Det går mot jul, og snart ligg Beate, Laila og Rutt ved sida av ribbe, pinnekjøtt og lutefisk på tallerkane i norske julemiddagar – potetsortane altså.
Kokt, stekt, fritert, bakt og gratinert – bruksområda til poteta er mange. Men kor mykje veit me eigentleg om denne knudrete, brune grønnsaken stappfull av stivelse? Då poteta kom til landet for rundt 300 år sidan, var folk flest skeptiske og trudde blant anna at den kunne gi sjukdom.
Historia om poteta i Norge er ei om overtalande prestar, svoltne nordmenn og eit land i endring.
Prestane som kunnskapsformidlarar
Mest truleg kom dei første potetene frå ulike ruter inn i landet – frå Sverige og gjennom skipsfart til Vestlandet og Sørlandet. Dei første potetene vart sett ut rundt 1730–1740 av nokre nysgjerrige bønder som ønskja å finne ut av kva vekstar som gav best avlingar. Men, for nordmenn flest var poteta ei ukjent vekst.

– Sjølv om det ikkje var dei som sette dei første potetene, fekk mange prestar ei sentral rolle i jobben med å spreie kunnskap om poteta, fortel Trond Gram til Vårt Land.
Gram er historikar, forfattar og informasjonssjef i LO, og han har nyleg gitt ut boka Potetlandet. I boka fortel han noregshistorie med utgangspunkt i poteta, og utforskar korleis den vesle knollen fekk ei så viktig symbolsk og kulturell rolle for landet vårt.
Han fortel at prestane si informasjonsformidling om poteta hang saman med fleire ting.
– Det eine er at presten ofte var den einaste i bygda som hadde utdanning, seier Gram.
Han minner om at Norge var eit bondesamfunn, der store delar av befolkninga budde på landet, og der garden var den viktigaste heimstaden og kjelde til inntekt. Folk levde av det dei kunne dyrke og hauste på garden.

– Landbruket i Norge hadde utvikla seg veldig lite i hundreåra før 1700, så då poteta kom, var dette den viktigaste nyvinninga i norsk landbruk. Prestane hadde ofte kunnskap og kompetanse utover det reint teologiske. Teologien var openbert drivkrafta i deira virke, men dei såg også behovet for å spreie kunnskap om landbruket til sine sognebarn, fortel Gram.
Einsidig kosthald og hungersnaud
Men kva var det med poteta som gjorde at prestane såg på det som si oppgåve å få folk til å dyrke og ete ho?

Gram peikar på at kosthaldet i tida før 1800 var nokså einsidig. Det meste av dietten var kornbasert – som brød, lefse, lumpe, flatbrød og velling. I tillegg var det stundom litt kjøt og erter eller neper. Kornet var utsett for uår, og dermed vart landet råka av stadig tilbakevendande hungersnaud.
– Dette såg prestane, for presten var den som førte dåpsborna inn i kyrkjebøkene, men også den som «skreiv dei ut» då dei døydde.
Særleg i periodar med dårleg mat kunne det vere fleire som døydde enn som vart fødde. Dette var demografiske kriser som prega det norske samfunnet med jamne mellomrom, ifølgje historikaren.
– Prestane såg også at bøndene ikkje nødvendigvis dreiv effektivt jordbruk, og at dei ofte ikkje hadde vilja til å tileigne seg ny kunnskap som var nødvendig for å utvikle drifta, seier Gram.
Samtidig hadde prestane kunnskap om at poteta gav gode avlingar, og mange prestar tok derfor på seg oppdraget med å informere om den nye veksten. Det viste seg at poteta også tolte det norske klimaet godt.
Kunngjorde konkurransar frå preikestolen
Presten var for bygda ei tilknyting til omverda, og ein person alle i bygda forheldt seg til. Frå preikestolen spreidde presten Guds ord, men også andre bodskapar.

