg klar for Åpenbaringen Tel al-Zaatar i blomsterduft/ en ung mann og hans elskede dør hånd i hånd/ bruden blir tatt imot av sola månen overøser unggutten med lovord/ de sover sammen på senga pepret med kuler til evig tid ! Til evig tid!».

Sviket

Den politiske brodden er retta mot Vesten, men òg mot arabarar som svik sitt eige folkeslag, det er gull (som i edda-dikta) eller olje som styrer den grådugskapens undergangskraft vi les om der «den unge kongen av Arabia løper for å bade i petroleum/ munnen hans er glinsende svart tennene synker inn i olje/ øynene forblindes tomme for tomme lik deformerte soler (...) I enver stamme finnes en forræder som tørster etter gull/ I enhver araber finnes en forræder som tørster etter Vesten».

Det er eit viktig tilskot til gjendiktingslitteraturen vår, dette.

—  Knut Ødegård

Beirut 1976

Ein kjerne, eg hadde nesten skrive ei kjernekraft, i dette veldige diktverket er Beirut og borgarkrigen. Denne tragedien er samstundes struktur for oppbygginga av teksten: Ida M. Andenæs skriv i etterordet at dei 59 delane av boka «markerer de 59 dagene i 1976 som beleiringen av den palestinske flyktningleiren Tel al-Zaatar i utkanten av Beirut varte. Beleiringen endte i massakren av nærmere 2.000 palestinere.» Ho minnar òg klokt om at «59 er også tallet som innleder det siste minuttet før en time renner ut, passende for en bok om endetiden.»

Det er eit viktig tilskot til gjendiktingslitteraturen vår, dette, så vel gjort av Andenæs og Bakke at ein knapt merkar skurring i overgangen frå den originale franske teksten til den norske.


Les mer om mer disse temaene:

Knut Ødegård

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser