Bergsveinn Birgisson er eit stort namn i islandsk samtidslitteratur.
Han har vore busett i Noreg i ei årrekkje og tok doktorgraden i norrøn filologi ved Universitetet i Bergen. Forfattarskapen er mangslungen: faglitteratur, skjønnlitterær prosa og poesi.
Det er nok dei mange åra i Noreg som gjer at han no gjev ut roman samstundes på islandsk og norsk, og at den norske utgåva ikkje har nokon omsetjar som mellomledd.
Nedbryting
Kolbeinsøy heiter boka, og viser til Kolbeinsey som er Islands nordlegaste punkt: ei øy som gravis vert borte av erosjon og som no er berre to skjer. Nedbrytinga ser ut til å gå så raskt at ho truleg forsvinn heilt i vårt tiår.
[ Reisen til livsvannet.: «Storarta frå Bergsveinn Birgisson» ]
Romanen fortel om to vener, begge opptekne av litteratur og dei store livsspørsmåla. Den eine av dei er innlagt på psykiatrisk sjukehus med tung depresjon som bryt han ned, medan forteljaren i boka freistar hjelpa venen med hyppige visittar. Eit skrømt av ein kvinneleg sjukepleiar, i romanen kalla madame Riskvist, er den tredje hovudpersonen.
---
Roman
Bergsveinn Birgisson
Kolbeinsøy
202 sider, Vigmostad & Bjørke 2021

---
Psykisk reiseskildring
Det er då forteljaren, etter hardbalne samanstøytar med sjukepleiaren, får forbod mot å vitja sin deprimerte ven, at plana om flukt vert fødd. Og dei legg av stad i ei vill bilferd.
Dei fleste boksidene har preg av parodi og travesti utan at dette vert til meir enn ein smil av og til.
— Knut Ødegård
Så fylgjer ei lang reiseskildring gjennom det islandske landskapet, og med sjukepleiaren madame Riskvist som forfylgjar. Romanens utvikling skjer gjennom denne stendige forflyttinga frå stad til stad. Nokon reisesroman i tradisjonell forstand er dette ikkje, for etter kvart vert det meir og meir tydeleg at det er ei indre og psykisk reise det handlar om. Dei tre personane kan då lesast som representantar for sjelelivet og sjølve reiseskildringa meir uttrykk for fantasi enn fasthalding av fiksjonens «røyndom».
Grip ikkje
Det er eit godt nok tenkt utgangspunkt, og det er i seg sjølv interessant at psykisk liding og mogelege indre flukt- og redningsoperasjonar vert handsama skjønnlitterært.
[ «Underhaldande bokreise om Tormod Torfæus» ]
Når denne romanen likevel ikkje får tak i meg, er det fyrst og fremst fordi Bergsveinn BIrgisson denne gongen ikkje har skapt romankarakterar som ein for alvor kan identifisera seg med eller ta på alvor – i sympati eller antipati. Dei fleste boksidene har preg av parodi og travesti utan at dette heller vert til meir enn ein smil av og til.
Gatemusikant og sopp
Mest interessant tykkjer eg nok det er der han skildrar ein fattig gatemusikant som er innleigd til underhaldning ved dei rikes bord, og vi fylgjer forteljaren i hans medkjensle med gatemusikanten som vert håna og trakka på. Likeins – og heldigvis – kjem den lærde norrønfilologen Birgisson inn i romanen av og til: Mellom anna gjev han – via ein bydeoriginal dei møter på flukta – ei høgst original tolking av soga om øyrbyggane frå 1200-talet og psykedelisk sopp.
[ Islands sentralbanksjef med lærd bok om den dramatiske kampen til biskop Jón Arason ]
Romanen ender i ei slags draumeaktig skildring av korleis madame Riskvist, som dei har overmanna i den lange fluktferda og lagt levande i ei kiste, vert teken ut av kista og plassert på Kolbeinsey: Både forteljaren og den no mildare sjukepleiaren vert redda av eit bergingsmannskap som kjem i helikopter.
Men vert romanen redda? Eg tvilar på det. Dette er nok meir eit kvileskjær for forfattaren av dei storarta romanane Svar på brev frå Helga og Reisen til livsvannet.