– Folk gjekk til gudsteneste kvar søndag, i alle fall svært jamleg. Det er ikkje sikkert det var så mange prestar som innlemma poteta i preikenane sine, men til ei viss grad det også. Det å møtast på kyrkjebakken var ein måte å få informasjon på, seier Gram.
På slutten av 1700-talet starta ein også noko ein kalla sogneselskap, som var ein arena for å spreie kunnskap, fortel han. Her utlyste ein gjerne konkurransar i bygging, dyrking og anna gardsarbeid – og desse konkurransane vart kunngjorde frå preikestolen.
Ein hatt full av poeter
Peder Harboe Hertzberg (1728-1802) var ein av dei fremste potetprestane i andre halvdel av 1700-talet. Han var son av to danskar og vart fødd i Davik, det som i dag er Bremanger. Hetzberg hadde frå barndommen av fått interesse for botanikk og legekunnskap, og denne interessa dyrka han vidare i studietida i København.

Seinare virka han som sokneprest i Finnås, i dag Bømlo, og det var også her han byrja studiet av poteta. Hertzberg fekk ein hatt full av poteter av soknepresten i Kinsarvik, står det i boka til Gram. I 1758 byrja sokneprest Hertzberg forsøk med å dyrke poteter i hagen sin, og kunnskapen han fekk frå dette, samla han i eit skrift om potetdyrking som var given ut i 1763. Dette var den første trykksaka om potet i Norge.
Hertzberg vart også kjent gjennom legepraksisen sin, og folk skal ha kome langvegs ifrå for å få hjelp hjå han. Han skal blant anna ha teke i bruk urtemedisin, elektrisitet og vatn frå prestegardskjelda på Finnås – ei særleg mineralhaldig vasskjelde – som han sjølv hadde oppdaga i 1778.
Potetskepsis og overtru
Gram trur rolla til prestane i innføringa av potetdyrking i Norge moglegvis har blitt sett på som viktigare enn det den var – me hadde hatt poteter uansett, konkluderer han. Likevel spelte prestane ei uvurderleg rolle i å snakke opp poteta, for grønnsaken vart møtt med mykje skepsis i byrjinga.
Han fortel at soknepresten Hertzberg var ein av dei som prøvde så godt han kunne å snakke fram poteta i bygda – utan stort hell.
– Poteta vart verande ein raritet. Det var først då Hertzberg selde poteter til tyske soldatar i Bergen at han byrja å få litt avsetning på det, for tyskarane kjente poteta frå før.

Kva gjekk så denne skepsisen til poteta ut på? Gram seier at den var naturleg av fleire grunnar – det eine handla om kva bøndene var vane med. I motsetning til kornet, hadde bøndene rett og slett ikkje nok kunnskap om poteta, og visste ikkje korleis dei skulle lagre, eller kva dei kunne lage av ho.
Ein annan grunn til potetskepsis, var overtru. For på 1700-talet var overtru framleis utbreidd, noko dei opplyste prestane aktivt prøvde å overvinne.
– Poteta var ikkje omtalt i Bibelen, i motsetning til kornet, og derfor såg folk på ho med ein viss skepsis. Dessutan vaks ho i jorda – som var nærare djevelen, fortel Gram.
Anna overtru handla om det medisinske – nokre trudde at poteta kunne skade blodet, at ein vart dum eller spedalsk av å ete potet, ifølgje Gram.
Det skulle ta rundt hundre år før skepsisen var overvunne og poteta var vanleg i Norge.
---
Potetdyrking i Norge:
- Poteta om til Norge i åra før 1750, men det tok ei tid før den vart utbreidd.
- Prestar spelte ei viktig rolle i kunnskapsformidling om potetdyrking, derav namnet «potetprestar»
- Mange nordmenn var skeptiske til poteta, og trudde ho var ein slags djevelsk grønsak.
- Poteta spelte ei avgjerande rolle i å overvinne hungersnød, blant anna fordi den var billig og næringsrik. Etter poteta for alvor hadde etablert seg i landet rundt 1814, vart det slutt på dei tilbakevendande hungersnaudene.
Kjelde: SNL og Potetlandet
---