Forteljinga om kristenfolkets ugjerningar mot jødane er gjennomskakande lesnad

I eit klårt språk med grundig dokumentasjon syner Mette Nygård korleis kristendomen gjorde jødane til fiende.

Holocaust
NATTSVART HISTORIE: «Jøde» er smøra utover vindauga på ei forretning dreven av jødar i Berlin i juni 1938. Holocaust kjenner vi til som eit heslig minne om nazismens grufulle gjerningar – men vår del i dette som kristne, ja som Kyrkje, har vi framleis vanskeleg for å sjå.
Publisert Sist oppdatert

Det finst mange mørke kapittel i kyrkjesoga.

Av dei mørkaste er forteljinga om korleis menneska har omtolka Guds altomfemnande kjærleik til vondskap ved å tildela jødefolket kollektiv skuld for drapet på Jesus.

Men dette er ei forteljing som framleis ikkje har nådd fram til kristenfolket i all si gru, med Shoa – eller Holocaust – som vondskapens største triumf over Guds paktfolk. Jo, Holocaust kjenner vi til som eit heslig minne om nazismens grufulle gjerningar – men vår del i dette som kristne, ja som Kyrkje, har vi framleis vanskeleg for å sjå.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP