Ein mørkemann kryssar sitt spor
Emil André Erstads styrke er kompromisslaus ærlegdom. Men kjem han eigentleg til saka?
VITNESBYRD: Emil Andrè Erstad har skrive eit høgst personleg vitnesbyrd som søkjer å vera ærleg og rett fram om liv og tru, meiner bokmeldar Sofie Braut.
Tuva Skare
Når eg legg ned Emil André Erstads bok Mørkemann: Mi reise frå kristenkonservatismen og tilbake, er det som om eg reiser meg etter ein samtale med forfattaren over eit bord på Kaffebrenneriet. Han formidlar historia si i eit svært tilgjengeleg format (kring 125 små sider), og ikkje på noko tidspunkt vik han av frå tittelintensjonen: dette er eit høgst personleg vitnesbyrd («mi reise») frå ein som søkjer vera ærleg og rett fram om liv og tru.
Tittelen gir oss tematikken i klartekst. Vi blir kjende med ein lite vidløftig forteljar som med enkle riss teiknar eit velkjent tablå for folk med oppvekst vestpå innan ein eller annan rimeleg bedehus-radius. Dette lite vidløftige og svært folkelege er ein styrke ved sjølve forteljinga, men kanskje ein akilleshæl for Erstads prosjekt. Det kan vi komma tilbake til.
Personleg prosjekt