Tidslinja, Verbum sin barnebibel frå 2016, er ei særmerkt utgjeving som har eit ambisiøst og svært gjennomarbeidd uttrykk. I tillegg til å fortelja 53 forteljingar frå Det gamle og Det nye testamentet, byr boka på ei faktisk, utbrettbar tidslinje (festa på innsida av omslaget), som gir eit overordna bilete av Bibelens historielinje. I tillegg har det blitt utvikla fleire ressursar knytt til denne utgjevinga, som til saman hjelper både heimen og kyrkjelydspedagogar med å formidla dei sentrale bibelforteljingane til barn i alderen åtte til tolv år og å plassera desse inn i ein større samanheng.
Det er ein god idé og det gir eit nyttig overblikk til alle bibelinteresserte. Faren med barnebiblar er nettopp at det berre blir ein action-og-heltebonanza utan nokon eigentleg samanheng utover det faktum at dei alle saman har noko med Gud å gjera. Tidslinja synest å ta denne utfordringa på alvor, og svarer med å gje overblikk ved å setja dei ulike tekstane inn i ein større samanheng. Det er eit svært fortenestefullt utgangspunkt.
Svært tilgjengeleg
Tekstane i Tidslinja har eit gjennomført, nøkternt og stilsikkert preg med fin flyt. Oppsettet minner om lyrikk, og dei korte linjene og luftige sidene bidreg til at høgtlesing vert ein aktivitet med låge skuldrer, for den som måtte vera involvert i slikt. Det er bibelformidlaren Anne Kristin Aasmundtveit som står bak attforteljinga, og utgjevinga tener svært godt på hennar erfarne handsaming; tekstane har nemleg eit svært tilgjengeleg preg og ei grad av innhaldsmessig kompleksitet som treffer målgruppa. Her merkar ein tydeleg kvalitetsforskjell frå utgjevingar som er omsette, for eit slikt språkleg uttrykk kjem ikkje utan førstehandskjennskap og fingerspitzgefühl.
Grunnlaget for denne meldinga er nynorskutgåva, som Gry Vikesland har gjort eit fint arbeid med.
Illustrasjonar med eigenart
Oscar Jansens illustrasjonar fortener naturlegvis eit eige avsnitt her. Bileta hans gir assosiasjonar både til japansk manga og til barndommens klassiske Kees de Kort-bøker som låg bak i kyrkja heime. Men Jansens illustrasjonar har verkeleg eigenart; dei er varierte og byr på ein fin kombinasjon av det enkle og det meir detaljerte. Det er ei glede i seg sjølv å berre la seg riva med av dei mange fine tolkingane frå illustratørens kreative hand.
Alliansen mellom bilete og tekst er knallsterk.
— Sofie Braut
Eitt av mange høgdepunkt er hærskaren av englar over eit mørkt Betlehem då Jesus vart fødd. Her er glede og her er tyngde. Likeins gir dei kritiske og ettertenksame lærarane som omgir Jesus som 12-åring i tempelet nytt liv til denne svært forunderlege og nydelege forteljinga frå Lukas 2. Då har eg ikkje eingong nemnt alle dei treffande skildringane frå Det gamle testamentet som ser dei kortfatta forteljingane med eit undrande og djuptloddande blikk. Nokre få stader kan ein rett nok føla at det glir ut i noko litt for kaldt og skissemessig, og Josef sin kjortel har fått eit slags neon-preg, men dette er småting. I Tidslinja er alliansen mellom bilete og tekst knallsterk.
---
Barnebibel
Anne Kristin Aasmundtveit og Oscar Jansen (ill.)
Tidslinja. Den store forteljinga i Bibelen
Målgruppe 6 til 10 år
Verbum 2016
---
Eg burde også gi litt skryt til framsida, som i staden for den sedvanlege reproduksjonen av bokas beste illustrasjon, er eit stykke arbeid som får fram intensjonen med heile prosjektet, nemleg ein kortversjon av tidslinja som plasserer Jesus som historia sitt udiskutable midtpunkt. Bravo!
Overblikk og heilskap
Med 29 forteljingar frå Det gamle testamentet og 24 frå Det nye, finn Tidslinja plass til eit mangfald av Bibelens litteratur, og det er fint at innhaldet også når utover berre dei mest handlingsmetta utdraga. Dette gir også ei kjensle av overblikk og heilskap, heilt i tråd med intensjonen. Utvalet kan gjerne kallast trygt og tradisjonelt for ein barnebibel, men er mest av alt prega av samanheng og ei kjensle av at svært mykje er med, trass alt frå originalteksten som sjølvsagt må utelatast frå ei utgåve på 165 korte sider. Dette er nettopp kunsten ved å komprimera godt utan å kompromissa på kvaliteten; ein lagar rammer som er tenlege og formildar det ein har valt ut med overtyding. Det fungerer svært godt her.
Dette er nettopp kunsten ved å komprimera godt utan å kompromissa på kvaliteten.
— Sofie Braut
Tidslinja lukkast altså på dei aller fleste punkt, frå ideen om å gje tekstane tydeleg samanheng, til ei språkleg gjennomført formidling; frå eit indre illustrasjonsunivers med vid appell, til det innbydande kvadratiske formatet som ligg godt i handa. Framsideillustrasjonen fangar inn eit grunnleggjande poeng, nemleg kor vesentleg det er å få tak i heilskapen. Illustratør Jansens versjon av elva og treet på innsida av omslaget rammar historia inn og gjer den verkeleg store linja svært levande for boka sine unge lesarar.
[ Hvilken barnebibel er best? Les anmeldelser av tolv barnebibler her ]