Kultur

66 studentar tatt for KI-fusk: - Det er store mørketal

FUSK: I fjor var det berre tre som vart tatt i å bruke kunstig intelligens for å fuske. I år er dette talet mykje høgare.

Tal innhenta av Khrono viser at 66 studentar frå 17 statlege universitet vart felt for fusk med KI i perioden 1. august 2023 til 29. juli i år. I fjor var talet berre tre. Vårt Land har tatt kontakt med MF vitskapeleg høgskole og dei kan fortelje at dei også har eit tilfelle med fusk ved bruk av KI.

Professor hos MF Vitenskapelig Høyskole, Atle Ottesen Søvik, seier det har blitt meir utfordrande å oppdage fusk når studentar nyttar KI.

– I enkelte tilfelle er det tydeleg at studenten ikkje har skrive teksten sjølv. Det kan likevel vere vanskeleg å bevise at KI er blitt brukt. Plagiat frå internett er enklare å bevise, seier han.

Vi treng ny eksamensform

Khrono skriv at universiteta oppgir at dei har behandla 86 saker der det var mistanke om fusk ved ChatGPT. Av desse vart 56 utestengd frå studiene.

Ei av hovudutfordringane Søvik trekker fram, er at KI-generert tekst ofte er unik. Derfor er det vanskelegare å spore tilbake til ein kjelde, i motsetning til tradisjonell plagiat der ein kan finne avsnitt som er kopiert frå publiserte kjelder. Han forklarer vidare at det er fleire indikatorar som kan tyde på bruk av KI:

– For eksempel dersom det er veldig tydeleg forskjell i bruk av ord og formuleringar i innleiinga og i resten av teksten. Eller så kan det vere kjelder som ikkje finst, eller det kan vere påstandar som er heilt feil.

---

Felt for KI-fusk det siste året

  • Nord universitet: 1
  • NMBU: 1
  • NTNU: 10
  • OsloMet: 3 (manglar tal for hausten 2023)
  • Universitetet i Agder: 11
  • Universitetet i Bergen: 3
  • Universitetet i Oslo: 11
  • Universitetet i Stavanger: 0
  • Universitetet i Sørøst-Norge: 13
  • Høgskolen i Innlandet: 2 (manglar tal for 2023)
  • Høgskulen i Volda: 2
  • Høgskolen i Østfold: 7
  • Høgskulen på Vestlandet: 0
  • Høgskolen i Molde: 2
  • Noregs idrettshøgskole: 0
  • Noregs handelshøgskole: 0
  • MF Vitenskapelig Høyskole: 1

Kjelde: Khrono

---

Søvik understrekar at det å konfrontere studenten og vurdere studentens evne til å forklare innhaldet munnleg kan vere ein effektiv måte å avdekkje fusk på.

Eksamensforma må endres

—  Professor Atle Ottesen Søvik

Men han legger også til at den aukande bruken av KI har gjort det nødvendig å revurdere eksamensformer.

– Eksamensforma må endres. Dette kan endres med å ha fleire munnlege eksamenar eller eksamenar på penn og papir. Ein annan idé er at studentane skriv oppgåve i løpet av heile semesteret, slik at vi ser meir av skrivestilen til studentane. Da kan vi kan sjå mykje tydelegare dersom dei brukar KI.

Tap av kritisk tenking

Ein annan konsekvens av økt KI-bruk blant studentar, som Søvik trekker fram, er den potensielle svekkinga av kritisk tenking.

– Vi vil at menneske skal lære kritisk tenking. Det er overordna for alle utdanningar, seier Søvik, og held fram med å uttrykkje bekymring for at studentar i aukande grad stoler på KI framfor pensum.

Han meiner KI kan ta frå studentane verdifulle læringsprosessar, og at det kan føre til at dei lurer seg sjølve på lang sikt. Den lettvinte tilgangen på informasjon kan redusere evna til å evaluere og forstå kjelder kritisk, noko som igjen kan føre til ein overflatisk forståing av komplekse emne.

Store mørketal

Når det gjeld framtida for KI i utdanningssystemet, har professoren blanda følelsar.

- Det går litt begge vegar. Eg ser potensialet for at KI kan hjelpe studentar til å bli meir kritiske i møte med informasjon, men også at det kan føre til ein økt risiko for feilinformasjon og overflatisk kunnskap.

Han understreker kor viktig det er å finne balansen mellom å utnytte KI som et verktøy og å sikre at studentane framleis utviklar essensielle ferdigheiter som kritisk tenking og kjeldekritikk.

– Trur du det er mykje mørketal i talet på studentar som fuskar med hjelp av KI?

– Når ChatGPT kom, så vart det nesten ikkje meire plagiat. Eg trur ikkje dette skjedde fordi alle er blitt mykje meir etiske. Så ja, eg trur det er store mørketal som vi ikkje ser, svarar Søvik.

---

Retningslinjer for KI i bachelor- og masteroppgåver hos NTNU

Det er tillaten å bruke KI som hjelpemiddel ved utarbeidelse av bachelor- og masteroppgåver. Dersom du bruker KI-verktøy, skal du vise til verktøyet du har brukt i oppgåva. Dette refereres til både i referanselista og i sjølve teksten.

Riktig bruk av KI-verktøy vil som hovudprinsipp vere å nytte KI-verktøyet som eit hjelpemiddel, men der besvarelsen utarbeides av studentane sjølv og der kjelder oppgis.

Bachelor- og masteroppgåver er skriftlege og sjølvstendige oppgåver. Alle oppgåver blir vurdert på same vurderingskriterium. Dette uavhengig av om man bruker KI-verktøy som hjelpemiddel eller ikkje.

Språkmodellar som ChatGPT er ikkje kjelder til fakta, og kan ikkje siterens for faktaopplysningar. Bruk originale kjelder.

Kjelde: NTNU

---


Nils Jakob Bakke Nydal

Nils Jakob Bakke Nydal

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Kultur