Anmeldelser

Kaotisk elendigheitsporno frå Afghanistan

Norge svikta i Afghanistan. Det gjer dessverre også Anders Hammer si bok.

Å lese boka Faryab. Arven etter Norge er som å miste tråden i noko, og aldri finne den att mellom afghanske familiar sine tragiske historier. Og det manglar ikkje på elendigheit.

Hammer tar oss med så langt ned i den at vi nesten kan kjenne kjensla av å sitte fast i den hengemyra internasjonale styrkar i Afghanistan har sitte fast i sidan 2001.

Go-to-mann

Eg gledde meg til å lese boka Faryab. Arven etter Norge. Anders Hammer er prisløna og beundra, hjå meg sjølv inkludert. Det er ikkje utan grunn. Hammers innsats for å dokumentere overgrepa, dei ufortalte historiene og enkeltmenneska frå krigen i Afghanistan er eineståande frå eit norsk perspektiv. Han har vore den store go-to-mannen for norske og internasjonale media.

Dokumentarfilmane hans om situasjonen har blitt vist på mellom anna NRK Brennpunkt, der dei har vore med på å forme nordmenn si oppfatning om det som skjer i Afghanistan. Kameraet til Hammer er med gjennom boka, som ein slags rekvisitt han aldri tar pause frå, og her kjem ein mistanke snikande. Er det slik at filminga var sjølve hovudprosjektet til Hammer, medan bokskrivinga er litt forhasta ekstraarbeid? I Faryab. Arven etter Norge kan det nesten virke slik.

LES MEIR: – Mulighetene for rehabilitering svekkes hvis vi lar Syria-barna bli værende, advarer psykologspesialist Reidar Hjermann

Monoton tyngde

Det er ikkje noko håp i historiene som blir fortalt. Det er ingen løysingar. Det er berre mørkt. Så mørkt at alle trådar forsvinn. Det same gjer disposisjon og struktur. Men kanskje er den kaotiske og heseblesande stemninga i boka eit litterært grep for å vise korleis krigen verkeleg er for å ta lesaren nærare den verkelegheita som fins i Afghanistan? Om det er eit litterært grep, så er det ikkje vellukka.

Det er tungt å bla om frå side til side, berre for å vite at det òg i neste kapittel fins skjebnar så sterke at dei knapt er til å halde ut. Likevel blir dei bretta ut, igjen og igjen heilt ut i det monotone. Anders Hammer snakkar med alle. Mødrene. Brørne. Sønene. Den uredde kvinnelege legen. Den uredde kvinnelege journalisten. Ikkje minst krigsherren Nizamuddin Qaisari, som kanskje er bokas hovudperson, viss ein kan bruke eit slikt omgrep i ei slik bok.

Blodraud tråd

Den eine familien har det verre enn den andre. Nokon har mista ein son, andre har sett kroppsdelane ligge spreidd rundt etter at sjølvmordsbombarane har trykka på knappen. Viss det fins ein tråd i boka, så er den raud av alt blodet som fyller sidene.

Det blir så mange skjebner og så mange enkelthistorier på så kort tid at det er vanskeleg å ta dei alle inn over seg og bli kjend med dei. Fleire gonger når ei ny historie dukkar opp, spør eg meg om det er den same eg las for nokre sider sidan. Men så er namnet på personen som fortel ulikt.

LES MEIR: – Er det noe som viser oss at vi er bundet sammen på tvers av kontinentene, så er det klimaendringene, sier Tonje Vold

Manglar nyansar

Kanskje er det urettferdig å kalle det elendigheitsporno. Kanskje er Faryab-provinsen i Afghanisan berre i ein så svart, mørk og kjip situasjon som Hammer skildrar den. I så fall står det langt verre til i Afghanistan enn det mange av oss trur. Mange som jobbar med internasjonale og humanitære spørsmål har reagert på at Norge er blant dei einaste landa i Europa som returnerer asylsøkarar til internflukt i Afghanistan, men sjølv vi bør la oss sjokkere av det monotone mørket i Hammers bok.

Fins det ikkje alltid ei strime av lys? Ei kjelde til håp? Kan alt gå galt samstundes, slik Hammer ser ut til å meine at det gjer i Afghanistan? Nyansane får i alle fall ikkje plass i Hammers bok. På den måten vert vi heller ikkje klokare på kva Afghanistan treng framover. Kva veg det internasjonale samfunnet bør gå for å få landet på rett kjøl, ei heller dei afghanske politikarane.

Ikkje nådig

Den uredde og modige Anders Hammer har eigentleg ei god og viktig sak. Han er ikkje nådig mot norske politikarar, Forsvaret og strategien bak at norske styrker trakk seg ut frå Faryab i 2012. Boka er på sitt beste når den fortel om alle dei som var villig til å stille opp med hjelp til afghanarane som hadde risikert livet for å samarbeide med norske styrker den tida dei opererte i Faryab: Tolkane, reingjerarane og alle dei andre som bidrog i Norges operasjoner i Afghanistan. Svik er ikkje eit ord Hammer nyttar, men det ville vore eit dekkande ord. Dei kaotiske historiene som blir fortalt skapar alle ei klar kjensle av eit Afghanistan som ikkje er trygt for nokon andre enn dei som sit inne i presidentpalasset eller på toppen av korrupsjonspyramiden.

Kritikken mot den norske bistands- og militærinnsatsen hadde vore sterkare og meir slagkraftig dersom nyansane hadde fått sleppe tydelegare fram i historiene Hammer presenterer for oss.

Det er berre så synd at ei så viktig historie ikkje er betre fortalt.

---

Bok

  • Anders Hammer
  • Faryab. Arven etter Norge
  • Forlaget Press, 220 sider

---

---

Asylintervjuet

  • Når en asylsøker kommer til Norge, må han eller hun først registrere seg hos politiet.
  • Der oppgir asylsøkeren en rekke sensitive personopplysninger til politiet, blant annet om etnisitet, religion, politisk tilknytning og helsemessige forhold.
  • Deretter får asylsøkeren et intervju med Utlendingsdirektoratet (UDI). Disse danner grunnlaget for behandlingen av asylsøknaden i UDI.
  • En eventuell klage på avslag på asylsøknad blir behandlet av Utlendingsnemnda (UNE). Her vedlegges også asylintervjuet.

---

Emil André Erstad

Emil André Erstad

Emil André Erstad er kommentator i Vårt Land. Han skriv om norsk og internasjonal politikk. Han har tidlegare jobba i Den norske Helsingforskomité, har erfaring som rådgjevar på Stortinget og har utdanning i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen.

Mer fra: Anmeldelser