Kraftfull bibelhistorie

Den amerikanske undergrunnsteiknaren Robert Crumb lukkast svært godt i å overføre Bibelens første bok til teikneserie.

Det er mange hardkokte scener i Robert Crumbs teikneserieversjon av 1. Mosebok. Vår meldar meiner at Crumb verken spekulerer eller blir for unnvikande.
Publisert Sist oppdatert

Bibelen som teikneserie er ikkje eit nytt konsept. Eg hugsar godt dei små bøkene i ulike fargar eg fekk tak i som unggut. Når den amerikanske undergrunnsteiknaren Robert Crumb no har gitt seg i kast med 1. Mosebok, snakkar vi likevel om eit heilt anna nivå. Crumb, som vert rekna som den amerikanske undergrunnsteikneseriens far, tenkte i utgangspunktet å lage ei parodiforteljing om Adam og Eva. Så skulle han i staden bli så fanga av bibelteksten at han bestemte seg for å illustrere Bibelens første bok på respektfullt og uironisk vis.

Friskt blikk. Resultatet er svært tilfresstillande. Crumb nærmar seg bibelteksten med friskt blikk, men står aldri i fare for å forenkle eller forbryte seg mot innhaldet på anna vis. Det er tydeleg at teikneserieskaparen har gått til verket med eit ærleg ønskje om å forstå, og formidle.

Innhaldet i 1. Mosebok skulle vere kjent for dei fleste. Det gjer likevel inntrykk å følgje Crumbs illustrasjonar av alt frå skapinga og syndefallet til Josefs suksess i Egypt.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP