I lang tid har svenske bibliotekarar engasjert seg mot innføring av informasjonsplikt som vil gjere ei rekke statstilsette pliktige til å melde ifrå til styresmaktene om papirlause personar som oppheld seg ulovleg i landet. Punktet i den svenske regjeringsplattforma, som blei framforhandla av partia Moderaterna, Liberalerna, Kristdemokraterna og Sverigedemokraterna i 2022, har møtt heftig kritikk både av opposisjonspolitikarar og frå ulike bransjar, inkludert bibliotekarar.
– Det er mange bibliotekarar som har sagt at dei sluttar viss dette blir ei lov. Dei ville ikkje kunne halde fram med å jobbe dersom dette blir gjennomført, seier Richard Andersson til svenske Biblioteksbladet.
Andersson er ein av grunnleggarane av det svenske nettverket «Biblioteket anger inte». Dette nettverket følgde i kjølvatnet av ei landsomfattande rørsle av helsearbeidarar som uttrykte sterk motstand mot å registrere papirlause pasientar.
Førre veke blei det klart at både helsearbeidarar og bibliotekarar får unntak frå informasjonsplikta som skal gjelde ei rekke andre offentlege instansar. Det same gjeld skulen og sosialtenesta. Derimot skal den svenske skatteetaten, namsmannen, arbeidsformidlinga, pensjonsmyndigheitene, forsikringskassa og kriminalomsorga rapportere inn alle som ikkje har papira sine i orden.
– Når meldingsplikt blir lovfesta i ein del av samfunnet, kan det lett overførast til fleire område. Siste ord er derfor ikkje sagt, meiner sjefredaktør i Biblioteksbladet, Thord Eriksson.
«Angivarlov»
Leiar for Norsk Bibliotekforening, Helene Voldner, kallar den føreslåtte lova for ei «angivarlov». Ho er letta over at bibliotekarar likevel ikkje blir ramma av det kommande lovverket, som er foreslått å tre i kraft den 1. juli 2026.
– Men berre det at det i det heile tatt var oppe til debatt, er utruleg skummelt, seier Voldner.
– Det spenner beina under prinsippet om biblioteket som eit ope rom. Så det at ein har lagt det inn i potten i det heile tatt, synest eg er veldig skremmande.
Ho meiner at den svenske debatten har synleggjort at vi er nøydde til å vere på vakt mot at institusjonar som skal fremje kunnskap og danning, blir utsette for press.
– Eg trur vi må vere på vakt også her i Noreg, for dette viser så tydeleg at endringar kjem glidande. Vi kan ikkje tru at det berre skjer andre stader, men ikkje her, meiner Voldner.
Eg trur vi må vere på vakt også her i Noreg, for dette viser så tydeleg at endringar kjem glidande
— Helene Voldner
Åtvarar om press
Bibliotekforeiningsleiaren meiner at også norske folkebibliotek fort kan stå overfor situasjonar der folk utanfrå blandar seg inn og har meiningar om kva biblioteka skal innehalde. Det kan til dømes vere snakk om lokalpolitikarar som meiner meir enn dei burde og ikkje følgjer prinsippet om armlengds avstand.
– Derfor er det så viktig å ivareta dette prinsippet og oppretthalde redaktørrolla til biblioteksjefen, for at biblioteket skal kunne spele ei fri og uavhengig rolle, seier Voldner.
Ho meiner at nyhenda som kom denne veka tyder på at svenske bibliotekarar har gjort ein god jobb med å løfte fram biblioteket si viktige rolle.
– Men igjen, det er ei fallitterklæring at ein i det heile tatt må ta kampen. Biblioteket er det eine frirommet vi har igjen i samfunnet i dag. Så når det også blir trua, er det farleg, seier Voldner, og stiller spørsmålet:
– Kva rom er det då igjen som er trygge?
---
Lov om informasjonsplikt
- Eit foreslått lovverk i Sverige som gir offentleg tilsette i fleire sektorar plikt til å informere styresmaktene om personar utan lovleg opphald i landet, såkalla «papirlause»
- Lova er av kritikarar blitt omtalt som «angivarlova»
- Arbeidet med lova spring ut av regjeringsplattforma til Moderaterna, Liberalerna, Kristdemokraterna og Sverigedemokraterna, den såkalla Tidö-avtalen
- Lova er framleis ikkje formelt vedtatt, men er foreslått å tre i kraft den 1. juli 2026
---