’Den grønne øya’ er ein god roman. Men det tok ei stund før eg oppdaga det

Gert Nygårdhaug veit kva han gjer. «Den grønne øya» blir etter kvart ein intenst spennande skildring av to menneske på randen av klimakatastrofe.

KLIMA-ALVOR: Ingen skal skulde Gert Nygårdshaug for å kaste seg på ei ny litterær klimabølgje. Engasjementet og skildringa av dei store etiske utfordringane klimaendringane stiller menneska overfor, har vore ein raud tråd i forfattarskapen.
Publisert Sist oppdatert

Gert Nygårdshaugs nyaste bok skildrar ei verd i omfattande økologisk krise, sannsynlegvis på veg mot den store katastrofen: Havet stig, grunnvatnet forsvinn og varmen og fråveret av regn er i ferd med å ta knekken på alt liv.

Romanen Den grønne øya blir lansert knappe tre veker etter at FNs klimarapport understreka at det er svært sannsynleg at alt dette vil kunne skje i nær framtid, dersom då ikkje menneska gjer dramatiske grep. Timinga på årets utgjeving er altså upåklageleg. Men ingen skal skulde Gert Nygårdshaug for å kaste seg på ei ny litterær klimabølgje. Forfattaren har tvert om vore ein pioner innafor dette feltet. Allereie i 1989 utgav han Mengele Zoo, den første romanen av til no fire om den ytterleggåande brasilianske klima-aktivisten Mino. Engasjementet for klima og skildringa av dei store etiske utfordringane dette stiller menneska overfor, har altså vore ein raud tråd i forfattarskapen i over ein mannsalder. Desse utfordringane er også sentrale i årets roman.

Barn i klimakrisa

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP