– Det skremmer meg framleis. Det er ein heilt feilaktig måte å snakke på. Ein skjult trugsel som ikkje passar inn i det religiøse biletet mitt, seier Edvard Hoem.
Han snakkar om den kristne forkynninga han møtte då han som ungdom flytta frå Hoem i Ytre Fræna for å gå på skule i Molde. Ungdomstida er tema for den sjølvbiografiske romanen hans, Ung mann vil ut, som kom ut fredag.
Hoem vaks opp i ein indremisjonsfamilie. Faren var lekpredikant, noko han tidlegare har skrive om i romanen Mors og fars historie. Gudsbiletet den kjente forfattaren fekk med seg heimanfrå, var av eit anna og mildare slag enn forkynninga han møtte i skulelaget, der det heitte at du «må gi Jesus ditt hjerte. For i morra kan det være for seint.»
– Eg kom i opposisjon til denne forkynninga, med si sterke vektlegging av omvending og personlege vitnesbyrd, seier Hoem.
Politisk oppvakning
Like fullt braut ikkje forfattaren med det kristne miljøet i byen han hadde ungdomsåra sine i. Snarare skildrar han i boka korleis han står i spenn mellom det kristne og det radikale miljøet. Den politiske oppvakninga kom også på denne tida, ikkje minst gjennom utbreidd lesing av bøker og aviser på Molde bibliotek. Hoem engasjerte seg til venstre i samfunnsdebatten. Han blei ein del av eit radikalt ungdomsmiljø.
Sjølv om den unge Hoem utvikla seg til ein radikalar, heldt han altså framleis kontakten med dei kristne venene sine. Han fann seg ikkje til rette verken på dansegolvet eller på bedehuset, men hadde så å seie ein fot i begge leirar.
– Denne spenninga utløyste på ein måte forfattaren i meg, seier Hoem i dag.
Den nye boka hans handlar om ungdomsåra i Molde og den unge mannen si ferd mot å bli ein skjønnlitterær forfattar. Samtidig blir utreisetrongen frå ungdommen kontrastert mot heimlengsla til den aldrande mannen. I ungdommen lengta Edvard Hoem bort. Som gammal lengtar han heim.
– Eg trur det er ei veldig allmenn erfaring. Å ville frigjere seg frå strenge regime og det ein ikkje kan leve innanfor. Bli kjent med verda og korleis det ser ut der ute. Treffe dei som røyker og drikk, seier Hoem.
Den bortkomne sonen Edvard
Denne doble erfaringa har også spela inn på den kristne trua hans.
– I ein periode av livet mitt, frå eg var rundt tjue år gammal, var eg aldri i ei kyrkje. Men så begynte eg å lese bøker inspirerte av frigjeringsteologi. Og litt etter litt begynte eg på vandringa tilbake til kristendommen.
«Den bortkomne sonen Edvard» er ei formulering i den nye romanen. Hoem synest det er interessant at bibelforteljinga i den nye bibelomsettinga heiter «Sonen som kom heim».
– Men spennet er der. Eg lever i spennet framleis, seier han.
– Korleis då?
– Eg har det same miljøet og dei same heidenske venene som før. Men det er stor klimaforskjell frå 1970-talet. No er det ingen som reagerer lenger når eg snakkar om slike ting.
Litt etter litt begynte eg på vandringa tilbake til kristendommen.
— Edvard Hoem, forfattar
Går regelmessig til nattverd
Hoem har sjølv vore med på å bryte ned dei vasstette skotta mellom det kyrkjelege og det litterære miljøet, til dømes med boka Bibelhistorier som kom ut i 1995, ei attforteljing av sentrale historier frå Bibelen. Den kom ut berre eit år etter at Hoem hadde begynt å gå i kyrkja igjen, etter å ha vore «bortkomen» i lang tid.
– Frå eg gjekk ut som russ i Molde og til eg på nytt tok nattverden, gjekk det nesten tretti år. Ein professor sa at eg hadde gjort kuvending. Men det var det ikkje, altså! Det er snakk om veldig lange utviklingstrekk.
– Kva fekk deg til å ta nattverden igjen?
– Det var personlege forhold, at eg var lykkeleg.
