Kultur

Serverer hardrock på barnefestival

MUSIKK: I sommar spelar det norske hardrockbandet Kvelertak på musikkfestivalen Miniøya, som er for barn opp til 16 år. – Vi prøver å strekke i omgrepet «barnekultur», seier kunstnarisk leiar Laila Egeberg.

Med låtar som «Krøterveg te Helvete», «Fedrekult» og «Likvoke» på repertoaret kjem det norske metal-bandet Kvelertak til Tøyenparken i Oslo i juni for å spele for barn. Kvelertak, som er eit av dei fremste norske rockebanda og er kjente både i Noreg og internasjonalt, gjer med dette sin einaste sommarkonsert i den norske hovudstaden.

Kunstnarisk leiar Laila Egeberg i Miniøya er godt nøgd med bookinga, som ho meiner er i samsvar med den overordna visjonen til festivalen.

– Vi ønsker å skape opplevingar som overraskar og engasjerer, og prøver å strekke i omgrepa «barnekultur» og «barnemusikk». Barn har ei mykje større breidde og er klar for eit større repertoar enn dei får i andre kanalar der ein høyrer på og oppdagar ny musikk, seier Egeberg.

Vi ønsker å skape opplevingar som overraskar og engasjerer

—  Laila Egeberg, kunstnarisk leiar i Miniøya

Har god erfaring med trøkk

Barnefestivalen har også tidlegare overraska med bookingar som ikkje tradisjonelt rettar seg mot barn, som rockebandet The Dogs med Kristopher Schau som frontfigur, og jazzrockbandet Hedvig Mollestad Trio. Kvelertak omtalar ho som «neste steg».

­– Vi trur publikummet vårt er klare for Kvelertaks fengande og melodiøse rock, seier Egeberg.

– Du er ikkje redd for at delar av repertoaret kan bli for hardt for barna?

– Overordna sett: Nei. Og så veit vi jo at foreldra stort sett er med, og dei kjenner barna sine og veit kvar dei eventuelle grensene går. Vi har god erfaring med at det funkar med litt trøkk.

Festivalen er på den andre sida opptatt av at lyden ikkje skal bli for høg for barna og har gode lydteknikarar som jobbar med dette. Miniøya tek lydnivået inn som eit moment når dei inngår kontraktar med dei ulike banda dei bookar.

– Ein treng ikkje å sprenge desibelskalaen for at musikken skal vere bra, meiner Egeberg.

Har vurdert tøffe tekstar mot kunstnarisk kvalitet

Vårt Land har i lengre tid prøvd å få intervju med Kvelertak om konserten dei skal spele på Miniøya. Dette er spørsmåla vi har ønskt å få svar på:

  • Kvifor ville de spele på Miniøya som den einaste Oslo-konserten de gjer i sommar?
  • Kva erfaringar har de frå før med å spele for barn?
  • Somme av tekstane dykkar er nokså hardkokte, som i «Krøterveg te helvete»: «Hill Odin! Hill Satan! / Blodspill øve Bjørgvin i kveld / La mjødet få flyda / Rogaland ska brenna igjen » I kva grad synest de at tekstane dykkar eignar seg godt for barn?
  • Kjem de til å velje bort enkelte låtar med tanke på barnepublikummet eller får barna på Miniøya full Kvelertak-pakke?

Kvelertak har ikkje svart på spørsmåla, sjølv om dei har hatt god anledning til å gjere dette.

– I kva grad synest du tekstane til Kvelertak eignar seg godt for barn, Laila Egeberg?

– Kvelertak har eit rikt musikalsk og tekstleg univers. Nokre av tekstane egnar seg naturlegvis betre for eit vakse publikum, og følgjer tradisjonane i sjangeren som Kvelertak tilhøyrer. Dette har vi vurdert opp mot den kunstnariske kvaliteten til bandet, som vi meiner er skyhøg. Samtidig blir Miniøya opplevd av barn og vaksne i fellesskap. Dette opnar for samtalar, felles refleksjon og undring rundt tekstuniversa hos alle artistane våre.

FAMILIEVENLEG: Mange barnefamiliar finn vegen til Miniøya. Her er frå søndagsprogrammet på festivalen i fjor.

Barn er engasjerte og ærlege

Ifølgje den kunstnariske leiaren blei Kvelertak så trigga av forespørselen frå Miniøya at dei har lagt den einaste Oslo-konserten sin til barnefestivalen i år. I fjor var dei avslutningsbandet på festivalen Tons of Rock på Ekebergsletta.

– Vi jobbar heile vegen med at gjennomføringa frå vår side skal ha det same høge nivået som for vaksenkonsertar. Artistane skal merke at opplegget er ordentleg. Responsen frå publikum er også veldig god, og barna står ikkje og skravlar slik det av og til kan bli på vaksenkonsertar. Artistane synest det er hyggeleg å spele for eit så engasjert og ærleg publikum, seier Egeberg.

Laila Egeberg, kunstnarisk leiar ved Miniøya

Vil vise fram det musikalske universet

På Miniøya i sommar står Oslo i sentrum, ettersom den norske hovudstaden feirar jubileum etter bybrannen for 400 år sidan og namnebytet for 100 år sidan – Christiania fekk tilbake det gamle namnet Oslo i 1924. Artisten Thea Glenton Raknes skal til dømes tolke Lillebjørn Nilsen-låtar. Av andre band og artistar på programmet kan nemnast Sløtface, Rasmus og Verdens Beste Band, Ingrid Jasmin og Christine Sandtorv og Stjernetellerbandet.

– Vi femner veldig breitt, og det er også det vi jobbar for. Det handlar om å vise fram heile det musikalske universet, så barna kan begynne å gå opp sin eigen veg. Barn er forskjellige, og opne for mange ulike sjangrar, seier Egeberg.

– Om musikken kjem i form av jazz, folkemusikk eller metal, så er han alltid ei overføring av glede.

---

Miniøya

  • Noregs største musikk- og kulturfestival for barn
  • Festivalen i Tøyenparken i Oslo går føre seg 8. – 9. juni 2024
  • Festivalprogrammet består av musikk, teater, litteratur, disko, dans og aktivitetar
  • Hovudmålgruppa er barn frå 0-12 år med familie. Den øvre aldersgrensa er 16 år. Om du er eldre, må du vere i følgje med eit barn
  • Toppnamnet på festivalen er det norske hardrockbandet Kvelertak

---

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Mer fra: Kultur