Det har vore litt av eit år for Elisabeth Thorsen. Samtidig som ho er prest med ansvar for arbeidet til Tøyen kyrkje, har ho også gitt ut boka Alle andre dager skal vi leve. Samtaler om døden. på Gyldendal forlag. Attpåtil er ho no nominert til Petter Dass-prisen.
Thorsen seier ho vart rørt da ho fekk vite om nominasjonen.
– Eg følte eg vart møtt på noko som eg ønskjer å gjere og som eg synes er viktig.
For Thorsen handlar dette både om kven Petter Dass var, og at ho identifiserer seg med den kristendommen Dass stod for.
– Når eg har skrive og halde preiker, har eg alltid prøvd å vende meg til alle, seier ho.
Ansvaret til prestane
– I nominasjonsteksten står det om kor viktig det er at prestar også er samfunnsaktørar. Kva tenkjer du om det?
– Prester skal vere tenarar for dei beste verdiane i eit samfunn. Vi er ansvarlege for å halde folk og samfunnet saman, heller enn å splitte.
Thorsen legg vekt på at vi berre har ei verd, og vi menneske høyrer saman. Og likevel blir fellesskapet brote opp. Da trekk ho fram Jesus.
– Når han ber oss om å dele brødet, ber han oss eigentleg om å føye saman igjen det som høyrer saman. Det å vere prest handlar også om dette, om å vere verksam i samfunnet.
Viktig dialog
Som nominert til Petter Dass-prisen, fekk Thorsen også ros for å opne rommet for dialog. Når vi snakkar med ho, legg ho vekt på kor viktig dialog er i ei tid med polarisering og fiendebilde.
Men Thorsen peiker også på at det finnes ei uvilje hos oss alle til å gå djupt i seg sjølv og å vere personleg.
– Dialog handlar om å møte den andre, men også om å bruke seg sjølv. Da må vi våge å sleppe maska og by på noko av oss sjølv.
---
Juryens begrunnelse
Elisabeth Thorsen har i en årrekke vært et eksempel på at prester både er viktige og naturlige samfunnsaktører. Både da hun var ledende domkirkeprest i Oslo domkirke, og nå, i rollen som prest med ansvar for Tøyenkirkens arbeid, har hun vært en aktiv og synlig deltaker i det offentlige ordskiftet.
Thorsen er også forfatter, og har utmerket seg ved å skrive bøker om levd liv i møte med eksistensiell tematikk. I år er hun aktuell med boken Alle andre dager skal vi leve. Samtaler om døden. Der forteller hun både om sine egne private erfaringer med å miste, men også om sitt arbeid som sjelesørger for andre.
– Folk som oppsøker prester med vanskelige ting, opplever ofte at de er alene med det de sliter med. Vi lever i et samfunn hvor det er skapt et stort skille mellom hjelper og den som trenger hjelp. Dette skillet vil jeg forsøke å rokke ved, sier Thorsen.
Som prest og forfatter åpner Elisabeth Thorsen opp et rom for samtale og undring om tro og eksistens, på en måte som moderne mennesker fra ulike samfunnslag kan kjenne seg igjen i og ta del i. Derfor har Vårt Land nominert Elisabeth Thorsen til Petter Dass-prisen 2024.
---
Må vere bevisst rolla si
I eit intervju med Vårt Land i tidlegare i år snakka Thorsen om det å vere prest. Da nemnde ho at det er skapt eit skille mellom hjelpar og dei som trenger hjelp. Vi nemner dette for ho no, og spør om prestane i dag står for langt unna vanlege folk.
– Eg opplev at kristendom handlar om at Gud vart menneske, og som prestar skal vi fortelle dette evangeliet. Vi skal vise kva det betyr å vere menneske.
Prestar har ei viktig oppgåve i å vise menneska ansikt dei kan kjenne seg igjen i
— Elisabeth Thorsen
Men ho trekk fram at presterolla også har vore brukt til å distansere seg frå folk og til å skaffe seg privilegier.
– Eg trur prestar i vår tid må vere veldig bevisste på at vi ikkje skal bruke presterolla til å gå vekk frå menneska, men til å gå inn det som er menneskeleg.
Thorsen trekk fram eit møte med ein kyrkjegjengar som fortalte at det var vanskeleg å gå i kyrkja, for det var ingen ansikt å kjenne seg igjen i der.
– Prestar har ei viktig oppgåve i å vise menneska ansikt dei kan kjenne seg igjen i, seier ho.
Den frimodige Dass
Det er tydeleg at Elisabeth Thorsen kjenner godt til Petter Dass, og da vi spør ho kva for forhold ho har til den nordnorske diktarpresten, fortel ho om tida si som prest i Oslo Domkyrkje.
– Der vart eg veldig glad i korleis musikken kan samle oss.
Ho minnes da ho tok med seg med dattera på fem år på ein konsert,
– Ho sat og såg på dirigenten heile tida, før ho sa: «Du mamma, når ein skal ha èin slik jobb som han har, kan ein ikkje vere flau!»
– På en måte synes eg det oppsummerer korleis eg har det med Dass og hans poesi. Han er så frimodig og let seg ikkje stoppe av dei som ville gjere bodskapen trang.