Kultur

Vil blåse liv i kristencountry med limousin og godt humør

MUSIKK: Hovudscena til Bedehusmann har vore bedehus. No skal bandet på Skjærgårds-festivalen for første gong.

Blå jeans, gule og blå flanellskjorter og ein mørk limousin er det som kjenneteiknar countrygruppa Bedehusmann frå Vennesla.

– Bandet er ein kompisgjeng som elskar Jesus og country, seier vokalisten og banjospelaren Mats Hansen.

Instrumenta dei bruker er typisk for country eller bluegrass: banjo, lapsteel-gitar og mandolin. Trekkspel er ikkje så typisk sjangeren, men det har dei tatt med frå bedehuskulturen.

Gruppa, som består av sju gutar, fortel at namnet deira er inspirert av uttrykket «bedehusland».

– Vi er menn i bedehusland, og med dårleg grammatikk blir vi Bedehusmann, seier Hansen, og legg til:

– Det er god stemning når vi speler, vi likar å vere livlege og ikkje alltid så høgtidelege.

Mus i limousinen

I Noreg finn ein ikkje så mykje kristencountry. Bedehusmann, derimot, ynskjer å blåse liv i sjangeren.

– I Vennesla har vi Guttane, og Justify. Inspirasjon kjem også frå amerikanske artistar som Johnny Cash. Country har alltid vore viktig for oss.

For to år sidan spelte bandet saman for første gong. Det var behov for eit band som kunne spele salmar og andre kjende songar på ein ungdomsfestival. Hansen fortel at etter denne framføringa, var Bedehusmann danna.

Limoen gjer oss audmjuke, samtidig som vi viser klasse

Flanellskjorte og spesielle instrument er ikkje det einaste som kjenneteiknar gruppa. Når dei kjem til framsyningar, møter dei opp i eigen limousin. Det var bandmedlem Håkon Hageland som såg bilen først.

Bandbil tenkte vi hadde vore kjekt å ha. Når Håkon såg bilen dukka opp på Facebook, tenkte vi at den hadde vore litt humor å kjøpe.

Limousinen var ikkje i god stand når dei fekk han, men gutane er glad i mekking av bil.

– Noko av arbeidet var å fjerne både levande og daude mus. Med unntak av gnagarar, var det eit artig prosjekt for oss å pusse opp, fortel dei.

Bedehusmann

Sjølv når bandet har speleoppdrag på basar, kjem dei i limousinen.

– Med limousinen får vi mykje latter og smil, samtidig som fleire synest han er kul.

– Limoen gjer oss audmjuke, samtidig som vi viser klasse, fortel dei.

Johnny Cash og Justin Bieber

For første gong skal gruppa på Skjærgårds Music & Mission Festival på Risøya i sommar.

På bedehuskonsertar spelar vi som regel for eit variert publikum i forskjellig aldrar, men spesielt eldre. Publikumet på Skjærgårds er nok meir yngre, noko som betyr litt meir moro på scena, seier Hansen.

Bandet er ein kompisgjeng som elskar Jesus og country

—  Mats Hansen, vokalist

Sommaren for gruppa blir roleg, med unntak av innspeling av to låtar og eit bryllaup. Bassisten Olaf Mosby skal gifte seg i sommar, og på festen skal bandet sjølvsagt spele.

– Kven er publikumet dykkar?

Sjølv om vi spelar på bedehus, møter vi også mykje ungdom. Rykte om bandet spreier seg blant yngre, så det er kjekt å sjå at dei kjem til konsertane.

Bedehusmann

På konsertane til flanellskjorte-gjengen får ein høyre salmar og kjende cover-låtar. No prøver dei seg også med sjølvskrivne låtar.

Det går i Johnny Cash, Guttane, til og med Justin Bieber. Men vi har mål om å spele meir eigne låtar, og vi har allereie komme ut med ein låt, med to til på veg.

Blå – singel, gul – opptatt

– Kvifor har de flanellskjorte og blå jeans?

– På våre første framsyningar brukte vi dress, men det orka vi ikkje meir. Heime hadde eg mange flanellskjorter, dermed vart det vårt antrekk, fortel Hansen.

Skjortene kjøpte dei på Dressmann, men når det kom inn nye bandmedlem, var det ikkje fleire gule flanellskjorter. Dermed måtte dei kjøpe nokre blå.

– No brukar vi fargane til å vise kven som er singel og ikkje. Gul betyr opptatt, medan blå betyr singel, seier dei og ler.

Bedehusmann

Ambisjonane til gruppa er stor. Til hausten skal dei delta på konkurransen Norske Talenter, og har ynskje om å få spelt inn eit album.

– Draumen vår er også å ein gong få spele i USA, fortel Hansen.

– Bandet skapar godt samhald. Sjølv om vi kjende kvarandre frå før, har vi blitt endå betre vener. Trua blir styrkja gjennom at vi deltar i kristne forsamlingar. Vi likar moro og god stemning, men det er også viktig at vi får fram dei seriøse bodskapa i det vi spelar, avsluttar han.

Nils Jakob Bakke Nydal

Nils Jakob Bakke Nydal

Mer fra: Kultur