Flannery O’Connor møter Karen Blixen på nattklubb: «Ein lykkeleg slutt» er internasjonal forteljekunst av beste merke
Maren Uthaug har skrive ein fabelaktig slektsroman med døden som knagg . Du har garantert ikkje lese noko liknande.
SUKSESSOPPSKRIFT: Maren Uthaug er ein dansk-norsk-samisk forfattar, teikneserieskapar og bloggar. For romanen «Ein lykkeleg slutt» er ho nominert til den prestisjetunge EU-prisen. Boka har allereie vunne Læsernes Bogpris i Danmark.
Thomas Howalt Andersen/Samlaget
Uthaugs tredje roman er ei medrivande og grensesprengande skildring av sju generasjonar menneske som, både profesjonelt og elles i livet, i større grad enn andre har vore opptatt av sorg og død. Det heile er lagt i munnen på Nicolas, ein barnefar som frå starten av er tydeleg på at den neste generasjonen også skal bli den siste. Nicolas arbeider i gravferdsbransjen akkurat som forfedrane. Allereie i den første setninga får lesaren vite at han er nekrofil. Dermed er tonen satt.
Dunkelt opphav, mørk samtid
Slektskrøniken startar med ei nesten mytisk forteljing om den danske sjømannen Christian. Ein gong på attenhundretalet strandar han på ei stillehavsøy og får barn med ei han kallar Konkylie. Deretter får vi i tur og orden høre historiene om dei ulike etterkommarane som alle, bortsett frå vår mann altså, ber fornamnet Christian. Frå den dunkle starten blir det stadig mørkare.
Bestill abonnement her
KJØP