Kultur

Trekkjer seg tilbake etter 60 år som musikar

SONGAR: Gunstein Draugedalen er takksam for over 60 år som songar, der han har tolka songar frå bedehustradisjonen. Men no seier kroppen stopp.

– Eg har opplevd meg som ein forkynnar i songen, sjølv om eg også har sunge andre ting.

Det seier Gunstein Draugedalen. I 60 år har han drive med song, men på måndag publiserte han eitt innlegg på Facebook, der han gjer det klart at han no trekkjer inn årene som musikar.

Til Vårt Land seier han at han har førebudd seg på at denne dagen skulle koma.

– Eg har fått halde på i veldig lang tid. Eg byrja som 15-åring og har halde på heilt til no. Det synest eg eg må vera godt nøgd med.

Alt har si tid

Publisert av Gunstein Draugedalen Mandag 22. april 2024

Draugedalen er kanskje mest kjent for sine tolkingar av songar frå bedehustradisjonen. Han har også tonesett ei rekkje dikt, mellom anna av Knut Hamsun. EIn kan finne fleire av Draugedalen sine melodiar i salmeboka.

I 2007 blei albumet «Blott en dag», som Draugedalen gav ut saman med den svenske pianisten Lennart Jernestrand, kåra til årets beste i sjangeren «Norsk lovsong/kristen song» i Vårt Land.

---

Gunstein Draugedalen

  • Songar og komponist frå Kviteseid i ­Telemark, som har gjeve ut ei rekkje plater.
  • «Doggdropen» og «Tett ved sida mi går Jesus» er dei mest kjente songane hans.
  • Er utdanna ved Musikkonservatoriet i Oslo og ved Ansgar bibelskole i Oslo.
  • Har mellom anna sett musikk til fleire av dikta til Knut Hamsun på albumet «Om hundrede år er alting glemt».

---

Difor gjev han seg no

Grunnen til at det er akkurat no han har tatt avgjersla om å trekkje seg tilbake som songar er av medisinsk art. Ein lege slo fast at han har problem med stemmebanda.

– Det kan nok skuldast både alder og slitasje. For dei har fått gjennomgå. Viss eg skulle halde fram no ville det vore mot naturen, og det gidd eg ikkje. Det blir meiningslaust, meiner Draugedalen.

Gunstein Draugedalen. Min Tro

Han er godt over vanleg pensjonsalder med sine 77 år. Men han er ikkje redd for å kjede seg framover. Til det har han for mange andre jern i elden.

Han har gjeve ut to diktbøker, og han vil halde fram med å skrive. Og han lagar mellom anna skulpturar.

– Kva sit du att med etter alle desse åra som musikar?

– Veldig mykje godt. Eg har møtt utruleg mykje fine folk. Takksame folk. Og eg har fått veldig mykje tilbake.

Også er det mange menneskemøte som har festa seg. Som då ein kar kom opp til han etter ein konsert på Sørlandet:

– «No førte du meg inn i ein dimensjon eg ikkje visste eksisterte», sa han til meg. Då skjønar ein at ein har nådd inn. Det er det som har vore viktig for meg, seier Draugedalen.


Les mer om mer disse temaene:

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset

Marit Mjølsneset er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Kultur