Anmeldelser

Sigrid Undsets reiseskildring startar bra, men sporar av i visvas

Nobelprisvinnaren står fram som besteborgarleg, fisefin og politisk naiv. «Tilbake til fremtiden» høyrer først og fremst fortida til.

Kvifor er ikkje Sigrid Undsets krigsreiseskildring Tilbake til fremtiden meir kjent? Undset har for alltid skrive seg inn i norsk skjønnlitterær kanon med romantrilogien Kristin Lavransdatter (1920–1922). Også romanar som Fru Marta Oulie (1907) og Jenny (1911) er godt kjente for eit lesande publikum. Tilbake til fremtiden, derimot, blei aldri folkelesnad. Det er fleire grunnar til det.

I første omgang synest det underleg, for Sigrid Undset skulle uforvarande bli eit av våre litterært sterkaste augevitne til krigsutbrotet i Noreg i april 1940. I Tilbake til fremtiden skildrar ho opplevinga av å vere i Oslo den 9. april, og korleis ho kjem seg på det stappfulle formiddagstoget til Lillehammer. Undset er sjølv prega av stoisk ro, til sams med mange av dei ho ser rundt seg. Men dramatikken i situasjonen kjem godt fram: «I det samme vi kjørte ut av stasjonen, falt det et par bomber så nær at toget ristet og slingret som det skulle hoppe av skinnene.»

---

Bok: Reiseskildring

Sigrid Undset

Tilbake til fremtiden

298 sider

Aschehoug 2021

Undset

---

Pensum på skulen

Den første av fem delar i boka er via flukta nordover i Noreg. Mens eg les, kjenner eg kor det sitrar nedetter ryggen av spenninga som Undset formidlar med nøktern og stilsikker språkføring. Heilt usentimentalt skildrar ho dei første krigsdagane på eit vis som forbløffar meg. Eg blir sitjande og lure på kvifor ikkje desse skildringane har vore pensum på ungdomsskulen eller vidaregåande. Så rått, så spennande er det.

Heilt usentimentalt skildrar ho dei første krigsdagane på eit vis som forbløffar meg.

—  Alf Kjetil Walgermo

Forbløffande er det også korleis Undset stenger av for sine eigne kjensler knytt til eldstesonens Anders’ død. Han blir eit av dei første offera for den tyske invasjonen. Men Undset dveler ikkje ved sitt eige tap. Ho følgjer i staden sporet vidare som augevitne og observatør, samtidig som ho blir meir og meir kommenterande til det ho opplever under flukta frå invasjonsmakta.

Sporar av

Men det er også her boka sporar av, kanskje ikkje som reiseskildring i ei spesiell tid, men som eit historisk viktig dokument. Så snart Sigrid Undset har komme seg over grensa til Sverige, fell Tilbake til fremtiden i nerve og kvalitet. Først ikkje så merkbart, mens Undset oppheld seg i Stockholm og ventar på nytt om den yngste son sin, Hans. Her er refleksjonane framleis gode og mykje av nerven knytt til krigsutbrotet intakt.

Undset

Undset tek ikkje sjansen på å bli verande i eit Sverige som når som helst kunne bli dratt med i krigen. Ho peilar ut kursen mot USA, via Sovjetunionen og Japan. Men i det same Undset og son tek plass til flyet til Moskva, er det som om forfattaren byrjar å skrive ei heilt anna bok.

Besteborgarleg visvas

«Fjorten dagar i Russland» heiter tredje kapittel, og den korte tidsperioden er ekvivalent med innsikta i russisk kultur. Undset hatar kommunismen. Uheldigvis hatar ho samtidig alt russisk, med ei enerverande terping på dårleg folkehygiene. Ho ser berre «skittenhet, forfall og usselhet» kvar enn ho snur seg, heilt utan evne til å møte det russiske folket med sympatisk resonans. På dryge seksti boksider registrerer eg berre eitt formildande trekk sett med Undsets blikk: Russarane er i det minste glade i blomster!

Den norske nobelprisvinnaren står fram som så besteborgarleg og fisefin at ein tidel kunne vore nok.

—  Alf Kjetil Walgermo

Den norske nobelprisvinnaren står fram som så besteborgarleg og fisefin at ein tidel kunne vore nok. Skildringane av russisk mugg, møkk og støvelolje skaper minimal forståing for samfunnet ho durar igjennom på veg mot det lova landet, USA. Alt er berre «slasket» og «sjusket», sjølv kyrne manglar individuelle trekk (ein openberr spøk), og russiske kvinners vilje til kroppsarbeid blir vurdert som grobotn for eit autoritært samfunnssystem. Stygt sagt lirer Undset av seg seksti sider med visvas.

Analysane blir heller ikkje betre når Undset kjem til Japan, som er emne for det fjerde kapittelet. Det er like før ho reinvaskar dei krigførande styresmaktene fordi folket er så nøye med å bade og kle seg i reine kimonoar. Ho står fram som overraskande politisk naiv, noko som sjølvsagt er lettare å seie i dag, når vi har eit meir fullstendig bilete av Stillehavskrigen.

Dryge påstandar

Reisa vidare til USA får inga handsaming i Undsets bok. I staden brukar ho den femte og siste delen av Tilbake til fremtiden, som ho skreiv i New York og gav ut på engelsk i 1942, på essaystikk ikkje minst om demokrati og totalitarisme. Det er mykje interessant å hente her, men heilskapsinntrykket bli skjemma av nokre absurde påstandar forkledd som analysar. Blant dei drygare frå den katolske forfattaren er vel at Martin Luther skal ha vore ein psykopat, men verre er hangen til å påvise psykopatisk trekk i den tyske psyken heilt attende til mellomalderen. Dette er så visst ord ytra i si tid, mens andre verdskrigen framleis raste. Men det er farleg nær den raseteorien som tyskarane sjølv praktiserte så grufullt, at ein kan identifisere skadelege trekk ved eit heilt folk.

Undset seier at det tyske folk ikkje er noko «rase», men ei etnisk gruppe – «og det ser ut som usunn og skjebnesvanger slektsarv etter hvert har gjennomsyret hele denne etniske gruppen i høyere grad enn andre stader».

Verkar datert

Totalt sett er det dermed nokså openbert at denne boka ikkje er tidlaus som dei beste av Undsets romanar; derimot verkar ho på mange vis datert. Ei anna og styggare historie er at kapittelet om Sovjetunionen førte til russisk press mot publisering av boka i Noreg etter krigen. Ho kom ikkje ut før etter Undsets død i 1949.

Forfattaren Morten Strøksnes – som har eit godt etterord i boka – og Aschehoug forlag har gjort ein prisverdig jobb med å trekke Tilbake til fremtiden fram frå gløymsla igjen. Ho er interessant lesnad, og det første kapittelet burde nyttast i skuleverket. Men ein gløymt klassikar frå Undsets hand er boka dessverre ikkje.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Anmeldelser