– Det var lykka som dreiv deg til Kristus?
– Ja.
Nattverdsgangen var såpass oppsiktvekkande på midten av 1990-talet at formannen i den lokale kyrkjelyden skal ha sagt høgt midt i gudstenesta: «Kva er det eg ser oppe ved alteret; Edvard Hoem tek nattverden?»
Men slik var det altså. Og sidan har forfattaren halde fram med å gå regelmessig.
– Eg ser på nattverden som eit heilagt måltid. Samvær med Gud. Eit måltid med Gud. Men eg har ikkje behov for å gå inn i teologiske detaljar, seier han.
Jobbar på kviledagen
– Kva gir gudstenesta deg?
– Det trur eg er fellesskapet. Å møte andre som trur og håper. Så finst det jo også folk eg liker veldig godt å høyre på, som Margunn Sandal i Frogner kirke. Men like viktig er liturgien og salmane.
– Du er sjølv salmediktar. Du har elleve salmar i salmeboka. Kva tenker du om det?
– Eg er ein av dei nye salmediktarane som har flest salmar i salmeboka. Det hadde eg vel ikkje alltid sett for meg, men no er dei ein del av forfattarskapet mitt. Salmane har gjort forfattarskapet mitt rikare. Eg er veldig glad for at eg har skrive dei, seier Hoem.
Kyrkjegang og salmesong hindrar han ikkje i å jobbe på søndagen. Akkurat der syndar han framleis mot det tredje bodet, noko han hevdar å ha spesialløyve til frå ein rumensk kardinal, med personleg absolusjon livet ut.
– Det er ein livsrytme. Eg lever jo i forfattarskapet. Bortsett frå å vere far og ektemann og bestefar, har eg ikkje noko anna viktig oppdrag enn å vere forfattar. Det er nesten så det manglar noko den dagen eg ikkje skriv. «Ingen dag utan ei linje», som det er blitt sagt. Eg jobbar søndag ettermiddagar fordi eg ikkje vil sleppe tak i det eg held på med. Ikkje alle søndagar, men nesten alle. Når du blir 75 år, får du også dårlegare tid, seier han.
Salmane har gjort forfattarskapet mitt rikare
— Edvard Hoem
– Nåden er at vi er Guds barn
Han lever godt med akkurat dette brotet. Så er då også den kristne nåden ein grunnleggande faktor i trua hans. Noko har han moglegvis med seg frå indremisjonsfaren, som han meiner stod nært eit metodistisk standpunkt.
– Frelsarverket er allereie utført. Det er vel der eg står sjølv, sånn omtrent. Eg seier ikkje at det ikkje er noko som heiter dom, men eg trur dommen rammar dei urettferdige, og ikkje det småsnusket vi driv med kvar enkelt av oss. Eg vil ikkje gi meg ut for å vere teolog, for eg er forfattar. Men i min kristendom er det nåden som dominerer.
– Kva legg du i nåden?
– Nåden er at vi er Guds barn, og at vi står i hans omsorg og varetekt. Men når vi først er her i denne verda, er det vi sjølve som styrer vegen. Det er ikkje sånn at Gud grip inn i kvart enkelt tilfelle og i detaljane i livet vårt. Dei må vi halde styr på sjølve.
Nåden er at vi er Guds barn, og at vi står i hans omsorg og varetekt.
— Edvard Hoem
Framhald eller ny start?
Kristne tematikkar tvinnar seg stadig inn i Hoems bøker, slik dei også gjer det i den nye romanen Ung mann vil ut. Dette er den første boka han gir ut etter ferdigstillinga av den store slektssagaen som er trykt i over 500.000 eksemplar og som slutta med romanen Husjomfru i fjor.
– Tenker du på den nye boka som ein slags appendiks til slektssagaen? Eller er det ei fortsetting?
– Eg tenker at eg forsøksvis begynner i ein ny ende, men du kan også lese romanen som eit appendiks. Også her nærmar eg meg huset der alle slektningane mine har trødd det same golvet. Men eg er ikkje sikker på om eg skal skrive vidare på mi eiga livshistorie, sjølv om forlaget håper det. Korleis eg skal handtere perioden der eg var medlem av AKP(m-l), har eg ikkje klart for meg. Det tok lang tid berre å skrive denne boka, eg har sikkert prøvd i tjue år.
