Anmeldelser

Å skrive ei bøn

Tilbakeskodande og nyskapande storverk frå Jon Fosse.

Det er allereie nokre år sidan den verdskjende dramatikaren Jon Fosse sa han ikkje ville skrive skodespel lenger. Rykta har gått om at han var i gong med noko heilt anna, eit større verk med langsam prosa. No er dei to første binda av det som skal bli ein septologi, eit sjubindsverk, her. Og utgjevinga viser at dette er eit storverk, vel verd å vente på.

Målaren Asle

Det er ikkje eit stort lerret Fosse dreg opp i starten. Målaren Asle førebur ei ny utstilling og er i ferd med å velje kva han vil presentere av alt det han har laga, samtidig som han reflekterer over livet: Den første setninga i begge binda startar med ein konjunksjon og eit verb som har bibelsk klang: «Og eg ser meg stå og sjå mot biletet med dei to strekane».

For første gong planlegg Asle å bli med naboen Åsleik og feire jul saman med søstera hans. Dessutan får vi vite korleis det går når Asle møter ein målarkollega med same namn, som har blitt alkoholikar og som får delirium. Og i utkanten av handlinga finn vi den elska Ales, ein hund, ei kvinne med eit godt hjarte for mange menn, samt ein spelemann.

Gjenbruk

Dette er universet slik Fosse har skapt det. Ikkje berre namna, personane, men også forteljemåten, refleksjonane, skildringane liknar på noko vi har lest før. Store delar av Melancholia 1 (1995) handla om målaren Hertevig, og ein kvinneleg målar har hovudrolla i skodespelet Jenta i den blå sofaen (2002). Begge dei første binda av Septologien sluttar med ei bøn. Det gjer også romanen Det er Ales (2004). Dei som har lese Fosses essay eller tekstar om forfattarskapen, vil også kjenne igjen noko i Asles refleksjonar om Gud og tru. Glimta frå Asles barndom ber minningar om skildringane i Prosa frå ein oppvekst (1994).

Mange vil kjenne igjen noko, men knapt nokon alt. For det mangfaldige forfattarskapet til Fosse inneheld både romanar, forteljingar, skodespel, essay, poesi, barndomsskildringar og også barnebøker. Ulike lesarar les ulike tekstar på ulikt vis. Dramatikken har blitt meldt av teatermeldarar, bøkene av litteraturmeldarar, essaya har blitt lese av andre igjen. Resultatet er at få har sett dei samanhengane som ligg heilt oppe i lyset mellom tekstar i ulike sjangrar frå same tid. Denne boka gjer samanhengane tettare og lettare å få auge på, mellom prosa, drama, poesi og essay. Det er snakk om god gjenbruk av scenografi og rekvisittar som hus, naust, båtar og svarte frakkar.

Eg ser for meg at Fosse no har gått gjennom det han har produsert før, funne ut kva som har verdi og sett det saman til ein ny heilskap for å presentere det som ei retrospektiv utstilling med store og små bilete. Ei slik utstilling viser nye samanhengar og peikar på same tid framover.

Her er eit driv og ein flyt som ei elv eller ein foss.

—  Rolv Nøtvik Jakobsen, kritiker

Guds mørker

Er det då ikkje nokre nye element her? Jo, absolutt. Til dømes ei inngåande skildring av ein alkoholikar på samanbrotets rand, med skjelvingar og delirium. Og mot slutten av det andre bandet minnest Asle eit møte med ein urovekkande karakter, Skallen, som køyrer bil og er meir interessert i unge gutar enn godt er.

Sjølv om nokre av motiva liknar, er dei ikkje like. Både målaren Asle og forfattaren Fosse er opptekne av nyansane, korleis dei tilsynelatande same orda og fargenamna peikar mot eit stort mangfald: «for det kan sjølvsagt ikkje finnast namn på alle dei tallause fargane som finst». Asles refleksjonar om fargenyansar er ein raud tråd gjennom det heile. Dei peikar også mot innsikter om kunstens vesen og om Gud. For Asle må bruke ikkje-fargen svart for å kunne måle og spør seg sjølv: «ja korleis skulle eg vel ha klart å måla bileta mine utan å nytta svart? nei det skjønar eg ikkje, for det er i mørkret Gud bur, ja Gud er mørker, og dette mørkret, Guds mørker, ja dette ingenting, ja det lyser, ja det er frå Guds mørker at lyset kjem».

