Anmeldelser

Gospel på tvers av tru

I det amerikanske koret Oakland Interfaith Gospel Choir finst det songarar frå eit tital ulike trusretningar. Saman med SKRUK skapte dei gospeltrøkk på Moldejazzen.

Per Oddvar Hildre, også kjent som Prots, er ein mann med usedvanleg pågangsmot og vedvarande entusiasme. 65-åringen dirigerer framleis SKRUK, og har stadig nye interessante kulturutvekslingsprosjekt på gang. På Moldejazzen gjekk koret til røtene saman med det amerikanske Oakland Interfaith Gospel Choir, som har songarar frå eit tital ulike trusretningar. Røter i denne samanhengen kunne tolkast både musikalsk, med referanse til både den norske bedehusmusikken og amerikanske spirituals, og åndeleg – trass dei ulike trusretningane var det ingen tvil om det var den kristne Gud som vart æra med musikken.

Pondus

SKRUK har hatt suksess med ei rekke konsertar på Moldejazzen tidlegare, heilt attende til prosjektet Hallelujazz saman med Ytre Suløens Jazzensemble i 1982. Om vi reknar med den sterke regionale pondusen Prots og SKRUK har i tillegg, var det ikkje rart at folk i Møre og Romsdal hadde gått mann og kvinne av huse for å få med seg nettopp denne konserten på Moldejazzen. Jazz var dette ikkje, men gospel i Molde Domkirke er heller ikkje til å kimse av.

Vestkyst møter vestkyst var også eit motto for denne sympatiske konserten. Meir enn kulturutveksling var nok dette to kor som likar lyden og hjartelaget hjå kvarandre. SKRUK hadde første avdeling, så tok Oakland over, og saman skapte dei full gospeltrøkk i den avsluttande delen.

LES KOMMENTAREN: Festival i spenn

Bedehus

Det begynte rett nok i det stille, og vel så effektfullt, med fadervåret på gammalarameisk, Jesu eige talemål. Korsongarane stod i sirkel langs kyrkjeveggane. Og snakkar vi om røter, skal det godt gjerast å nå djupare ned enn i opninga SKRUK stod for her. Deretter eit gigantsteg fram, til «Kärlekens tid», med tekst av Ylva Eggehorn og melodi av ABBAs Benny Andersson, før vi fekk dei to bedehussongane «Å Jesus, åpne du mitt øye» – sungen som a capella solosong – og «Navnet Jesus». Tonane kan verke i overkant kjente for koral framføring, men nettopp det greidde SKRUK med glans, ikkje minst på grunn av glitrande solistsong.

Bedehus var det også i den neste songen, «Å, var eg meir deg Jesus lik», der vi fekk eit møte mellom Matias Orheim, den gamle lekpredikanten og salmediktaren, og samtidskomponisten Magnar Aam. Det var noko leikent og nesten vågalt med endå ein song i denne tradisjonen, men nytolkinga stod fint i samanhengen.

LES OGSÅ: Vingeklippet av lovsangen

Høge mål

Så var det tid for ein glidande overgang frå SKRUK til Oakland Interfaith Gospel Choir, på «Kyrie Eleison», der amerikanarane kom skridande opp midtgangen i kyrkjeskipet. Dirigent Terence Kelly viste seg på dei neste songane å ha karisma som ein baptistpastor. Kelly hadde openbert sett seg eit høgare mål for kvelden – å få det norske publikummet til å danse i benkeradene. Med dette lukkast han berre måteleg, trass stadige oppmodingar, men koret hans fekk opp temperaturen i kyrkjerommet med heftige versjonar av klassikarar som «How come we here» og «Wade in the Water».

Elektrisk

Då begge kora gav på mot slutten, ikkje minst på «Something's Got A Hold On Me», var det nesten elektrisk stemning i Molde Domkirke. Det var nettopp dette publikum var komne for å høyre. Verken SKRUK eller Oakland Interfaith Gospel Choir gjorde skam på forventingane.

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Anmeldelser