– Kvifor tok det så lang tid?
– Eg var for kategorisk, blant anna i omtalen av det kristne skulelaget. Det var ikkje noko i vegen med menneska der, og det var ikkje verre i Laget enn andre stader. Eg kjente at det var trongt i dette miljøet, men i tillegg var det noko anna.
– Du ville kanskje ønskt deg ut uansett?
– Det var akkurat sånn det var. Eg ville prøve ut alle retningar.
Viktig for å avklare eigen veg
Ut frå ungdomsmiljøet i Molde, der også diktaren Knut Ødegård spelar ei sentral rolle – omtalt i Hoems bok som Frenden – kom forfattaren som tjue år gammal debuterte med diktsamlinga Som grønne musikantar i 1969.
– Eg bestemte meg for å bli forfattar det siste året på gymnaset, seier Hoem, som kan tidfeste avgjerda eksakt. – Det var då eg såg Jan Troells film over Eyvind Johnsons roman Her har du ditt liv.
For Hoem er Ung mann vil ut ei viktig bok for å få avklart sin eigen prosess mot det å bli forfattar. Han har sidan debuten skrive så mange bøker at han sjølv ikkje kan svare på kor mange det er. Og han har ingen planar om å gi seg, sjølv om han merkar at tida tikkar stadig fortare.
– Som forfattar lever ein ofte i eit spenn mellom ønsket om fellesskap og ønsket om ro og einsemd. Hadde du det spennet i deg frå starten av?
– Det trur eg. Eg har levd eit liv som ein sosial person og vore mykje ute med kollegaer. I ungdomstida var eg veldig mykje ute på kafé. Men eg har også hatt behov for å vere aleine. Definitivt. Det er 40 år sidan eg begynte å ha eit kontor utanfor heimen. No er det jo her eg lever livet mitt, seier Hoem og ser rundt seg.
Ber til Gud
Heilt sant er det nok ikkje. Blant anna skal han snart ut på juleturné saman med artistdottera Ine, noko han synest er eit flott samarbeid. Men han sit ikkje oppe etter konsertane. Då går han og legg seg, for å roe ned.
– Apropos stilletid skriv du i den nye romanen din at du snakkar med Gud fleire gonger dagleg?
– Ja, det gjer eg. Om det er i bøn eller om det er ein tanke, veit eg ikkje riktig. Eg veit ikkje kva eg skal kalle det for ...
– Ber du?
– Ja. Det gjer eg. Men eg merkar at eg blir litt sjenert på det der. At eg ikkje vil blande det inn i forfattarskapet mitt.
– Men du skriv om det. Det er eit spenn der også?
– Det er absolutt eit spenn der. Livet oppstår i sånne spenn.
Hoem trur det finst ei «himmelsk omsorg» der ein kan legge av seg bekymringane sine, men synest det er godt at det ikkje er han sjølv som skal halde verda oppe med skuldrane sine. Det viktigaste i den kristne trua meiner han er kjensla av å høyre til.
– Det sentrale er tilslutninga til noko som er større enn oss sjølve. Ein kollega sa ein gong at «eg vil ikkje vere Gud i mitt eige liv». Det er noko med det, seier Edvard Hoem.
---
Edvard Hoem
- Norsk forfattar og salmediktar
- Fødd i 1949
- Debuterte med diktsamlinga Som grønne musikantar i 1969. Har sidan gitt ut ei rekke bøker i fleire sjangrar. Har elleve salmar i salmeboka, pluss den nynorske omsettinga av «Nobody knows»
- Gjorde stor suksess med den biografiske romanen om foreldra, Mors og fars historie (2005), som handla om lekmannspredikanten som gifta seg med ei kvinne som hadde fått barn med ein tysk soldat
- Ga ut biografien om Bjørnstjerne Bjørnson i fire band frå 2009 til 2013
- Romanen Husjomfru (2023) avslutta i fjor den omfattande slektskrønika som opna med Slåttekar i himmelen (2014). Bøkene er trykte i over 500.000 eksemplar
- Aktuell med den sjølvbiografiske romanen Ung mann vil ut (Oktober)
---