Kultur

Boligkrise for studentar. Kristne brukar eigne nettverk

STUDENTBOLIG: Det er mangel på nesten 14.000 studentboligar i Norge. Kristne finn boligar lettare enn andre ved bruk av andre plattformar.

Nokre kristne studentar har funne andre løysingar på å finne stad å bu.

På eigne facebookgrupper og nettstader legg kristne studentar ut eigne annonsar, enten der dei søkjer etter plass å bu med andre kristne studentar, eller at dei søkjer ein kristen student om kan flytte inn i bufellesskapet.

Starta allereie i mars

Venninnene Lea og Hermine brukte ein eigen facebookgruppe for studentar i Filadelfia kyrkja for å finne tredjemann til kollektivet deira.

– For oss var det viktig å finne nokon med same verdiar, slik at fellesskapet blir bra, seier jentene.

Jentene er 21 år og begge er studentar. Sidan vinter har dei planlagt å flytte inn i lag.

– Facebookgruppa FilaBolig fant vi ut at var ein god måte å få kontakt med andre kristne studentar på leit etter bustad. No har vi prata med fleire forskjellige og har snart gjort ei avgjerd på kven som skal flytte inn med oss, fortel Hermine.

FilaBolig er ein facebookgruppe av Filadelfiakyrkja der ein kan nå ut til andre kristne studentar i meinigheita som søkjer bustad eller leigetakar i Oslo-området.

For jentene var det enklare å skulle bruke facebookgruppa i staden for Finn. Dei fortel at sidan dei la ut annonse har dei fått mange meldingar frå interesserte som passar til fellesskapen som Lea og Hermine vil ha

Lea skal starte på sjukepleiestudie medan Hermine skal starte på andre året i studiet Psykologisk Helsearbeid.

– Leitinga etter plass å bu starta allereie i mars, men vi fekk ikkje noko hell med det første. Det var først gjennom eigne kontaktar at vi fann plass å bu, seier Lea.

– Vi håper og trur vi har funnet riktige til å flytte inn i lag med oss, seier dei

Lange ventelister

Det er lange køar og vanskeleg å finne seg plass å bu i Oslo. Studentsamskipnaden SiO i Oslo har 7521 på venteliste til bustad. Sjølv om det no er fleire bustader for studentar, så seier NSO leiaren at det ikkje er nok.

NSO har eit mål om at 20 prosent av studentane skal kunne bu i studentbustad, men i 2024 ligg dekningsgraden på 14,94 prosent.

For studentar er det også vanskeleg å finne plass å bu privat, som følgje av det store trykket. Fleire spør utleigar om å betale meir i leige for å få rom, eller skriv under kontrakt utan å sjå bustaden.

Hermine fortel at dei kjenner til fleire grupper eller nettstader for kristne som søkjer bustad i nesten kvar av dei store studentbyane i Norge.

Andre plattformer der studentar finn plass å bu er på Storsalen Meinigheit si nettside, IMI-kyrkja sin Facebook gruppe eller andre mindre Facebook-grupper for kristne studentar.

Jentene fortel at dersom dei ikkje hadde fått noko svar ville dei brukt ikkje-kristne plattformer, men sidan dei fort fekk meldingar frå interesserte, så gjorde dei ikkje det.

Hermine og Lea ser fram til å bu ilag til hausten og seier:

– Det blir koseleg å dele kvardagen saman og vere ilag mykje meir. Det blitt eit sosialt og hyggeleg kollektiv.

Nils Jakob Bakke Nydal

Nils Jakob Bakke Nydal

Mer fra: Kultur