Musikk

Festival 
i spenn

Moldejazzen står i det vanskelege spennet mellom fornying og tradisjon. I år er det ekstra viktig å balansere.

Det har vore eit turbulent år for Moldejazzen. Den tidlegare festivalsjefen, Anders Eriksson, fann ikkje resonansbotn for sine visjonar og sin leiarstil i Molde og måtte gå av etter kort tid i sjefsstillinga. Konstituert leiar er Hans-Olav Solli.

Tidspunktet for trøbbel i toppen av festivalorganisasjonen var ikkje optimalt. For tida går kulturminister Thorhild Widvey gjennom knutepunktordninga, der Moldejazzen er ein av dei største stønadsmottakarane. Widvey har allereie uttrykt at knutepunktordninga ikkje kjem til å bli som ho er i dag.

Misnøye

Dette skjer samtidig som Kongsberg Jazzfestival, som ikkje har knutepunktstatus, ­uttrykker misnøye med millionane som hamnar i Molde kvart år. Det er ikkje overraskande tonar. Alle som er inne på knutepunktordninga, har gode argument for kvifor dei høyrer heime der. Og mange av dei som ikkje er der, har gode argument for kvifor dei burde vere inkluderte på lista. Kongsberg Jazzfestival, Trondheim Jazzfestival, Vossa Jazz, Maijazz, Nattjazz i Bergen, Oslo Jazzfestival og Sildajazz i Haugesund har i eit brev til Kulturdepartementet foreslått eit slags divisjonssystem der ein kan rykke opp eller ned basert på kunstnarisk og økonomisk suksess.

Moldejazzen sit ikkje like trygt i knutepunktet som før. Men festivalen kom godt ut av det i Kulturrådet si evaluering, og må kunne seiast å ha ei særeiga stilling blant norske jazzfestivalar. Årets festival i Molde er nummer 55 i rekka­, noko som gjer Moldejazzen til ­Europas nest eldste jazzfestival.

Tyngd

Moldejazzen har ein historisk sus og ei internasjonal posisjon som ingen av utfordrarane kan skilte med. Som einaste norske jazzfestival er Moldejazzen medlem i det internasjonale nettverket av dei 16 største jazzfestivalane i verda, International Jazz Festivals Organization. Det gir festivalen tyngd, samtidig som posisjonen forpliktar.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Utfordrande

Dersom regjeringa skulle komme fram til at Moldejazzen må klare seg med færre millionar i stønad enn dei får i dag, vil dette sjølvsagt vere utfordrande for festivalen. Dei seinaste tre åra har vore bratte økonomisk sett, med sviktande billettinntekter og negativ eigenkapital. Eg har også merka det i programmet, sjølv om det kan vere eit subjektivt inntrykk: Det er lenger mellom dei historiske musikalske høgdepunkta enn det var før.

Nokon svanesong er det likevel ingen grunn til å synge for Molde­jazzen. Sjølv om programmet verkar meir moderat enn i glansdagane, er festivalen framleis ein spydspiss på jazzfeltet. Men utfordringar finst det ­absolutt, ikkje minst knytt til kombinasjonen av kunstnarisk fornying og det å trekke ­publikum.

Vanskeleg spenn

Moldejazzen står i det vanskelege spennet mellom fornying og tradisjon. Kanskje kan vi sjå dei to konsertane i Bjørnsonhuset i år som eit symbol på dette. Den svenske, eksperimentelle saksofonisten Mats Gustafsson gav galskapen rom under opningskonserten måndag. Energisk avantgardejazz med 18 musikarar på scena kan vere interessant musikalsk, men er ingen publikumsvinnar. Fleire stolsete stod tomme under konserten. I går kveld stod vokaldivaen Dee Dee Bridgewater på programmet saman med Irvin Mayfield & The New Orleans Jazz Orchestra. Konserten var utseld på førehand, slik kyrkjekonserten også er utseld – tre gonger – for SKRUK i samsong med Oakland InterFaith Gospel Choir.

Mats Gustafsson er festival­artist i år, og han lova mellom anna å rive ned Molde Domkirke under solokonserten laurdag.

For Moldejazzen er utfordringa å bygge på historia og bygge opp nytt. Så står det att å sjå kor stor pengesekken frå Thorhild Widvey kjem til å bli.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Musikk