Anmeldelser

Ny artikkelsamling frå Dag Solstad kastar nytt lys over forfattarskapet

Dag Solstads nye samling artiklar inneheld likt og ulikt om litteratur – og forfattaren sjølv. Gullet veg tyngre enn gråsteinen.

Dag Solstad er ein institusjon i seg sjølv i den norske litterære røynda. Få blir som han gjenstand for beundring, forarging, mytologisering og misunning. Kva er det Dag Solstad har som ikkje andre har?

Forfattaren som nyleg fylte 80 år, har eit forfattarskap som spenner over sju tiår, frå debuten med novellesamlinga Spiraler i 1965 og fram til Artikler om litteratur 2015–2021, som kom ut denne veka. Det eksistensielle – og samtidig lett komiske – utanforskapet spelar ei rolle i mange av bøkene, ikkje minst i romanane om Bjørn Hansen, mannen som av fri vilje set seg i rullestol og blir sittande der. Den litterære outsiderposisjonen kan synest å vere nært av ei liknande sjølvforståing hjå Solstad. At den feira forfattaren reknar seg som ein outsider, kjem fram i den nye boka hans.

---

Prosa

Dag Solstad

Artikler om litteratur 2015–2021

520 sider, Oktober 2021

Solstad

---

Dette er i seg sjølv interessant, ettersom Solstad i dag står i sentrum for den litterære interessa i Noreg, og i tillegg – på sine eldre dagar – har slått igjennom internasjonalt. Nyleg gav forlaget hans ut eit festskrift for å ære han på 80-årsdagen.

Briljant ironi

Eg får sjølv tone flagg: Eg er blant dei som følgjer Solstads forfattarskap, og ikkje minst den seinaste halvdelen av Solstads forfattarskap, med stor interesse. Dermed er også ei ny bok med artiklar – Solstad har gitt ut fleire slike – i utgangspunktet mat for mons.

Og det opnar godt. Allereie i forordet er Solstads slagkraftige og vittige persona etablert i teksten, med ei lettare innfløkt utgreiing om kva slags artiklar som blei med denne gongen, og kva slags artiklar som vil komme ut i ei framtidig bok, under tittelen Artiklar. Resten. No vel, den som lever, får sjå.

Det opnar godt. Allereie i forordet er Solstads slagkraftige og vittige persona etablert i teksten.

—  Alf Kjetil Walgermo

Dernest kjem foredraget «Reisen vekk fra Sandefjord», som er blant dei beste tekstane i boka. Her får vi demonstrert Solstads briljante ironi, der han hevdar å ikkje ha behov for å skrive sitt eige liv, samtidig som han i den sjølvsamme teksten gir oss ei fengande forteljing frå oppveksten, reisa bort frå barndommen, «hans livs reise», ei reise som også kan seiast å ha halde fram til i dag.

Underfundig jakt

Av dei 19 artiklane i boka, er det nettopp tekstane som kastar lys over den unge Solstads veg mot å bli forfattar, som er dei aller mest interessante. I så måte utgjer den siste teksten i boka eit høgdepunkt, der Solstad skriv om oppveksten sin i lys av Knut Hamsuns forfattarskap. Det var møtet med Hamsuns tidlege bøker, Sult, Mysterier, Pan og Victoria, som gjorde Solstad til forfattar.

Meir underfundig er Solstads jakt på sitt tidlege eg gjennom gamle understrekingar i Franz Kafkas Slottet, i ein tekst som eigentleg skal handle om Albert Camus’ Myten om Sisyfos. Dette er typisk Solstad – han kvir seg sjeldan for å følgje dei omvegane han sjølv meiner er relevante. Arbeidsmetoden seier meir om Solstad som forfattar enn dei aktuelle understrekingane.

Godt og urimeleg

Eg skal ikkje i denne meldinga gå nøye inn på kvar av tekstane i Artikler om litteratur 2015 – 2021. Talen ved Jon Michelets båre er både morosam og rørande. Teksten om Thomas Manns Josef og hans brødre sett gjennom Manns dagbøker frå 1933/34, er opplysande og interessant. Det gjeld overordna sett mange av artiklane i samlinga. Likevel undrar eg meg over at Solstad inkluderer tekstbrokkane sine frå ei utstilling av biletkunstnaren Sverre Bjertnæs. Sjølv meiner forfattaren av dei handlar om språket hans, og det stemmer jo. Likevel er tekstane trøyttande og utan nemneverdige innsikter, om enn med ein viss humor: «Hovedsakelig et gult bilde.»

Solstad kvir seg sjeldan for å følgje dei omvegane han sjølv meiner er relevante.

—  Alf Kjetil Walgermo

To tekstar som for meg står og bikkar, er artiklane om Olav Duun og Selma Lagerlöf. Det verkar ikkje som om Solstad nærmar seg desse forfattarskapa med vilje til å overvinne det han allereie kjenner på kroppen – at dei er uvesentlege og utdaterte for han. Nedlatande kallar han Lagerlöfs Gösta Berlings saga ein dameroman, rett nok ein god dameroman – ein påstand som kjennest i utakt med vår eiga tid. Konklusjonen om at Duuns forfattarskap er forelda, irriterer meg derimot mest fordi Duuns bustad gjennom mange år ligg i gangavstand frå hytta vår, ei innvendig som synest like rimeleg som Solstads utfall mot Duuns livssyn og humanistiske moral.

Solstad og Gud

I den førre romanen sin, Tredje, og siste, roman om Bjørn Hansen (2019), følgjer Solstad i særleg grad opp spørsmålet om Gud, som han har handsama i fleire romanar tidlegare. Ettersom dette spørsmålet er av ei viss interesse også for Vårt Lands lesarar, ligg det på meg å spørje: Kva skriv Solstad om Gud i si nye bok? Ikkje svært mykje, utan at eg tenker på det som ein prekær mangel. Men kanskje vi kan håpe på ein meir omfattande tekst om Solstads gudsomgrep i den varsla «Artikler. Resten»?

I den føreliggande boka får vi vite at romanen T. Singer eigentleg skulle ha heitt «Et Guds barn». Vi får vite at Solstad forlét kristentrua i 14/15-årsalderen, «utan at det kosta han noko», og at han deretter blei ein ateist som las metafysiske romanar med lidenskap. Nytt for meg: Den første teksten hans med kunstnariske ambisjonar, ein stil i tredje klasse på barneskulen, hans «første forsøk på kunstnerbanen», handlar om paven som hamnar i helvete. «For noe tøv du har skrevet», var tilbakemeldinga frå læraren.

Tilfører noko eige

Solstads nye artikkelsamling, den sjette artikkelsamlinga hans om litteratur, kjennest ein smule ujamn. Tøv er det likevel lite av her. Somme tekstar er tungt siterande, med lange sitat etter kvarandre, over fleire sider. Somme stader blir det gråstein.

Gullet er likevel det mest iaugefallande. For dei som er interesserte i Dag Solstads litteratur, er dette ei bok som både tilfører noko eige og kastar nytt lys over forfattarskapet.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Anmeldelser