Ein ujamn diktsamling frå Jakhelln

Cornelius Jakhellns nye bok er litt for laus og pratsom, men har sterke dikt i siste del.

NYE DIKT: Poet og musikar Cornelius Jakhelln er ute med sin tiande diktsamling, «Min verden av vrak og vindu mot nåden».
Publisert Sist oppdatert

Cornelius Jakhelln er framleis å rekna blant dei yngre i den norske forfattarfloraen, men med ein stor produksjon bak seg: Han har vist ein imponerande vilje til å gå sine eigne vegar utan sideblikk til moteretningar og tidsåndas krav til det korrekte.

Difor opnar eg alltid ei ny bok av Jakhelln med stor forventning. Han har overraska før, med innslag av bøker på konservativt nynorsk og med utfordande sjangeroverskridingar. Norrøn mytologi blandar seg med moderne black metal-kultur og datateknologi i denne forfattarskapen, og lærdomsdikt med kjensleutbrot, tradisjonsverdiar med radikale overskridingar av etablerte verdiar og posisjonar.

Innfrir ikkje heilt

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP