Anmeldelser

Kafka skriv meisterleg om avmakt

Franz Kafkas klassiske roman Prosessen kjennest uhyggeleg aktuell i eit Europa der diktaturet trugar.

Eitt av mine fremste reisemål på interrail i ungdommen, var huset til Franz Kafka i den tsjekkiske hovudstaden Praha. Eg hugsar enno kor oppglødd eg var ved å vere i geografisk synk med ein av verdas fremste forfattarar, og korleis eg straks sette meg på ein kafé for sjølv å skrive. «Instant inspirasjon», kan ein vel kalle det. (Her hoppar eg over korleis eg under den glødande skrivinga kom i skade for å velte kaffikoppen min utover kafébordet og heile utkastet til det framtidige meisterverket.)

Kafkas roman Prosessen er eit av verdslitteraturens store klassikarar, og figurerer hyppig på toppen av listene når ulike forståsegpåarar kårar verdas beste bøker. Det er både frydefullt og skremmande å forsøke å bringe noko nytt til torgs om ein gjennomanalysert roman som dette, ein som eg sjølv hadde på pensum i litteraturvitskap på Universitetet i Oslo for ein kvart menneskealder sidan.

Litterær nyhending

Grunnen til Vårt Land melder boka, snart hundre år etter at ho først kom ut på tysk, og snart nitti år etter Paul Gjesdahl første norske omsetting i 1933, er at Jon Fosse har omsett ho til nynorsk for forlaget Skalds eminente klassikarserie. Men sjølv utan denne litterære nyhendinga, der meister møter meister, der Fosses glitrande omsettarjobb lar Kafka skine på mitt eige mål – ei eksistensiell oppleving i seg sjølv – er romanen skremmande aktuell.

Slik pandemien nyleg fekk folk til å hente fram att Albert Camus’ roman Pesten frå bokhyllene, tilseier situasjonen i Europa at også Kafka bør lesast på nytt. Ikkje berre for det litterære og eksistensielle, men også som samfunnskommentar til eksisterande og gryande diktatur som trugar den rettferdige rettsstaten.

Aukande diktatoriske trekk

I Noreg får framleis dei verste forbrytarar prøvd saka si for ein rettferdig domstol – ein lakmustest på eit samfunn der alle er like for lova. I fleire land rundt oss har vi derimot lenge sett ein farefull tendens til mindre demokratisering og aukande diktatoriske trekk – her nemner eg særleg Viktor Orbáns «illiberale demokrati» i Ungarn og dei mange finurlege rettsprosessane i eit krigførande Putin-Russland der ytringsfridomen er kraftig innskrenka.

I Russland kan du no bli arrestert utan å ha gjort «noko gale», iallfall ikkje noko ein i dei fleste andre land vil tenke på som gale – å protestere mot den russiske invasjonen av Ukraina, til dømes. Eit tilsvarande absurd scenario er både utgangspunkt og motor for Kafkas Prosessen. «Einkvan må ha loge om Josef K., for utan at han hadde gjort noko gale vart han ein morgon arrestert», som opningssetninga lyder i Jon Fosses nyomsetting.

Allmektig og undertrykkande

Kafkas første setning i Prosessen gir ei god og konsentrert samanfatting av kva romanen i det følgjande handlar om. For sjølv om romanen er særs rik, og så open for tolking at vi aldri blir ferdig med han, går det relativt raskt å skissere opp hovudlinjene: Josef K. blir arrestert, og prøver deretter på ei rekke ulike måtar å bli klar over kva han er klaga for, og å forsvare seg mot desse klagane. Han skjeller ut domstolen allereie på det første forhørsmøtet, hyrer ein advokat som han seinare seier opp. K. er samtidig både oppgitt over og stadig meir fanga av «prosessen», som legg stadig meir beslag på livet hans – til den bitre slutt.