Driv og flyt

Fem hundre sider, av det undertittelen lovar skal bli eit sjubindsverk, er ein maratondistanse. Fosse har kalla det langsam prosa, men om det ikkje går fort, er det eit valdsamt driv her. Bøkene gjer det mogleg å få auge på noko som særpregar dei beste tekstane Fosse har skrive. Her er eit driv og ein flyt som ei elv eller ein foss. Det stoppar ikkje opp ved overgangen mellom dei ulike perspektiva eller tidsplana, her er heller ingen kapitteldelingar eller punktum.

Dette drivet trur eg er underkommunisert i skildringar av Fosses skrivemåte: gjentak og avbrotne setningar, det ein kan kalle stotring, ja vel. Men det er vel så viktig å løfte fram korleis flyten og intensiteten gjer at lesaren blir tatt med vidare og djupare for kvar setning.

Sjølvbiografisk?

Det andre namnet er ingen sjølvbiografi eller ein nøkkelroman basert på den snart sekstiårige forfattarens liv. Det er ikkje vanskeleg å kjenne igjen trekk frå forfattarens utsjånad og stader han har vore, men det er på ingen måte nødvendig for leseopplevinga. Tittelen Det andre namnet er inspirert av Bibelens siste bok. I Johannes' openberring (2, 17) heiter det gåtefullt nok at den som sigrar skal få den løynde manna. Og vidare: «Og eg vil gje han ein kvit stein, og på steinen er det skrive eit nytt namn som ingen kjenner utan den som får det.» Vårt Lands lesarar vil kanskje også kjenne igjen eit innleiande sitatet som blir brukt i boka: Det er fredsbøna frå gudstenestas Agnus dei:  «Dona nobis pacem.»

Håp, trass alt

Utgjevinga kjem rett i forkant av Fosses sekstiårsdag og markerer samstundes at han har skrive profesjonelt i førti år. Allereie frå starten skreiv han poetiske setningar som ligg ei religiøs tyding nær. Nokre tematikkar har likevel blitt viktigare undervegs. Døden har vore ein nesten konstant følgjessvein i diktinga heilt sidan sluten på 1990-talet. I det nye verket er døden til stades, som røyndom eller moglegheit heile tida. (For dei som likar statistikk er «døden» nemnt over tretti gonger.) Og det siste tiåret har det også blitt tydeleg at dette er ein forfattar med ei kristen tru.

I Det andre namnet kjem det nære forholdet til kristen tru tydeleg til syne i Asles refleksjonar om Gud, og kanskje særleg i bønepraksis hans. Han ber, med og utan rosenkrans, ulike bøner. Bøna er like nærverande som døden, og Fosse har tidlegare skrive at skriving er bøn. Her er bønene integrert i det skrivne verket, og er med på å gje struktur og ramme til det heile. Eg har ikkje sett noko som liknar før.

Dommedag over seg sjølv?

Alt tyder på at Fosse kan stemme i Ibsens formulering om kva det er å dikte. Men frå inngangsorda til dei avsluttande bønene i Det andre namnet viser Fosse fram eit anna håp for framtida enn det vi finn hos den eldre diktarkollegaen. Det er ei tru på forsoning i romanen, trass i, og kanskje nettopp på grunn av, dei mørke fargane.

Er det for tidleg å utrope dette til eit storverk som kjem til å bli ståande lenge? Nei, eg synst ikkje det. Dette er kloke og varme bøker. Fosse skriv gjennom det heile på sitt beste. Det er noko nytt her som peikar framover, inn i framhaldet og strake vegen inn i norsk litteraturhistorie.

Les mer om mer disse temaene:

Rolv Nøtvik Jakobsen

Rolv Nøtvik Jakobsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Anmeldelser