---

Klassikar

Franz Kafka

Prosessen

Omsett av Jon Fosse

265 sider, Skald forlag 2022

Prosessen

---

Prosessen skildrar ein allmektig domstol som undertrykker det enkelte individet. I ei samfunnsaktuell lesing minner det stygt om brutale regime som tar seg til rette overfor (nokre av) innbyggarane sine. Det tidsaktuelle perspektivet skulle vere godt nok forklart. Kafkas roman, lesen som parodi på rettstryggleiken i eit diktatur, har nærmast profetiske trekk.

Litt profetisk var nok teksten allereie då Kafka skreiv han i 1914–1915, altså på den tida Adolf Hitler var soldat i den bayerske hæren under første verdskrigen. Kafka, som var av jødisk slekt, levde framleis då Hitler seks år seinare blei leiar av NSDAP (Det nasjonalsosialistiske tyske arbeidarpartiet).

Kafkas roman, lesen som parodi på rettstryggleiken i eit diktatur, har nærmast profetiske trekk.

—  Alf Kjetil Walgermo

Kafkas ven, Max Brod, var blant dei som måtte flykte då Hitler-Tyskland okkuperte Tsjekkoslovakia i 1939. Brod er grunnen til at vi i det heile er kjent med Kafkas romanar; mot slutten av livet instruerte Kafka den nære venen sin om å brenne dei ufullførte manuskripta, eit løfte Brod braut til beste for verdslitteraturen.

Mange lesemåtar

Er den politiske lesinga, som skissert over, den mest givande lesinga av Prosessen? Det er ikkje bombesikkert, for boka innbyr også til ei rekke andre lesemåtar. Ei historisk-biografisk lesing vil legge vekt på Kafkas problematiske forhold til sin eigen autoritære far. Den kjensla av skuld, ofte uforklarleg skuld, som ein streng og autoritær far kan inngi i eit barn, vil vere kjent også frå Karl Ove Knausgårds romanar.

Sjølv synest eg også det religionskritiske aspektet kan vere interessant å grunne over. Prosessen er ei bok som tek for seg tema som straff, synd og skuld – alt sett i samanheng med Loven med stor L. Kafka, som til sams med Fosse har samanlikninga sjølve skriveprosessen med bøn til Gud, etablerer i romanen eit eksistensielt rom med fleire religiøse trådar. Ei av dei viktigaste scenene går til dømes føre seg i den lokale domkyrkja, der K. møter den geistlege som presenterer han for romanens mest berømte historie i historia: Den vesle teksten «Foran loven» er ein eksistensiell allegori som er mykje brukt som pensum i skule- og studentsamanheng. Også denne teksten dirrar av einsemd, lengt, meiningsløyse og jakta på fylde, slik resten av romanen også gjer det.

Moderne livskjensle

Kafka skriv meisterleg om menneskeleg avmakt, slik Josef K. gradvis blir bunden til stolpen av eit system som det er umogleg å forstå fullt ut. Også dette speglar ei moderne livskjensle, og er nok også ein av grunnane til at Prosessen framleis kjennest som samtidslitteratur.

Eg har grunna lenge på om den første setninga i Fosses omsetting er den best moglege, for ein vinn noko og taper noko som følgje av ordval og rekkefølgja på setningsledda. Bør det til dømes stå at K. er blitt «loge om» eller «baktalt»? Trond Winjes tekstkritiske bokmålsomsetting frå 1992 brukar det sistnemnte ordet: «Noen måtte ha baktalt Josef K., for en morgen ble han arrestert uten at han hadde gjort noe galt.» Winje plasserer også arrestasjonen før erklæringa om uskuld, motsett av Fosses løysing. Med setningsoppbygginga ligg Fosse tettare på den tyske originalen, som kan vere ein føremon, sjølv om eg framleis heller litt mot Winje, som etablerer ein betre flyt.

Men dette er småspikk som ikkje må komme i vegen for den framifrå omsettarjobben som Fosse her har utført – til glede for gamle og nye lesarar. Boka toler mange lesingar. Og har du aldri lese Prosessen før, er tida definitivt komen no.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser